Kommentar

Nintendo i 2022

Stabeisen Nintendo

Nintendo viser ingen teikn til å ville endre kurs.

Audun Rodem, Gamer.no / Privat

Nintendo har i 2022 vore seg sjølv lik. Med stødig fokus på å levere kvalitetsspel har året som ligg bak oss gjeve dei fleste Nintendo-fans noko å kose seg med. Om det så er taktikk, rollespel eller action finn du det meste på Switch, og då gjerne med ein eigen vri som gjer det unikt for konsollen. Ikkje så rart kanskje, all den tid dei fleste storseljarane på kjem frå Nintendo sjølve.

Switch skil seg demonstrativt frå andre konsollar ved å ha eit svært unikt spelbibliotek. Der Microsoft og Sony stort sett kjempar mot kven som skal få den mest populære versjonen av det same spelet, er dette ein kamp Nintendo knapt deltek i. Nintendo er ikkje så interessert i kjempe mot desse to. Dei siktar mot noko heilt anna, og har selt nesten 115 millionar Switch-konsollar på snart seks år, noko som talar til konsollens enorme popularitet.

Det er tydeleg at dei som kjøper Switch, kjøper Switch for å få det berre Nintendo tilbyr, og i år har verkeleg Switch blomstra. Vi har fått Pokèmon, Mario+Rabbids, Fire Emblem og Bayonetta, for å nemne noko. Spesielt fans av japanske spel har verkeleg fått mykje å kose seg med i år, og ei rekke eldre spel har blitt henta fram i dagslys og blitt pussa opp for eit nytt publikum.

2022 blei ikkje året for nye eventyr med Link.
Nintendo

Mange blei nok likevel skuffa i 2022. Det var forventa at oppfølgjaren til The Legend of Zelda: Breath of the Wild – kalt Tears of the Kingdom – endeleg skulle lanserast. Mange håpar òg på at Switch endeleg skal få ein avlastar. 115 millionar selde konsollar er enorme tal, men lat oss ikkje gløyme at Nintendo har oppnådd det same før, med Nintendo Wii. Den konsollen selde òg som hakke møk, heilt til det heile stagnerte, og Wii-raketten styrta mot jorda i eit imponerande tempo.

LES KOMMENTAR: 2022 var året PlayStation omfamna PC »

LES KOMMENTAR: Xbox mangla storspel i 2022, men satsa hardt på Game Pass »

Hestekreftene som forsvann

Nintendo Switch ligg langt bak PlayStation 5 og Xbox Series S/X i kraft. Noko som er sjølvsagt all den tid Switch er ein konsoll du kan ta med deg på farta, og kom ut på marknaden over to år før konkurrentane. Sjølv då var derimot ikkje Switch ein konsoll som blenda med sine grafiske prestasjonar. Det mest imponerande var strengt tatt at alt dette kom ut av ei så lita maskina, men både Xbox One og PlayStation 4 presterte betre.

Nintendo har garantert planane klare for kva som skjer vidare, når neste konsoll dukkar opp, og kva form den vil ta, men det har gått for lang tid. Det er mange dyktige utviklarar hos Nintendo som klarar å skvise imponerande mykje ut av gammal maskinvare, men dei må likevel presse produkta sine inn i ein aldrande konsoll som ikkje alltid vil klare å henge med.

Årets beste døme på dette er Pokèmon Scarlet og Violet. Spelet gjer mykje nytt og har høge ambisjonar, noko som har gått hardt ut over ytinga. Så ille har det vore at Nintendo sjølve har gått ut og beklaga situasjonen, og lova forbetringar. Ein ganske uhørt situasjon frå eit selskap kjent for å levere polerte og fungerande spel.

Nintendo-legende og Mario-Zelda-pappa Shigeru Miyamoto er i tillegg kjend for å ha sagt at eit spel sluppe for tidleg er for alltid dårleg, medan eit utsett spel til slutt blir bra.

Orda står kanskje ikkje fullt så stødig i dag.

