Feature

Michelle og Espen mista barnet: – Du tenkjer dei sjukaste tankar

Paret klarte knapt snakke med kvarandre etter tapet. Då fann dei trøst i dataspel: – Det blei terapi i sorga vår.

Mikkjell Lønning

Michelle Steen Bjørlo (27) og Espen Svensson (37) hadde vore gjennom to spontanabortar, men no var dei tre veker unna å ønske ein liten gut velkomen til verda.

Dei kjende på ei sprudlande glede for å møte vesle Matheus.

Mørket hadde lagt seg over Arendal då Espen kom heim frå jobb og trening.

Bilen til sambuar Michelle var borte frå oppkøyrsla.

Ho burde vore heime.

Berre nokre dagar hadde gått sidan veninnene til Michelle arrangerte babyshower for ho.

Det var så nærme no.

Kunne dette vere kvelden?

ESPEN FAMLA etter telefonen sin. Skjermen lyste opp med tapte anrop og meldingar.

Michelle hadde dratt på sjukehuset.

Espen kasta seg i bilen og tråkka på gasspedalen.

Kunne riene ha starta allereie? Skulle han bli pappa denne seine julikvelden?

Han ringde Michelle, men fekk ikkje svar.

Mikkjell Lønning

På sjukehuset møtte han låste dører. Ein vektar opna opp og førte han inn til eit venterom, der han fann sambuaren sin liggande på eit bord.

Gråtande.

Espen trudde fødselen var i gang, men før han rakk å seie noko, skar jordmora inn:

Sjukehuset klarte ikkje finne hjartelyden.

MICHELLE HADDE kjend sonen i magen nokre timar før. Rutinesjekken på helsestasjonen tidlegare i veka viste at alt var som det skulle.

Ho tenkte ikkje nemneverdig over at det stilna i magen den kvelden. Telefonen til sjukehuset var mest for å kjenne seg trygg.

Michelle tok med seg hunden i bilen, og trudde ho kunne dra heim igjen same kvelden.

Då jordmora ikkje fann hjarterytmen, forstod Michelle kva som skulle skje. Det var som ein knyttneve i ansiktet.

Paret blei leia inn på eit anna rom for ein ultralyd.

Legen var kort.

– Beklagar, det er ikkje liv, sa han.

– DET VAR det verste eg har opplevd. Eg klarar ikkje beskrive det, seier Espen.

Dei gjekk likevel med eit slags håp om at det skulle gå bra. At det heile var eit mareritt dei kunne vakne frå.

To dagar seinare, 6. juli 2023, fødde Michelle vesle Matheus Steen Svensson.

Han var 47 centimeter lang og vog 2960 gram.

Hege Zaar

Det var ingen skrik, ingen gråt. Berre stille.

Heilt stille.

Nokre solstrålar braut gjennom gardinene og lyste opp Matheus der han låg på brystet til mor, og dei kjende nesten på eit slags nærvær.

Han var perfekt i foreldra sine auge.

Dei var stolte, og fekk halde barnet sitt i armane for første gong, sonen dei aldri får sjå vekse opp.

SORGA OVERVELDA Michelle etter gravferda.

Det blei vanskeleg å forhalde seg til andre menneske. Sjølv Espen. Ofte fann ho seg liggande på rommet saman med hunden, ute av stand til å sette ord på kjenslene og tankane som herja med henne.

Ho ville nesten ikkje prate med nokon som ikkje hadde opplevd noko liknande. Ei sorggruppe på sjukehuset i Kristiansand fekk stor betydning for paret.

Michelle syns det var tøft å vere med sambuaren då sorga var på sitt verste. I spela kunne dei vere seg sjølve.
Mikkjell Lønning

– Du tenkjer dei sjukaste tankar etter å vore gjennom noko slikt, seier Michelle.

Espen sleit med å sjå andre i augo. Han følte seg naken.

