Anmeldelse

Warhammer 40,000 Space Marine II

Tiårets heftigaste testosteronbombe

Eit meir hardbarka eventyr har vi knapt sett sidan Gears of War blei introdusert.

Eg har nett tatt meg ein ferie i eit fascistisk grimdarkhelvete og eg kunne ikkje hatt eit større glis om kjeften. Ein merkar ikkje alltid at noko er borte før ein får smaken på det igjen, men du har kanskje merka at noko har endra seg dei siste åra. For nokre år tilbake var dei fleste byrja å bli lei enda eit spel med skalla romsoldatar, men no kan ting tyde på at folk er klare for ei ny dose. Space Marine II introduserer i alle fall utelukkande harde menn. Menn som er harde i språket, harde i moralen, harde i deira evne til å tole smerte der dei har kamera operert inn i hovudet, og ikkje minst harde i deire uknekkjelege lojalitet til keisaren.

Eg kjenner eg har sakna dette. Eit spel som berre er beint fram action. Legg frå deg tankane ved dørmatta, og drep fienden. Eit eventyr som går rett på sak, og utelukkande handlar om store, barske menn med nesten like store våpen. Kuler, sverd, blod og barske kommentarar som "om eg skulle falle i dag vil eg gje deg sår du vil hugse".

Det er så feitt at eg nesten hikstar av glede.

Pent å sjå på, det er det.
Øystein Furevik/Gamer.no

For keisaren!

Warhammer 40,000 er det unike universet som sidan 1987 har inspirert ein haug med andre univers. Som med mykje anna frå Games Workshop har mange kreative folke skamlaust stelt både det eine og det andre frå Warhammer 40,000, frå barske Space Marine-soldatar, til svermar av Tyranids. I universet møter vi digre, genetisk modifiserte supersoldatar i barske rustningar (hei Halo) som held keisaren, lojalitet og brorskap over alt anna.

Tenke sjølv? Kven bryr seg vel om det. Det er ikkje min jobb å tenke, eg har ordrar å følgje.

I ei bekmørk verd der romskipa ser ut som høgteknologiske gotiske katedralar, og brutale og harde mekaniske former møter hovudskallar og dryppande stearinlys, møter vi igjen soldaten Titus, hovudpersonen frå originale Space Marine frå 2011. Etter ei kort innleiing der vi får ei avklaring av kvar han er akkurat no, blir han sett inn som sjef for eit nytt lag. Han og hans nye brør får jobben med å rydde opp i særs mykje faenskap gjennom dei følgjande timane, og det skjer på omlag så brutalt vis som fantasien kan koke opp.

Som topptrena Space Marine har du eit robust arsenal. Du får med deg ein pistol, eit større skytevåpen, eit nærkampvåpen, samt nokre granatar. Med dette som arsenal hiv du deg inn i mengder med fiendar som svermar over deg frå alle kantar. Det er fantastisk orkestrert. Du sender av garde kuler og granatar mot fiendar heilt til dei er over deg og du riv tak i dei med motorsagsverd, plasmasverd eller kanskje til og med ein massiv hammar. Du bankar opp fienden, dukkar unna innkomande angrep, tek tak i nokon som byksar mot dei, sleng dei i bakken og trampar ut hjernemassen.

Keisarriket tolererer ikkje dissens
Øystein Furevik/Gamer.no

Angrep er beste forsvar

Det er umogleg å ikkje bli skada, men dette er eit spel der det er meininga du skal bite gjennom smerta, som Marcus Fenix så fint sa det ein gong. Står det riktig dårleg til kan du aktivere ein modus som lar deg få tilbake liv når du denger fienden, og om du bankar ein større fiende skikkeleg hardt, kan du avrette den i eit brutalt angrep som ikkje berre potensielt bokstavleg talt sagar fienden i to, men gjev deg skjold tilbake.

Å gå hardt til verks er ikkje berre ein god idè her, det er essensielt for å overleve.

Space Marine II er eit spel av den gode, gamle sorten. Det varer ikkje lenger enn det må, men byr på ei lineær, spanande og velfortalt historie som tek deg gjennom ei rekke imponerande område fulle av ustoppeleg action. Nivådesignet er for det meste glitrande, og dreg deg vidare ved å ofte la deg sjå kvar du er på veg, eller rettare sagt kva du er på veg mot. Eksplosjonar, overdådig gotisk arkitektur og hordar av fiendar er ofte det dramatiske bakteppet for valdsorgien.

