Om stillinga
Norsk filminstitutt skal medverke til eit breitt utval av norske kvalitetsspel, og legge til rette for ein robust og berekraftig spelbransje som kan hevde seg i den internasjonale marknaden. Vi gir tilskot til utvikling, lansering og formidling av spel som kulturuttrykk. Vi bidrar også til arrangement og kompetansebygging i heile landet for å skape ein dataspelkultur som er tilgjengeleg, inkluderande og trygg for alle som vil ta del.
I NFI arbeider vi ut frå at måla våre blir nådd best gjennom samhandling på tvers og deling av erfaringar og kompetanse.
Stillinga er eit vikariat i 100 % stilling med oppstart seinast 01.09.2025 og fram til 19.06.2026. Stillinga er organisatorisk plassert i seksjon for Spill og MEDIA Desk, og har arbeidsstad i Oslo.
Kven er du?
Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, men som kan jobbe sjølvstendig og har evne til å ta sjølvstendige avgjerder. Du kan kommunisere godt, både skriftleg og munnleg, og har ei ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene.
Arbeidsoppgåver
Medverke i saksbehandlinga av tilskotsordningane til seksjonen gjennom å:
legge til rette for søknadsrundar/utlysingar
vurdere søknader
vurdere rapporteringar
informere om ordningane
tekstproduksjon til pressemeldingar/nettsider
Medverke i gjennomføring av prosjekta til seksjonen gjennom:
tekstproduksjon
oppfølging av framdrift
Krav til kompetanse
Relevant høgare utdanning minimum på bachelornivå, for eksempel innan dataspel, prosjektleiing, kulturformidling og/eller innovasjon. Realkompetanse innan dataspelfeltet kan erstatte krav til utdanning.
Gode skriftlege og munnlege formuleringsevner på norsk
Kunnskap om dataspel generelt
Det er òg ønskeleg at du har
erfaring frå spelbransjen
erfaring med prosess- og/eller prosjektleiing
erfaring frå offentleg tilskotsforvaltning
mangfaldskompetanse
Det er ein fordel om du har god talforståing og gode formuleringsevner på engelsk, både skriftleg og munnleg.
At personen høver i stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Løn i samsvar med statens lønsregulativ. Stillinga som rådgivar (SKO 1434) vil bli lønna frå kr 650 000 – 690 000 brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
Eit dynamisk og kompetansedrive arbeidsmiljø
Nye, oppgraderte lokale i Dronningens gate i Oslo
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikringar
Fleksibel arbeidstid
Interne filmframsyningar av aktuelle norske filmar og månadens film på Cinemateket
Gratisbillettar til dei fleste av Cinematekets visningar
Gratis digitalt interaktivt treningstilbod, rabatt på treningsstudio og delvis refusjon av treningsavgift
Andre opplysningar
Norsk filminstitutt jobbar kontinuerleg med forbetring og endringar og har ambisjon om å vere ei framoverlent verksemd innan mangfald og inkludering. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar, uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk eller sosial bakgrunn, til å søke på stillinga. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om positiv særbehandling når man søker jobb i staten.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkarane kan bli gjorde offentlege. Dersom du ønsker å søke om unntak frå offentlegheit, ber vi deg opplyse om dette og grunngje det når du sender inn søknaden.