Norsk spelbransje og Dustborn

Norsk spelbransje om hatflodbølge mot Dustborn: – Forferdeleg å stå i

Lanseringa av spelet har blitt ein snakkis i den norske spelbransjen. Dei reagerer på all den usaklege kritikken mot Dustborn.

Red Thread Games

I august lanserte Red Thread Games Dustborn etter årevis med hardt arbeid. Men lanseringa har ikkje gått heilt etter planen.

Fredag gjekk Red Thread Games ut med eit brev til spelarane sine. Dei skriv at dei håpa at Dustborn ville skape debatt, men opplever at dette har drukna i ei «flodbølge av hat».

Hets, drapstruslar og søksmål

Gøran Myrland, dagleg leiar i Misc Games, har fått med seg bråket rundt Dustborn. Dei har vore ute ei vinternatt før.

Under lanseringa av simulatorspelet Fishing: North Atlantic hadde dei ein del trøbbel med tekniske problem.

Då rann det inn med drapstruslar på e-post og i sosiale medium.

– Det var ganske ekstremt i nokre månadar, og eg syns det var forferdeleg å stå i. Nokon sa dei skulle saksøke oss for å få pengane sine tilbake. Det var masse idiotiske greier, seier Myrland, som føler med Red Thread.

Misc Games er i Early Acces med Ships At Sea, og har seld rundt 45.000 eksemplar av spelet så langt.
Mikkjell Lønning

Han trur dette er eit særskild problem for spelbransjen, og at minska avstand mellom utviklar og spelar over nett gjer at folk gløymer at det er menneske i andre enden.

– Det gjeld spesielt for mindre utviklarar. Dei store har gjerne folk som sit i dialog med spelsamfunnet sitt, der dette ikkje når utviklaren. For oss er det annleis, seier Myrland.

– Ting roa seg for oss då me fiksa problema. Men eg forstår ikkje poenget med slike utsegn, seier han.

LES OGSÅ: Dystopisk roadtrip med glimt i auget ->

– Tøft

– Eg støttar absolutt det Red Thread Games gjer. Det er tøft at dei tør, seier Snowcastle Games-sjef Erik Hoftun.

Han har stor sympati for alt hatet Tørnquist og co. må vasse i.

– Det er leit det skal bli slik. Men det er to sider med denne saka. Det trist om heile denne debatten overskygger eit elles godt spel, men mykje merksemd er også betre enn ingenting. Det kan slå positivt ut for sal, seier Hoftun.

Erik Hoftun er sjef for Snowcastle Games. Dei står bak Earthlock-serien.
Privat

Han understrekar at han ikkje har spelt Dustborn enno.

– Det er jo mykje grums blant spelarar internasjonalt, og me har vore gjennom nokre triste historier før. Eg trur spel som medium enno har ein del å gå på i forhold til meir modne kulturuttrykk som litteratur og film, seier han.

Snowcastle Games har prøvd å legge seg på ei varsam linje når det gjeld politiske bodskapar i spela sine.

– Det einaste me har vore tydelege på, er at me ville ha sterke kvinner. Rollespelsjangeren er ofte dominert av japanske spel, og me ville vere ei motvekt der. Men det har me aldri fått negative tilbakemeldingar på, seier Hoftun.

Ikkje overraska

– Eg er ikkje veldig overraska over at det blei bråk av Dustborn. Det tar jo for seg den type tema som internett heng seg opp i, seier Peter Wingaard Meldahl i Rain Games.

Han fortel at fleire av dei norske utviklarselskapa kom i prat om Dustborn då dei besøkte Gamescom.

– Begge sider i den store, amerikanske kulturdebatten er ganske aggressive, og internett er internett. Men sjølv om det er lov å mislike eit verk, burde folk klare å kome med sakleg kritikk, seier Meldahl.

Rain Games er kjende for Teslagrad-spela.
Rain Games

Rain har heller ikkje vore oppi dei store kontroversane, men Meldahl fortel med ein latter at han ein gong fekk ein drapstrussel for ei vanskeleg puslegåte i eit av spela deira. Det seier sitt.

– Eg håper det går bra med gjengen i Red Thread. Denne typen tematikk skapar kontrovers uansett kva side ein står på, og all merksemd er jo ei form av marknadsføring. Drapstruslane handlar nok meir om at folk ikkje klarar oppføre seg bak tastaturet. Så klarar du ikkje drive vaksenopplæring for heile internett.

– Har de medvite prøvd å halde dykk unna kontrovers sjølv?

– Nei, me lagar ikkje den typen spel som hamnar oppi slikt. Men me ville aldri vore redde for kontrovers. Det augeblikket ein skapar er bekymra for at nokon ikkje skal like bodskapen deira, då har ein tapt. Så lenge ei ytring ikkje oppfordrar til vald, så er det innanfor. Men drapstruslar er sjølvsagt langt over streken, seier Meldahl.

Spel og politikk?

Siw Espeland, dagleg leiar i Encircle Games, har merka at det er litt ulike syn på Dustborn i bransjen.

– Men det er utan tvil noko som skapar engasjement. Red Thread har nok laga det nettopp for å gjere det, men så har temaet dei ville diskutere blitt dratt i feil retning, seier Espeland.

Encircle har ikkje opplevd hets eller truslar sjølv. Espeland trur det handlar om at dei ikkje har noko folk vil reagere på i spela sine. Dei er meir retta mot gameplay.

Det har ikkje vore eit medvite val.

Siw Espeland leiar Encircle Games.

– Det handlar mest om sjanger. Red Thread driv med historieforteljing, og tar opp omdiskuterte tema. Det gjer ikkje våre spel.

I kommentarfelta er det mange som reagerer på at Dustborn har ein politisk bodskap.

– Eg syns det er rart at folk reagerer slik på det, for det finst så utruleg mange andre spel som forfektar kontroversielle meiningar. Me skyt jo kvarandre i spel, trass alt, seier ho og legg til:

– Er du ikkje interessert i temaet, og trur du ikkje at du blir underheldt av spelet, så kvifor spele det og irritere seg? Men eg har inntrykk av at mange heng seg opp i dette utan å ha rørt spelet. Det er jo spesielt.

– Er det rom for politikk i spel?

– Det må vere ytringsfridom innanfor ei viss ramme. Det må vere rom for å fortelje si historie, og ha eit annleis perspektiv enn andre, seier Espeland.

Gamer.no har presentert Red Thread for innhaldet i artikkelen.

Siste fra forsiden