Feature

Rusavhengigheita øydela Mia. Så fann ho terapi og dataspel

27-åringen har jobba seg gjennom angst, PTSD, sjølvskading og rus. I dag har ho jobb, utdanning, hus og sambuar.

Mikkjell Lønning

– Når du er misbrukar, er rusen alt.

Eit slør har lagt seg over delar av ungdomstida til Mia (27). Det var tida då alt handla om neste dose.

Først røyk og hasj, så hardare stoff.

Mia hamna på utsida. Amfetaminet var det som fekk ho til å kjenne seg i live, i eit nettverk av vener som også støtta seg på rusen.

Terapi, rusomsorgen og dataspel tok ho tilbake i samfunnet.

I dag har 27-åringen jobb, sambuar, hus og utdanning.

– Som misbrukar kjenner du berre folk som rusar seg, og du kjem til eit punkt der du mistar kontakten med kva vanlege folk gjer. Du er heilt utanfor verda og samfunnet. Speling blei ein veg inn igjen. Det opna ei dør for meg, seier Mia.

SOM TOLVÅRING begynte Mia å kutte seg.

Det blei hennar måte å uttrykke det ho ikkje hadde lært å formidle med språk, og var eit vis å døyve smerta frå det ho omtalar som vanskelege opplevingar i barndomen.

Ho var einsam. Klassevenene på barneskulen sine bekymringar verka trivielle i Mia sine auge, det var som om dei levde på ein annan planet.

På ungdomsskulen fann ho seg endå mindre til rette. Angsten tok større og større plass i livet hennar.

Det var som ein snøball, rullande nedover ein bakke, som la relasjonane hennar og motivasjonen for skulearbeidet i ruinar.

Ho gav litt opp. Både livet elles og skulen verka for vanskeleg.

Mikkjell Lønning

Ho leita etter likesinna, og fann det blant ein gjeng som eksperimenterte med hasj.

Dei nye vennene forstod Mia. Endeleg var det nokon som godtok ho for kven ho var.

PÅ VIDAREGÅANDE blei Mia introdusert til amfetamin.

Rusen viska vekk bekymringane og dei vonde tankane. Det gav ho slik ei glede. Ho hadde funne den beste versjonen av seg sjølv.

Det gav energi og velvære, ei kjensle av å stå på toppen av verda og sjå og føle alt.

Nedturane etter rusen tok ho rett ned i botnen av dalen igjen. Men det gjekk ikkje lang tid før ho blei avhengig av flukta som rusen gav.

Amfetamin er det narkotiske middelet som blir mest brukt etter cannabis i Noreg. Det hemmar impulskontroll, aukar aggresjon og kan vere dødeleg i høge dosar.

Mia starta med rusen for å handtere det ho opplever som traume frå oppveksten. I ettertid ser ho at rusen var eit symptom på psykiske vanskar etter opplevingane.
Mikkjell Lønning

Langvarig bruk kan gi ein cocktail av ulike helseplager.

Amfetaminet braut Mia ned, bit for bit.

Ho slutta å ete. Søvn blei vanskeleg, og ho var alltid sliten.

Kroppen sin lyst etter amfetaminet hadde tvinga Mia inn i eit mørkt hjørne av seg sjølv, og ho tapte kampen for kontroll igjen og igjen.

Då ho sto på rommet og såg på spegelen, var det ein annan person som møtte blikket hennar.

Kroppen hennar var blitt tynn som ein stilk, og det verka som dei svarte ringane under augo heldt på å ta over heile ansiktet.

Noko måtte skje.

MILJØET TIL Mia blei ein vond sirkel.

Venene rusa seg, snakka om det og gav Mia lyst på rus igjen.

Samtidig skuldar ho ikkje på andre enn seg sjølv. Det var hennar eigen feil, seier ho. Venene pressa ho aldri til noko.

Mia hadde vore fleire gongar til behandling i løpet av åra, men det var først då ho fekk kome inn til avdeling for rusmedisin i spesialisthelsetenesta som 17-åring, at ho følte ho fekk hjelp.

Mikkjell Lønning

Ho fekk snakke om alt. Barndomen, angsten, vanskane på skulen og den endelause kampen mot behovet for rus.

Heile livet hadde ho gått på eggeskal, livredd for å fornærme andre og utløyse reaksjonar.

Barndomen og ungdommen hadde handla om å overleve. Ikkje om å faktisk leve.