Michelle opplevde at han var på eit anna stadium i sorgprosessen, og dei sleit med å kommunisere.

Først og fremst kjende dei på ei botnlaus einsemd, sjølv då dei var med kvarandre.

PARET HAR alltid spelt mykje dataspel saman.

Dei sat opp kvar sin skjerm på stovebordet, og fordjupa seg i Call of Duty og Fortnite på PlayStation etter gravferda.

Der kunne dei snakke med kompisar, møte folk som ikkje visste noko om kva som hadde skjedd og berre vere seg sjølve.

Ikkje minst kunne dei snakke med kvarandre. Det var vanskeleg nok.

Spela lét dei starte med blanke ark.

Dagane gjekk i eitt. Dei stod opp, åt, spelte, åt, la seg.

– Folk har mange fordommar mot dataspel, men det har alltid vore ein veldig viktig del av livet mitt. Det blei terapi i sorga vår, seier Espen.

Speling har vore Espen si største interesse sidan barndomen. Det blei naturleg å søke tilflukt i spel i sorga, for det var ikkje anna hjelp å få då sonen gjekk bort midt i fellesferien.
Mikkjell Lønning

– Det er ei verd der du kan kjenne på meistring. Hadde me ikkje spelt, ville me berre blitt liggande i senga og sove. Og då kjem tankane.

– Kunne ikkje spelinga bli ein måte å utsetje sorga på?

– Det har eg tenkt på. Legen åtvara meg om at å dra tilbake på jobb ville ha den effekten, men når livet er på det vondaste, kan eg spele og kjenne at det løftar meg opp. Det blir ikkje det same.

– Kunne det vore kva som helst hobby?

– For meg måtte det vere spel.

ARBEIDET MISTA meining for Espen.

Han starta tidleg i jobben som heimesjukepleiar for Arendal kommune, men det funka ikkje.

Espen blei delvis sjukmeld.

Vegen tilbake har vore lang og tung.

Det å hjelpe andre menneske då verda raste rundt han, kravde meir enn det gav. Han klarte knapt å ta vare på seg sjølv.

Paret har vald å vere opne om å miste det første barnet sitt. Dei har ønska å dele Matheus med verda, og har fått uvurderleg støtte frå familie og vener.
Mikkjell Lønning

– Jobben betyr mykje for meg, men der og då verka det heilt meiningslaust. Det var vanskeleg å halde maska overfor pasientane. Og eg kunne ikkje berre rømme frå dei situasjonane.

På heimebane blei Call of Duty eit slags avbrekk frå sorga og ei kjelde til glede.

Kombinasjonen av hjelp hos psykolog, samtalar i sorggruppa på sjukehuset, speling og det å snakke med kvarandre, har løfta dei opp frå det djupaste mørket.

KVARDAGANE HAR tidvis vore tunge.

Men når det tikka inn ein spelinvitasjon på telefonen i arbeidsdagen, kjende Espen at han gleda seg til å kome heim.

Dei blei lei av meldingar som «korleis har du det» og «korleis går det», men enkle beskjedar som «me er på, kjem du?» eller «me ventar på dykk» gav dei ei godkjensle.

– Det gir meg energi å spele. Nokon tar ein kaffikopp om morgonen for å kvikne til, for meg er det dataspel, seier Espen.

– Spelinga har vore ei stor hjelp for oss, seier Michelle.

Mikkjell Lønning

Ulike spel har latt dei utforske, kjenne på meistring og spenning, oppleve nye ting og har gjort det enkelt å prate med andre menneske.

Det fekk tida til å gå, pressa dei vonde tankane vekk.

– Det var fint å kjenne på glede igjen. Eg trur det har vore veldig bra for oss, seier Espen.

SPELVENENE BLEI eit anker for dei.

Ikkje noko mas, ingen tunge samtalar.

Berre glede.

Dei kunne gøyme seg bak skjermane og la tida gå.

