AMD skal lansere sin neste generasjon av skjermkort i starten av 2025, seier AMD-topp Lisa Su.
Det kjem fram under ei orientering for selskapets investorar.
Det er alltid ein heil haug med rykte rundt nye skjermkortlanseringar, men det har vore lite konkret så langt i år.
8000-serien blir den første lanseringa med AMD sin RDNA 4-arkitektur.
Su fortalde investorane om ei sterk auke i spelyting og ikkje minst langt høgare yting for strålesporing. Nvidia har leia klart gjennom fleire generasjonar på strålesporing.
Frå før veit me at PlayStation 5 Pro får eit skikkeleg strålesporingsboost takka vere RDNA 4-maskinvare.
AMD lovar også nye KI-funksjonar.
Det blei ikkje gitt noko spesifikk dato for lanseringa, men mange spekulerer at ein får sjå korta under elektronikkmessa CES.
AMD har slite med å konkurrere med Nvidia i entusiastsegmentet dei siste åra, og i haust stadfesta dei at dei ikkje kjem til fokusere på å slå Nvidia sitt kraftigaste kort ved lansering.
AMD vil heller bruke kreftene på å skalere opp marknadsdelen sin. Dei har vore langt meir konkurransedyktige i dei lågare prissjikta.