Det melder HDMI Forum i ei pressemelding.
Den nye standarden vil bli lansert i løpet av første kvartal, og doblar overføringskapasiteten frå HDMI 2.1b.
HDMI 2.2 vil støtte oppløysingar opp til 12K (12288 x 6480) ved 120 bilder i sekundet, og får ein ny funksjon for å redusere forseinking i lyd.
Siste versjon av DisplayPort 2.1 vil også bli vist fram under CES. Dei nye DisplayPort-kablane blir lengre og støttar bandbreidde opp mot 80 Gbps.
Det tar ofte lang tid før andre produkt støttar nye standardar som dette, og du får nok verken fjernsyn, konsollar, skjermar eller skjermkort med støtte for HDMI 2.2 med det første.