Steam Deck er ute i det fri.
Steam

Ein ting er når tredjepartsutviklarar leverer annenrangsprodukt for Switch, eller tilbyr ein skyversjon i staden for ein du kan laste ned å spele overalt. Det blir noko anna når Nintendos eksklusive titlar ikkje klarar å levere. Kor tent er eigentleg Nintendo med ein situasjon der til og med deira eigne spel byrjar å vise rynker?

Når Steam no har lansert Steam Deck, ein PC med innebygd skjerm du kan ta med deg på farta, byrjar det å ryke under føta til Nintendo. Tida er overmoden for ei ny maskin, lat oss håpe 2023 byr på gode tider.

Enda eit abonnement

I fjor haust avslørte Nintendo at deira abonnementsteneste Nintendo Switch Online skulle bli større. Det blei den òg, med eit knippe spel frå Nintendo 64- og Sega Genesis attåt, til dobbel pris. Dei har dytta ut meir innhald her og der gjennom året, og mest interessant er nok at du automatisk får tilgang til nytt innhald som nye baner til Mario Kart 8 Deluxe.

Sistenemnde er kanskje det mest spanande Nintendo har gjort i år. Kven har vel ikkje venta på eit nytt Mario Kart? Mario Kart 8 Deluxe er kanskje fem år gammalt, men spelet, og alle banene i det kom først til Wii U for heile åtte år sidan. Det er på tide med noko nytt.

Nintendo har valt ein interessant og spanande vri på utfordringa. I staden for å lage eit heilt nytt spel har dei valt å produsere 48 nye baner som sleppas over to år. Skjønt, nye er kanskje eit sterkt ord. Dette er baner frå andre Mario Kart-spel, pynta på og pussa opp for Mario Kart 8.

At du kan få alle desse inkludert i eit abonnement er fint, spesielt sidan du òg kan velje å kjøpe dei separat, eit val Nintendo ikkje er flinke til å gje oss elles.

Ta ein, betal for alle

Åtte år etter første lansering fekk MArio Kart 8 Deluxe nye baner.
Nintendo
Vis mer

Gjennom året har vi fått ei rekke nye spel på Nintendo Switch Online frå NES, SNES, Nintendo 64 og Sega Genesis/Mega Drive. Mengda med spel er derimot på grenska til komisk. Visst er det fine spel her, men med tanke på kor mange gamle klassikarar som finnest til desse konsollane, er det ikkje godt ut at Nintendo slepp ut ei handfull nye spel kvar månad.

Å tvinge oss til å abbonnere på enda ei teneste for å få spele gamle spel er ein ganske kynisk forretningsmodell som føyrer seg inn i rekka av døme på eit selskap som set høge prisar og skal ha deg til å bruke mest mogleg pengar.

Dei gjorde det meste riktig med Virtual Console på Wii. Der fekk vi kjøpe nøyaktig dei spela vi ville, utan å måtte akseptere at eit abonnement er vegen å gå.

Det byrjar å bli mange abonnement no, og om ein skal kose seg på alle konsollar, samt høyre på musikk og sjå film og TV, har vi no nådd eit punkt der marknaden byrjar å bli vel metta på månadlege utgifter. Skal det vere verdt å abonnere må tenesta tilby noko som gjer den verdt å betale for månad etter månad, eller punge ut for eit heilt år. Å måtte betale for å spele på nett er ikkje noko nytt på konsoll, men å måtte abonnere for å få tilgang på spel er ein forretningsmodell det luktar surt av lang veg.

Vi forventar ikkje at dette vil endre seg i 2023, men vi håpar det vil kome fleire retro-spel, og meir innhald som dei nye Mario Kart-banene der du kan velje å kjøpe, eller abonnere for å få tilgang.

Utover det forventar vi at 2023 blir eit Nintendo-år lik dei fleste som har gått før. Mange spanande, og gjerne mindre titlar som fyller opp biblioteket, mellom større spel i klassisk Nintendo-stil. Mest etterlengta er sjølvsagt The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom, men det er absolutt innanfor å håpe at Nintendo berre gløymde seg, eller støtte på Covid-utfordringar då dei ikkje lanserte ein The Legend of Zelda: A Link to the Past-remake i same stil som Link's Awakening.

