Det første minnet til Nikolai Eilertsen (36) var lyden av foreldra som spelte Nintendo Entertainment System.
Nikolai kom til Tromsø då han var nokre få månadar gammal, adoptert frå Peru.
Speling blei ein stor del av den krevjande barndomen hans.
Det starta med ein hoppeglad røyrleggar med raud hatt, og etter kvart blei han dratt inn i dei mange magiske universa i dataspel.
– Eg syns det var morosamt å spele, men det blei også ei slags psykisk redning. Speling blei veldig viktig for meg, seier Nikolai.
Alkohol og depresjon
Foreldra til Nikolai blei skilt då han var liten. Nikolai blei buande med mora.
Tidleg kjende han på eit sakn etter å høyre til.
Nikolai tenkte mykje på adopsjonen, på kven dei biologiske foreldra hans var og at han sannsynlegvis aldri kom til å få vite det.
Mor hans var deprimert og einsam etter brotet, fortel Nikolai. Det smitta over på han igjen.
– Så var det ein del drikking.
Han hugsar korleis alkoholen begynte å endre mora. I mareritta hans var mora blitt eit slags monster.
– Mor var lita, men eg hadde eg heilt anna bilde av henne i hovudet mitt. Der tok ho så mykje plass, at eg blei redd for mor mi.
– Blei veldig mykje speling
Nikolai brukte mykje av tida si inne på spelerommet. Han skildrar det som ei flukt.
I spela kunne han vere seg sjølv, stikke av frå det som var tøft i kvardagen og finne glede.
– Først og fremst var det ei redning for meg.
– Angrar du på at du ikkje var meir sosial?
– Nei, men det hadde sjølvsagt vore sunnare å ha eit meir vanleg forhold til spel.
– Korleis det?
– Vel, det blei veldig mykje speling til tider. Men eg fann vener gjennom spel som Halo på Xbox 360, blei kjend med folk og inviterte dei heim på besøk for å spele på delt skjerm.
Han hugsar korleis dei sat fire kompisar oppe i andre etasje og fire til i kjellaren, kablar dratt langs golvet, ned kjellartrappa, mellom konsollane.
Traumatiske opplevingar
Spelkontrollaren på bordet blei eit anker i livet.
– Nokon går på treningssenter for å kjenne på ro og kople av. Eg speler. Ein føler seg meir fri, lettare og avslappa. Så eg har aldri angra på at eg ikkje slutta å spele, seier Nikolai.
Mora jobba i kulturlivet, og tok ofte med seg Nikolai på turne.
I starten klarte ho å skjule drikkinga, men etter kvart blei han dratt inn i det sjølv.
Ein premierefest i barneskulealder er noko av det som sit igjen.
Mor var så full at ho ikkje klarte å gå aleine til rommet deira, og Nikolai hugsar korleis dei vakla att og fram i gangane på hotellet, han svai i ryggen under vekta hennar, ho som brukte han som ei krykke.
– Det skjedde ofte, og eg begynte å sjå eit slags mønster. Ho tok eit glas til for å drukne sorgene, men så stoppa det aldri.
Skjult skatt
Spelinga var eit friområde. Der kunne han legge vekk bekymringane for mor og berre ha det gøy.
Han fekk tidleg ein lidenskap for musikk, som blei ein måte å kommunisere og knytte band med far sin.
Dataspel blei eit kinderegg for musikkinteressa.
Treng du nokon å snakke med?
- Mental helse hjelpetelefon: 116 123
- Kirkens SOS hjelpetelefon: 22 40 00 40
- Røde Kors: 800 33 321
- Ungdomstelefonen: 400 00 777
- Helsenorge.no
– Det er mykje kul spelmusikk som få høyrer, for du oppdagar meir dess lenger ut du kjem i spelet. Det å få løn for å utforske på den måten, syns eg er veldig kult.
Det er i musikk- og spelmiljø han føler seg heime i dag.
– Me hadde aldri det som eg tenkjer andre familiar har; denne tette familierelasjonen.
Nikolai sin far er kjend med innhaldet i artikkelen.
Maskerte smerta
Nikolai prøvde å ta sitt eige liv som tiåring.