Det er samstundes god variasjon i spelet. Du vil ta turen innom alt frå tjukke jungelsumper, til klaustrofobiske korridorar og store, opne område. Nokre av dei beste nivåa er der du får bruke jetmotor. Her får du vertikale nivå der du kan hoppe høgt opp i lufta og sikte deg inn på fiendar før du deisar ned i bakken og utslettar dei. Det er kaotisk, intenst, og vanvittig moro.

Det heftige lydbiletet underbygger alt dette på meisterleg vis. Ved sidan av ei dramatisk og effektiv musikk, får vi servert eit basstungt spel der ein praktisk talt kan kjenne tynga av våpen, soldatar og fiendar som dundrar over arenaen.

Det er ikkje lett å sjå alt med auga fulle av blod.
Øystein Furevik/Gamer.no

Til kamp, brør!

Space Marine II kan spelast gjennom aleine eller saman med andre. Dette er eit spel som sjølv om ein spelar aleine er bygd opp med tanke på at tre soldatar fungerar som ei eining, og det er ikkje udelt positivt.

Opptil fleire gongar har eg erfart problem med den kunstige intelligensen. Eg har erfart å ikkje kome vidare fordi laget mitt brått blei inaktivt og ikkje blei med til destinasjonen alle må møte opp på for å få gå vidare. Eventuelt har dei slutta å delta i kampen, noko som for det meste går greit, men om eg skulle bli slått i bakken i ein slik situasjon har eg ingen til å hjelpe meg opp.

Den utruleg kjipe fellesnemnaren for dei fleste feil eg har møtt på er at ein som regel må avslutte spelet for å få liv i ting. Eit stort problem er det ikkje når ein har rikeleg med kontrollpunkt, men irriterande er det likevel om sånne ting skjer medan ein er midt i sona.

Av modusar byr spelet på det ein kan forvente. Hovudattraksjonen er den herlege kampanjen, men ved sidan av den byr spelet på eit knippe tilleggsoppdrag i Operations. Samanalikna med dei lange oppdraga i kampanjen er desse ganske korte, men du får ta del i ting som skjer parallelt med kampanjen. Her får vi møte andre soldatar som let oss sjå hendingar i kampanjen frå ein annan vinkel.

Desse oppdraga er absolutt artige, men det er ikkje mange av dei, og ein går kjapt tom. Det er heller ikkje frykteleg spanande å spele dei om att når ein allereie har vore gjennom dei, sjølv om vi får nokre artige økter der vi må stå i mot bølgjer med fiendar. Fleire oppdrag skal vere på veg, og forhåpentlegvis byr dei på meir.

Det kriblar litt når ein ser fienden renne nedover fjellsida.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det som garantert er meint å halde live i spelet i tida framover er derimot Eternal War der seks spelarar møter seks spelarar til heftig kamp i modusar som Annihilation, Hold Ground og Capture and Control. Det er ikkje mykje nytt å spore akkurat her, men Space Marine-spela skil seg naturleg nok ein del frå andre fleirspelarspel grunna sitt fokus på nærkamp.

Både i Eternal War og i Operations får du velje mellom seks ulike klassar som alle spesialiserer seg innan eigne felt. Desse kan oppgraderast og pyntast på etter kvart som du stig i gradene, slik at du kan lage dine eigne krigsherrar, og sjølv om eg stort sett aldri bryr meg med slikt, er det litt ekstra stas med tanke på kor nesten komisk brutale desse krigarane blir. Det er ein stolt gjeng, desse romsoldatane, og det synest.

Konklusjon

For meg er Warhammer 40,000 Space Marine II eit av årets absolutte høgdepunkt. Det er eit fantastisk arenalinkick som nådelaust sender deg i nærkamp med fienden, og gjev deg alle dei verkty du treng for å gjere det med stil. Det er eit spel som er så macho at hovudpersonane blør reint testosteron, og eg nyt kvart sekund av det.

Utviklarane har gjort ein strålande jobb i å bringe dette universet til live. Warhammer 40,000 og fantasibrødrene Age of Sigmar og The Old World er godt etablerte univers fulle av historier og detaljert verdsbygging over mange tiår. Alle som trur dette berre er miniatyrspel bør ta ein grundig kikk på Space Marine II. Spelet treff ein flott balanse mellom å fortelje ei historia via filmsekvensar eller dialog medan du spelar, samt å vise deg via kampane du må gjennom nøyaktig kor komplekst, mørkt, og brutalt dette universet er.

Slikt blir det harde menn av, og om du har sakna litt harde menn etter at Kratos blei pappa og full av kjensler, er Space Marine II spelet for deg.

Warhammer 40,000 Space Marine II kjem i sal for PlayStation 5, Xbox Series (testa) og Windows 9. september.

8
/10
Warhammer 40,000: Space Marine II
Eit adrenalinkick av dei sjeldne.

Siste fra forsiden