Sniktitt

Worshippers of Cthulhu

Til helvete med dei!

Det er meir moro å bygge ein by når du kan ofre kjipe innbyggjarar til den store tentakkelguden.

Av alle dei tinga eg har likt og kosa meg med gjennom livet er bybygging og Cthulhu to ord eg aldri hadde sett føre meg skulle kunne ytrast i same setning, men her er vi. Worshippers of Cthulhu er på veg, og det ser ut til å kunne bli eit ganske friskt innblikk i kor gale ting kunne ha vore.

Her får vi eit spel som blandar det bedagelege og koselege i å bygge opp ein by, med galskapen, mørkret og alle dei groteske sidene ved H.P. Lovecraft sine ikoniske horrorskribleri.

Det kan raskt bli ein kombinasjon skapt i helvete.

Cthulhu for president

Det er ikkje veldig komplisert det her. Worshippers of Cthulhu er teknisk sett eit ganske tradisjonelt bybyggespel der du over eit landområde bygd på toppen av eit for det meste usynleg rutenett skal plassere ned heimar, arbeidsstadar og diverse fasilitetar til ei stadig vaksande folkemengde.

Eit litt dystert, men elles ordinært bybyggespel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Først ut er vedhogst, derett kjem heimane, før ei matkjelde blir viktig, og etter kvart må vi ha ein stad dei sleske gudane våre kan spre sine giftige tankar til folket òg. Byen veks, folketalet veks, og snart har vi eit digert alter bygd opp der vi kan ofre materiale til gudane for å få litt tru og håp som kan brukast til å forske fram nye bygningar. Etter kvart ofrar vi like godt folk og, gjerne dei minst nyttige, og får nokre farlege beist tilbake som kan hjelpe oss med å ta over nye område.

Som sagt, enkelt, men du så annleis det likevel er. Mest av alt på grunn av den hesleg deilige stemninga. Frå høgtalarane kjem mørke tonar og ein dyster dur som eit tungt teppe over eit nesten like mørkt landskap. Portretta av dei forskjellige innbyggjarane vise magre, slitne folk med djupe, mørke ringar rundt auga, og atmosfæra er håplaus og grufull.

Det er annleis det her, veldig annleis.

Sit som støpt

Det aller viktigaste med spel som gjerne kan bli ganske komplekse etter kvart som tida går, blir fort at brukargrensesnittet sit som det skal, og akkurat her ser treff Worshippers of Cthulhu ut til å treffe blink. Alt er oversiktleg og logisk plassert, og det er til dømes veldig lett å fylle opp diverse produksjonsbygningar med folk. Om folk får jobbe med det dei likar, yter dei betre, og du kan lett gå inn på bygningane og byte ut og inn folk etter kvart som betre skikka folk skulle dukke opp.

På tide å ofre litt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Flyten er god, ting tek sjeldan lang tid, og sjølv om eg ikkje har fått spele mange timane, lovar det heile godt. Det store spørsmålet blir sjølvsagt korleis spelet vil handtere stadig større samfunn med mange ting som skjer samtidig, men eit lett tilgjengeleg panel viser alle bygningar og produksjonsnivå, noko som lovar godt.

Det som får dette spelet til å stikke seg ut er uansett tematikken. Dette er ikkje The Settlers, for å seie det slik. Oppdraga du får frå ein triveleg okkultist går for det meste ut på å ofre noko til gudane, og få meir og betre gunst. No og då kjem i tillegg små hendingar der du får tre val. Dei kan minne litt om Frostpunk, der du til dømes får val om kva du vil gjere når ei ung kvinne skal ofrast med kniv. Skal du stoppe det heile? Ta kniven i hende sjølv? Gje den til ho og få ho til å utføre udåden sjølv? Valet er ditt, og spelet ser ut til å by på nokre temmeleg (u)trivelege situasjonar.

Eg saknar derimot synlege konsekvensar. Enn så lenge ser det ikkje ut til at desse vala har meir å seie enn at du får nokre ressursar, om noko. Meir langvarige og merkbare konsekvensar for deg, den pill råtne sjela di, og folka som diverre har deg som herre hadde ikkje skada.

Konklusjon

Worshippers of Cthulhu gjer noko trygt og velprøvd på ein temmeleg spesiell måte. Fundamentet er eit tradisjonelt bybyggespel der du plantar bygningar, trekker opp vegar mellom dei, og prøvar å få så mange som mogleg til å bu der.

Ein del av spelet er å konvertere nye område, helst med makt.
Øystein Furevik/Gamer.no
Vis mer

Forskjellen er at rett borte i høgget der bur eit massivt tentakkelmonster som gjerne tek i mot eit og anna offer. I tillegg til å produsere mat, klede og tømmer, produserer du blod til seremoniar, og det å ofre dine innbyggjarar til gudane er den mest naturlege tingen i verda.

Midt i blinken altså. Om du likar å bygge byar, og har lest bøkene til H.P. Lovercraft, eller spelt Call of Cthulhu, er det absolutt verdt å ta ein kikk på demoversjonen som er tilgjengeleg via Steam akkurat no.

Worshippers of Cthulhu skal lanserast på Steam og Epic Games Store i løpet av året.

Ledige stillinger
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (1)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
magne.moe
7 måneder siden
Det er en demo av dette spillet på steam. Tar deg gjennom starten helt til du summoner en demon da slutter det

Siste fra forsiden