Han hadde ein slags indre stemme i seg som sa at han ikkje høyrde til, at verda ville vore betre utan han og at det å vere adoptivbarn øydela for liva til foreldra.
Drikkinga til mora var hans feil, trudde han.
Mora sine sinneutbrot gav Nikolai ei konstant følelse av usikkerheit. Han ville ikkje provosere fram reaksjonar, og tenkte ofte at det var like greitt å ikkje seie noko i det heile.
– Mor hadde eit veldig sinne i seg. Det sit igjen i meg som vaksen, og det har eg fått ei frykt for. Blir eg utsett for mykje lyd, kan det sende meg tilbake til episodane me hadde. Då kjenner eg meg nervøs, usikker og redd.
Det å prate med kompisar gjennom spel var det vesle unntaket, for på skulen følte han seg totalt usynleg og aleine.
Dei mørke tankane og mangelen på identitet plaga han gjennom store delar av barndomen og ungdomen.
Det er noko han gjerne ville fortelje mora om, men fekk aldri moglegheita.
Han såg for seg ein lukka glidelås over leppene, som han ikkje klarte å opne. Samtidig fekk smerta meir og meir plass i kroppen.
– Eg trur ho visste eg hadde det ille, men det er sårt at eg ikkje fekk prata med ho om det. Eg var nok god til å skjule smerta.
Lukka seg
Nikolai kjente seg både sint og lei på skulen, som viste igjen på karakterkorta hans.
Det gjorde forholdet til foreldra endå vanskelegare.
– Unntaket var språk. Det blei eg fort god i på grunn av spelinga mi på nett.
Etter vidaregåande flytta han frå Tromsø til Trondheim. Han følte det var på tide å kome seg heilt vekk, kjende han fortente å starte for seg sjølv.
I 20-åra prøvde han å ta igjen noko av det tapte. Han blei med i eit band, festa hardt og fekk vener og kjærastar.
Han klarte å gå opp på ein scene og spele og synge framfor hundrevis av menneske.
Trauma la han eit lokk på og gøymte vekk inni seg. Han jakta ei lukkekjensle. Nokre gongar låg denne på botn av ei flaske, og han begynte å forstå korleis mora hadde hatt det.
Han opplevde at folk var interesserte i han, at dei ville prate med han og kome på besøk og sjå han for kven han var.
– Men eg takla ikkje kjernen av problema mellom meg og mamma.
Angsten og depresjonen var der framleis, ulmande under overflata.
Etter kvart gjekk han til psykolog, og følte det var på tide å snakke med mor si om forholdet deira.
– Eg ville snakke om barndomen og livet mitt, men eg ville ikkje gjere det over telefon. Så eg venta til eg skulle på besøk, fortel Nikolai.
Same året blei mora hjarteoperert. Då var Nikolai 25.
Han skulle kome og møte ho etter operasjonen.
– Forferdeleg
Bypassoperasjonen gjekk greitt, men i etterkant oppstod det komplikasjonar.
Mora låg i koma då Nikolai kom fram.
– Eg hugsar korleis pusten hennar gjekk sakte i takt med maskinen. Det var forferdeleg å høyre at dei skulle slå det av. Me sat med sjukesenga heilt til ho gjekk bort, og det var veldig spesielt å vere der. Men eg er glad for at eg var med.
Dei fekk aldri snakka saman om alt det usagde.
Det var trist og leit å miste mora, men Nikolai kjende seg også meir fri. Eit band til miljøet i Tromsø blei brote.
Han var endå meir aleine, det var skremmande, samtidig følte han seg også sterkare.
No måtte han verkeleg bli vaksen.
Ei veke etter dødsfallet fann dei eit brev i leilegheita til mora.
Til Nikolai, sto det.
– Utruleg vanskeleg
Nikolai fekk plass på distriktspsykiatrisk senter i slutten av 20-åra.
Der var han inne til behandling over tre år.
Eitt av åra tok han permisjon frå jobb for å fokusere heilt på den mentale helsa si, og blei overraska over kor mykje betre han følte seg med seg sjølv.
– Det kan vere utruleg vanskeleg å snakke om følelsar. Men det er også utruleg godt å ha nokon å snakke med.