Ho forstod at ho hadde prøvd å lukke kjenslene sine heilt inne og ruse dei vekk.

PÅSKEFERIEN I 2014 var Mia med familien til fjells.

Solkremen blei liggande heime. 17 år gamle Mia kom tilbake frå langrennsløypa med tomatfarga hud, og blei sittande inne resten av ferien.

Ho hadde høyrt nokre vener snakke om dataspelet Dota 2, og lasta det ned på den berbare maskinen sin.

Spelet sender lag på fem inn på eit kart for å knuse motstandaren sin base.

Ein kompis forklarte korleis spelet fungerte over Teamspeak, og Mia fall pladask for Dota.

Mia og sambuaren har kjøpt seg hus. Gamingrommet har dei brukt mykje tid på.
Mikkjell Lønning

Spelet vekka noko i henne. Ho blei sittande til langt på natt med nasen ned i guidar om strategiar i spelet, og kjende på ei meistring som verka ukjend.

Her var det noko ho kunne lære og bli god i.

Dota 2 blei ei trygg hamn når det storma i livet hennar, og etter kvart fann ho fleire spel ho kunne støtte seg på.

Spelinga handla først og fremst om å ha det gøy, men det fekk også ei djupare meining for ho.

Dota 2 blei eit friområde. Spela fungerte som ein meistringsstrategi for å ikkje la det vonde ta over.

– Dataspel gav meg nye nettverk. Når du har mykje drama i livet ditt, kan spel vere ein pause frå alt det vanskelege.

DET VAR i denne tida at Mia klarte å venne seg av amfetamin.

I løpet av åra har det blitt tusenvis av timar i godt selskap bak skjermen.

Gjennom Dota 2 og Destiny har ho funne eit nytt nettverk å støtte seg på, som blei ei hjelp i kampen ut av rusen.

– Spelinga har absolutt vore terapi for meg, men eg kunne ikkje klart det utan rusomsorgen. Eg merka det kom til eit punkt der det hadde gått så til helvete psykisk, og kroppen var så sliten, at det var nok.

Det er ei glødande drivkraft i Mia, seier ho. Den har ho fått frå mor si.

Dei siste ti åra har Mia spelt over 7000 timar med Dota. Ho innrømmer at det kanskje har blitt ein smule i overkant til tider, men trur ho har hatt eit sunt forhold til spel.
Mikkjell Lønning

Uansett kor mykje ho har prøvd å øydelegge seg sjølv, var det til slutt den indre styrken som vann fram.

Ho er takksam for den gode hjelpa frå rusomsorgen og spesialisthelsetenesta, for det verka heilt framand å skulle kome seg ut frå avhengigheita.

Dei hjelpte ho å forstå verdien sin som menneske. Om korleis ho kunne ta tak i problema sine og livet sitt, og snu det på hovudet.

Dei neste åra skulle ho slite, av og på, med hasj og andre lettare stoff, men ho heldt fram med behandlinga og klarte til slutt å bli heilt nykter som 19-åring.

Men det var nokre tunge år.

REDSELEN VAR total.

Det begynte med ei hamring i brystet. Sveitten og tårene rann, magen vrenga seg, pusten blei fanga i lungene og kroppen skalv.

Verst var frykta for å døy. Den kunne verke så ekte.

I dei to første åra etter at Mia kutta ut amfetamin, opplevde ho dagleg kraftige angstanfall. Angsten hadde vore med ho lenge, men aldri så ille.

For Mia er rusen eit mindre kapittel i ungdommen. Det som sit fast i henne er det ho omtalar som traume og vonde opplevingar frå barndomen.
Mikkjell Lønning

Anfalla kunne lamme ho fullstendig av skrekk. Ho ville ikkje unna det for sin verste fiende, seier ho.

Mia har ein PTSD-diagnose, og kan framleis kjenne bilete, minne og inntrykk kome som ei flodbølge over ho når ho legg seg om kvelden.

Diagnosen har rot i den tøffe barndomen hennar.

Gradvis har tida viska vekk dei verste kjenslene.

SPELINGA VAR aldri heile livet til Mia, men det har tatt stor plass.

– Har du tenkt over at du kan ha erstatta ei avhengigheit med ei anna?

– Nei. Dei rundt meg har aldri reagert på spelinga mi på den måten. Eg har prøvd å balansere interessa for spel opp mot andre hobbyar, med å vere aktiv, trene, gå i fjellet, vere med vener og familie. Speling kan bli altoppslukande for nokon, men slik har det ikkje vore for meg.