Gamingkompisane dukka til og med opp i gravferda for å vise støtte til Espen og Michelle.

Eit av klanmedlemmene har fått ei tatovering til ære for sonen dei mista.

Espen har begynt å studere psykisk helse og rus ved sida av jobb, og trur speling har ein positiv effekt på den psykiske helsa til spelinteresserte.

– Spel har både positive og negative sider – som alt anna i livet. Det gjeld å finne ein balanse. Men utan spelinga oppi sorga hadde me ikkje vore på det stadiet me er på no, og me hadde ikkje hatt den vennegjengen i livet vårt.

LISS ANDA er førsteamanuensis i psykologi ved Universitet i Stavanger. Spelinga har vore med ho sidan barndomen.

Ho meiner det blir feil å kalle spelinga for terapi, men trur at det kan vere ein nyttig meistringsstrategi for sorg i ein periode.

Det er eitt verktøy i det som bør vere ei innhaldsrik verktøykasse.

– Først og fremst er spelinga ein distraksjon. Du utset kjenslene dine for å tenke på noko anna, og det kan vere hensiktsmessig på kort sikt. Men du prosesserer jo ikkje traumet med speling. Du skyv det fram i tid.

Liss Anda er førsteamanuensis i psykologi, og har jobba mykje med speling og sosiale medium.
Mikkjell Lønning

Anda forklarar at ein har meir kontroll over den sosiale situasjonen når ein speler. Ein treng ikkje sjå den andre i augo, treng ikkje svare på spørsmål eller snakke.

Du kan logge av om det blir ubehageleg, utan at det får negative, sosiale konsekvensar.

– Spelinga dempar intensiteten i samværet, som kan vere veldig nyttig i ein sårbar situasjon, seier ho.

SPELING ER sjeldan nok, meiner Anda.

Menneske er sosiale vesen, og treng å snakke med andre.

– Du må vere med andre folk, lære deg å vere deg sjølv og leve livet slik det har blitt etter det som har skjedd. Så er det nesten alltid nyttig å gå til terapeut.

Ho samanliknar det å finne den rette terapeuten med å leite etter ein partnar. Giftar du deg ikkje med første, andre eller tredje kjærast, gir du ikkje opp kjærleiken for det.

Av og til må ein prøve nokre gongar.

Liss Anda seier folk sjeldan veit kva dei skal seie til dei i sorg, som gjer at ein fyller tomrommet med platte og openberre kommentarar. Det kan bli eit frustrasjonsmoment oppi sorga.
Mikkjell Lønning

Og når livet er tøffast, er det viktig å hugse å ta vare på seg sjølv. Et nok mat, ha ein fast døgnrytme, kom deg ut i dagslys og beveg kroppen.

– Så må ein ikkje tenkje at det er farleg å ha det vondt. Det er fort gjort å kjenne på skam når ein er i smerte. Mistar du eit barn, er det ingen som forventar at du skal meistre noko der og då. Det er lov å bruke den tida ein treng.

– Spelinga kan vere eit fint tillegg til å hjelpe deg over kneika, men du skal leve vidare også, seier Anda.

6. JUNI i år kom Mathea Steen Svensson til verda. Éin månad før Matheus ville blitt eitt år gammal.

Dottera Mathea kom til verda elleve månadar etter Matheus.
Mikkjell Lønning
Mikkjell Lønning

Ho har fylt eit tomrom i liva til foreldra.

Mathea vil vekse opp vitande at ho har ein engel ved sida si, seier Espen. Hadde det ikkje vore for Matheus, hadde dei ikkje fått Mathea så tidleg.

Dei saknar Matheus så ufatteleg mykje, men han vil følge dei i hjarta og minna deira.

For alltid.

Denne artikkelen er laga med støtte frå Fritt Ord, og er del av ein artikkelserie som ser på bruk av spel som støtte i vanskelege periodar.

Siste fra forsiden