Han begynte på behandling to gongar i veka, og trappa ned etter kvart som den mentale helsa hans blei betre.
– Berre fælt
Då Nikolai var ung, sende mora han til Peru for å hjelpe han med å finne sin eigen identitet.
Nikolai meiner det er for lite fagkompetanse på adopsjon i Noreg, og syns adoptivforeldre bør ha tilgang til meir støtte.
– Du legg enormt med tid og krefter i heile prosessen, og når det først går skeis i ein slik familie, blir det ei ekstra påkjenning. Du hentar nokon frå eit anna land med håp om å skape ein familie, så blir det berre fælt. Summen av alt dette er nok grunnen til at mor gjekk heilt i kjellaren, seier Nikolai.
Han skildrar seg sjølv som eit vanskeleg barn, og trur ikkje mora heilt klarte å forstå seg på han. Det gjorde avstanden endå større.
Ei gruppe med andre adoptivbarn har vore god hjelp til å handtere trauma frå barndomen.
Etter kvart som han tok meir og meir ansvar i gruppa, følte han noko av tomrommet i brystet bli fylt opp.
Han begynte å forstå at depresjonen, angsten og drikkinga til mora ikkje var hans feil. Han var jo berre eit barn.
Brevet på benken
Det var ei surrealistisk oppleving å gå gjennom leilegheita til mora etter ho døydde.
Konvolutten med namnet hans på opna han med ein gong.
Inni låg det tre handskrivne sider. Nikolai fekk ikkje den forløysande samtalen med mora, men han opplevde brevet som ei slags unnskyldning.
– Ho sa alltid unnskyld til meg, men det følast tomt, for ho sa det så ofte at det mista all meining. Brevet verka ekte.
Mora skreiv om korleis dei hadde hatt det, og om håpet hennar for at guten sin skulle få eit lukkeleg liv.
– Det var ukomplett og kanskje litt tamt, og gjekk ikkje i kjernen av forholdet vårt, men det var fint. Ho ville alltid det beste for meg. Det kom berre ikkje fram.
Om han ikkje tilgav mora for alt der og då, var brevet eit viktig steg mot å tilgi seg sjølv og søke meir hjelp.
– I dag føler eg at mamma er med meg. Det gir meg ei indre styrke i kvardagen.
Smerte blir til glede
Nikolai kan ikkje endre fortida si, men har prøvd å bruke dei tøffe opplevingane sine til å hjelpe andre.
Han jobbar med barn og unge på SFO, og er støttekontakt for personar med rusproblem og vanskar med psykisk helse.
– Gaming er ein stor fellesnemnar mellom dei eg hjelper. Me er ofte innom gamingsenteret Jotunheimen i Trondheim.
Noko av det viktigaste han har lært, er å finne ting ein likar å gjere som gir ein meistring.
Musikken og spela som ein gong redda han frå mørke tankar, er blitt verktøy for å inspirere barn.
– Eg gjorde det elendig på skulen. No prøver eg å bruke musikkrommet mest mogleg for ungane, for viss ikkje barn er fagleg flinke, er det alltid andre måtar ein kan kjenne på meistring – om det så er dans, teikning eller musikk.
Han brenn for å fremme psykisk helse.
– Det gjer at spel som tar for seg det, slik som Celeste, resonnerer i meg. Men det går jo mest i skrekkspel, då. Silent Hill er den store favoritten.
På SFO brukar han Nintendo Switch og PC-ar for ungane ein gong i veka, og prøver å få barna til samarbeide. Han vil vise foreldra at spel kan vere ein viktig arena for læring.
Den fremste drivkrafta hans er å jobbe for at andre barn har det bra.
– Om det finst nokon som har hatt det like fælt som meg, kan eg kanskje hjelpe dei til å smite litt. Det gir meg så utruleg mykje.
Denne artikkelen er laga med støtte frå Fritt Ord, og er del av ein artikkelserie som ser på bruk av spel som støtte i vanskelege periodar.
Les også artiklane våre om Rune som lever med kroniske smerter, Michelle og Espen som mista barnet sitt, Kamilla som heidrar far gjennom videoane sine og Mia som kjempa seg ut av rusavhengigheit.