Mia har funne fleire av sine beste vener gjennom speling. Ho og sambuaren brukar mykje tid på å spele saman.
Mikkjell Lønning

Det største saknet har vore andre venninner å spele med. Ho opplever at det er betydeleg lettare å finne mannlege vener i spel som Destiny og Dota.

– Ein får lettare kontakt med folk gjennom ei felles interesse som gaming. Det verkar så naturleg å prate med folk då.

VEGEN TILBAKE til samfunnet gjekk trått.

Kvardagslege ting var tøft. Men Mia fann seg ein jobb på bensinstasjon, og oppdaga at ho ville jobbe med andre menneske.

Studiane tente ein gnist i henne.

Mikkjell Lønning

Trongen til å hjelpe og jobbe med menneske brann sterkare og sterkare med åra, og ho søkte jobb i psykiatrien for å mate elden.

Etter bacheloren fekk Mia jobbe på eit aktivitetssenter for ungdom.

Ho fekk ansvar for ei ungdomsgruppe som sat mykje heime og spelte, og inviterte dei inn på eit gamingrom på senteret. Ungdommen skulle sosialisere seg gjennom alt frå Mario Kart til kortspel.

Mia har også jobba med jenter på barneskule og ungdomsskulen ved eit gamingtilbod.

I dag held Mia på med ein mastergrad.

PANDEMIEN SENDE nordmenn innandørs. Interessa for spel vaks til eit skyhøgt nivå, og Mia oppdaga ein ny del av spelkulturen.

Strøyming.

Kjærasten gav ho mikrofon og kamera til jul, og ho starta å sende på Twitch under kallenamnet «Moonchild_mi».

Dei gongane ho slår på streamen, ser ho mange av dei same sjåarane dukke opp i chatten.

Dataspel har gitt Mia læring og meistring, det har introdusert henne til ei heilt ny verd med ei kjensle av å høyre til ein stad, og ikkje minst gav det ho ein jobb, fortel ho.
Mikkjell Lønning

Mia trur Twitch-profilen sikra ho jobben ved aktivitetssenteret. Ho hadde nemleg skrive om spelinteressa og strøyminga på CV-en.

Mia fekk ikkje jobben ho først søkte på, men sjefen ringde ho og spurde om ho ville bidra.

– Med ein gong du seier du strøymer, så held du på med noko. Eg merka at han som intervjua meg spurde mange spørsmål om det, og det var veldig gøy.

«KVIL I FRED».

Slike postar har dukka opp i Facebook-feeden hennar.

– Mange av dei du møter der ute, har gjerne historier om traume og elendigheit. Tryggleik er så undervurdert. Eg trur ikkje eg hadde rusa meg sjølv om eg hadde kjend på tryggleik i oppveksten min. Tryggleik betyr alt.

Mia hadde sitt siste angstanfall i vinter. Anfalla er ikkje like kraftige som var dei var i ungdommen.
Mikkjell Lønning

Angsten er framleis med Mia, men ulmar på innsida. Det er lenge sidan ho har hatt eit anfall.

Ho lever med ei indre uro, seier ho.

DET GÅR opp og ned med kor mykje tid det blir til strøyming. Jobb og studiar krev sitt.

I sommar har Mia og sambuaren raida seg gjennom siste utviding til Destiny 2. Dei kjøper inn snop, øl og vin, set seg til på gamingrommet og drar med seg kompisar på Discord.

Spel har blitt eit lim i forholdet deira.

Mia har Dota, sambuaren har FIFA og bilspel, men Destiny er noko dei deler.

– Me føler me er med kvarandre, sjølv om venene våre sit ein annan stad og speler. Det er veldig kjekt.
Mikkjell Lønning

Er det stille på nattevakta for Mia, slår sambuaren på ein stream for å vise kva han speler.

I spel som God of War og Hogwarts Legacy har dei gjerne kvar si lagringsfil, men følger med på kvarandre.

– Spel er ein stor del av kvardagen vår. Eg har slite med mitt, og sjølv som rusfri har ikkje dei siste åra vore noko dans på roser. Men eg har det veldig bra i forhold til korleis det var.

Denne artikkelen er laga med støtte frå Fritt Ord, og er del av ein artikkelserie som ser på bruk av spel som støtte i vanskelege periodar.

Les også artiklane våre om Rune som lever med kroniske smerter, og Michelle og Espen som mista barnet sitt.

Siste fra forsiden