Stoppar produksjonen av Steams mest populære skjermkort

RTX 3060 takkar for seg.

MSI GeForce RTX 3060 Gaming X Trio.
Mikkjell Lønning / arkiv

Steam undersøker jamleg kva som er dei mest brukte maskinvarekonfigurasjonane blant brukarane sine, og Nvidia RTX 3060 har trona på toppen i lang tid.

Skjermkortet lanserte i 2021, men skal no vere på veg ut av produksjon.

I slutten av juli skal Nvidia ha informert tredjepartsprodusentane sine om at dei berre lagar eitt parti til med RTX 3060. Dette skal bli sendt ut til produsentane i løpet av dei neste månadane, melder Videocardz.

Det finst eit hav av ulike tredjepartsvariantar av RTX 3060, men også to ulike versjonar frå Nvidia. Dei kjem med enten 12 eller 8 GB med videominne.

Oppfølgar RTX 4060 har 8 GB videominne. Me var lite nøgde med oppfølgaren i vår test frå i fjor.

Siste fra forsiden