2023 blir mest sannsynleg også enda eit år der vi ventar forgjeves på ein ny konsoll, men utan håp, kva er vi då?

Ledige stillinger
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Dataspelrådgivar (vikariat)
Søknadsfrist:
10.04.2025
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Dataspelrådgivar (vikariat)
Søknadsfrist:
10.04.2025
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (48)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Petter Stabell
2 år siden

Bra artikkel! 

Hadde faktisk tenkt å kjøpe meg en switch da de annonserte retro spill funksjonen. Men så fant jeg ut at hele mølja havnet under et abonnement så da ble det boikott istedet... Nå har jeg kjøpt meg trådløse kontrollere fra retrofighters til min gamle N64 og begynt å hamstre alle gode klassikerne fra finn! Meget fornøyd med det, alle spillene er originaler og dessuten mine til odel og eie! 😊

Nitode
2 år siden

Ikke noe utålmodig her. Masse spill å spille på switchen, er heller ikke avhengig av annet enn nintendo sitt eget og Indie spill. Men kan skjønne ungdommen som har all verdens tid til å spille igjennom spill på kort tid, har et ønske om en switch 2 som gjerne kunne kommet igår. Jeg tror 2024 sommer/vinter er realiteten, med kanskje mario odyssey 2 som et launch spill. Regner med at zelda ToK får sin switch oled versjon som skal selge i 1 år først. En switch 2 med litt mer krefter er dog ikke å forakte her heller, hadde vært et fint kirsebær på toppen av den allerede deilige kaka om vi kunne få spilt NMS, diablo 4, rocket league osv med stabil fps, ok grafikk og alt av innnhold. 😊

Gunfreak
2 år siden

Med tanke på teknologi og alder på konsollen føler jeg den maks burde koste type 1500kr med spill i dag,  men den selges jo fremdles for nermere 4000kr. Og selv om jeg har litt lyst til å spille mario igjen.  Har jeg ikke 4000kr lyst.

Chaos_Niddhogg
2 år siden

Alltid bra å se Nintendo gjøre sin egen greie og det skal de visst fortsette med ifølge Miyamoto. De vinner stort på å være unike, ha nye måter å spille på og alt det der.

Men med både PS5, XsX og PC verdenen som blir mye større, så er jeg passe sikker på at de blir en god del presset fra tredjepartsutviklere med etterkommeren. Bare i går var det et nytt rykte om en Switch "Pro" som ble kanselert pga chip mangelen og Nintendo da heller satt fokus på overtakeren.

Men denne gangen ryktes det at den kommer neste år allerede. Dette er fra Digital Foundry, da, som ikke er en useriøs gjeng og garantert har mye kontakt med utviklere som veldig vil holde seg anonyme.

https://gonintendo.com/contents/14335-rumor-digital-foundry-claims-switch-pro-was-real-and-cancelled?jump=comment_7207&page=1

Og en "lekkasje" av hva nye Nvidia chipen ska være

ttps://www.notebookcheck.net/NVIDIA-Tegra-T239-New-leak-offers-clues-about-rumours-next-generation-Nintendo-Switch-chipset.654330.0.html

Men vekk fra rykter nå. I år fikk jeg ENDELIG Bayonetta 3 og godkoste meg sykt mye der, og skal kose meg mye mer. Men er jo så mye mer jeg kan nevne siden jeg hadde den fra dag en, men orker ikke lange lister nå, men BOTW og Astral Chain er ihvertfall 2 nye favoritter på livet.

Spiller nesten aldri i håndholdtmodus, så er mer en hjemmekonsoll for meg.

Nintendo må være flinke med markedsføringen sin igjen som de var med Switchen. De var jo helt idioter med å markedsføre WiiU. Sleng på BC, mye bedre kvalitet på NSO, en ny Nintendo måte å spille på osv så blir det nok bra.

OK... Er egentlig passe trøtt, så gir meg her.

Skaul

bubba477
2 år siden

Mer kraft må til, Nintendo må ta opp konkurransen igjen og få en mer tradisjonell formfaktor.

Siste fra forsiden