Feature

Minnet etter faren lever vidare gjennom Kamilla (22) sine videoar

Dataspel og film blei trøyst då Kamilla mista far sin i ung alder.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Alt starta det året. Det var året då livet mitt blei snudd på hovudet.

17 år gamle Stine Kamilla «Centane» Øines sat i sofaen saman med familien.

Far hennar gestikulerte oppgitt mot ein blå, svevande Will Smith på TV-en. Måtte dei absolutt tulle med ei fungerande oppskrift?

Kunne ikkje berre Aladdin få vere Aladdin?

Far lente seg framover i sofaen og diskuterte med det svarlause fjernsynet.

Før sommaren hadde familien fått beskjed om at far skulle døy.

Han var diagnostisert med tarmkreft. Legane gav han tre år.

Om dei berre hadde vore så heldige.

HANDY. ENERGISK. Alltid positiv og omsorgsfull. Stadig der for dei andre, klar med eit rosande ord når han såg nokon gjorde noko rett. Og ein skøyar. Han hadde ei eiga evne til å gjere dottera flau.

Kamilla skildrar faren som ein ho alltid kunne stole på i oppveksten. Han var der for ho. Uansett kva.

Nokre dagar etter ho fylte 18, ein kald novemberdag, gjekk far hennar bort.

Kamilla hadde eit veldig godt forhold til far sin.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kamilla jobba som lærling på ein sjukeheim, og hadde lært seg å sette opp eit slags mentalt skjold for å beskytte seg sjølv. Ho måtte nesten det, når ho var omringa av smerte og død.

Dette var noko anna.

– Det er ingenting som kan førebu deg til å miste nær familie, seier ho.

KAMILLA PRØVDE å drukne seg i arbeid, og tok på seg alle vaktene ho kunne.

– No ser eg at det var ein måte å utsetje sorga mi på. Det starta vel ei stund før han gjekk bort, til eg møtte veggen to månadar etter dødsfallet.

– Eg knakk fullstendig saman, seier ho.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Bobla ho hadde tvinga seg inn i, sprakk. Sorga kom inn som ei bølge, og Kamilla blei sjukmeld i tre månadar.

Ho leita etter noko meiningsfylt som kunne gå tida til å gå, og som kunne hjelpe ho med å prosessere sorga.

Sidan Kamilla var stor nok til å halde ein kontrollar, hadde ho vore opptatt av speling. Skytespela Counter-Strike og Valorant blei ein slags pause frå smerta.

Ho kunne sitte heile dagen med vener på kommunikasjonsplattforma Discord og snakke om laust og fast.

– DÅ EG gjekk på veggen, hadde eg fortrengt kjenslene mine i staden for å takle dei, seier 22-åringen i dag.

– Men var det ikkje det du gjorde med spelinga òg?

– Det var slik det blei med jobb i starten. Det hindra meg i å prosessere det som skjedde, men eg trur ikkje spela hadde den same effekten. Mange tar til terapi i ein slik situasjon, men det var ikkje noko hjelp for meg. For meg har spel alltid vore noko eg kan støtte meg på i vanskelege tider.

Strøyming av spel på Twitch blei også ein måte å få henne på andre tankar.

– Spel er ein lidenskap eg får drive med kvar einaste dag, seier Kamilla.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Spelinga blei ei trøyst i sorga mi. Dagane verka veldig mørke i den perioden. Då var det godt å kunne leve seg vekk i ei virtuell verd, som gav meg tryggleik i tida då eg trong det mest.

DEI NI månadane frå Kamilla fekk vite at faren skulle døy, brukte han mykje av tida si på film.

Då han gjekk bort, begynte Kamilla å tenke på korleis ho kunne la den store lidenskapen hans leve vidare gjennom henne.

Far hadde stort sett kikka på filmar ho ikkje fekk lov til då. Filmar som Alien, Scarface, Gudfaren og Goodfellas, men no var ho jo fylt 18.

