Torsdag lanserte Spider-Man 2 på PC, halvanna år etter at Peter Parker og Miles Morales svinga inn på PlayStation 5.
Gamer.no jobbar med ein teknisk gjennomgang av spelet, men alt har ikkje gått heilt på skjener for PC-utviklar Nixxes Software.
Fleire spelarar rapporterer om stadig krasjing og problem med yting. Sjølv har me kome eit par timar inn, og har krasja fleire gongar.
Spelet ser ut til å gi fullstendig opp om ein slår på strålesporing her i garden, og sjølv RTX 4090 går tom for videominne med vår rigg.
Dette er ikkje første gongen Nixxes ligg litt bak skjemaet med PC-lanseringar, men dei pleier å rydde opp relativt kjapt. Med andre ord kan det vere ein god idé å vente nokre dagar med kjøp.
Gamer.no kjem tilbake med ei større sak når spelet er litt meir stabilt.
Sony har som kjend droppa kravet til PSN-innlogging, men du blir framleis spurd om dette for å blant anna få nokre ekstra antrekk. Då får du også tilgang til PlayStation-trofe.
Spelarar melder likevel på sosiale medium at spelet har ei regionsperre.