Kamilla såg ofte film saman med far sin i oppveksten, både på kino og heime i stova.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ho granska hylla med DVD-ar og Blu Ray-diskar i huset, og spurte Twitch-sjåarane sine om korleis ho kunne lage videoar rundt dette.

Ein følgar anbefalte ho å kikke litt på reaksjonsinnhald på YouTube, og ho tenkte det var verd eit forsøk å lage noko liknande.

Ein av dei første videoane hennar, der ho tar med sjåaren inn i hennar oppleving av Saving Private Ryan, gjekk viralt. Hundretusenvis fekk med seg videoen.

Det blei starten for ein karriere bygd på farens lidenskap.

SATSINGA KREV mykje.

Det er tidkrevjande arbeid, og av og til føler Kamilla at ho jobbar døgnet rundt. Så tenkjer ho på korleis det har blitt ein fin måte å gi tilbake til mor si, etter all motgangen dei har kjend på.

Kamilla starta tidleg med å strøyme spel på Twitch, og har bygd eit publikum rundt både spel og film på dei ulike plattformene.

Då pandemien kom, heldt Kamilla fram med å jobbe i helsevesenet, men brukte all fritida si på strøyming og YouTube.

Etter kvart blei ho signert av PlayStation. Så blei ho innhaldsprosent for e-sportorganisasjonen Apeks, og landa ein kontrakt med League of Legends- og Valorant-utviklar Riot Games.

Her er Kamilla på oppdrag for Sony.
Sony

– Eg begynte å strøyme Valorant, og hoppa rundt i stova her då Riot tok kontakt. Eg trur nok ikkje mor forstod heilt kva det gjekk i, men ho blei like gira som meg.

Kamilla skjønte at dette var noko ho kunne dedikere heile livet sitt til. Alt i farens ære.

JOBBEN TAR Kamilla verda rundt. For Riot Games har ho vore både innhaldsprodusent og del av produksjonsteamet i store e-sportarrangement.

Heime i forstaden, opp den kvite trappa frå stova og inn på det lune soverommet, sit ho timevis framfor skjermen for å spele og redigere videoar.

På veggen over datamaskinen heng ei tavle med vekas gjeremål, og ei samling av minne frå ulike jobbreiser.

Kamilla har fått mange nære vener gjennom spel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kamilla studerer til ein grad i administrasjon og leiing, og har blitt deleigar i PR-byrået Spires Agency.

Byrået har over 20 innhaldsskaparar i stallen. Saman med redigering er det dette som er den «skikkelege» jobben hennar.

Kamilla har aldri sett på det å strøyme dataspel eller å sjå film som jobb.

– Det er ein hobby for meg. Men eg deler opp veka mi, der nokre dagar er sett av til redigering, nokre til strøyming og så tar eg fri i helga. Då vil eg heller bruke tid på vener og familie.

– Eg har ein tanke om at eg skal ha det gøy i 20-åra mine. I denne perioden av livet har eg moglegheit til å finne på sprell, spele og ha det gøy. Og det er vel det som driv meg. Så er det veldig fint å kunne leve av dette og gjere det i sin eigen heim, seier ho.

DØDSFALLET HAR endra Kamilla. Ho måtte vekse opp fort, og prøvde å ta meir ansvar i heimen.

Det har lært henne kor vondt livet kan vere. Men også kor viktig det er å sette pris på dei gode augeblikka i kvardagen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Før kunne ho stenge seg inne på rommet heile dagen for å spele, men no prøver ho å finne meir tid til familie og vener.

Minnet etter faren lever vidare for kvar video Kamilla lagar. Millionar har fått høyre historia om kven far hennar var.

Det vil alltid vere med ho.

– Eg sit framleis med filmar han likte, som eg ikkje har sett. Det er ei reise som aldri endar.

Denne artikkelen er laga med støtte frå Fritt Ord, og er del av ein artikkelserie som ser på bruk av spel som støtte i vanskelege periodar.

Les også artiklane våre om Rune som lever med kroniske smerter, Michelle og Espen som mista barnet sitt og Mia som kjempa seg ut av rusavhengigheit.

Siste fra forsiden