Feature

Red Dead Redemption – PC

Langt bedre på PC enn konsoll, men ikkje kjøp det enno

Red Dead Redemption kjem til å engasjere nye spelarar i mange år framover.

14 år, fem månadar og 13 dagar har gått sidan Red Dead Redemption lanserte på Xbox 360 og PlayStation 3.

Det er også snart fem år sidan oppfølgaren kom til PC, og 29. oktober kom endeleg det første spelet til PC.

John Marston er igjen klar for å ri inn i solnedgangen gjennom eit teppe av krutrøyk, men denne gongen er dukkemeisteren hans utstyrt med mus og tastatur.

Kva har utviklarane faktisk endra med spelet? Korleis køyrer det, og følast det heilt utdatert?

Me undersøker.

Overraskande bra

For ein knapp månad sidan fekk PlayStation 5 og Xbox Series-konsollane støtte for 60 bilde i sekundet i Red Dead Redemption.

PC-versjonen har ei sperre på 144 bilde i sekundet.

Allereie same dag som spelet lanserte på PC, blei det publisert ein modifikasjon som fjerna sperra.

Spelet ber naturlegvis preg av å vere laga på 2000-talet. Eg merkar tidvis at eg må kjempe mot spelets kontrollmekanismar, som nok er der alderen gjer seg til kjenne i størst grad. Det er også eit par småfeil her og der, til dømes ved at figurar set seg fast i terrenget og eg må dytte borti dei med Marston.

Likevel held Red Dead Redemption seg overraskande godt.

Teksturkvaliteten til figurane skildrar kor gammalt spelet er, men du merkar det mindre i dei opne områda på hesteryggen, der detaljane ikkje er i fokus. Vis mer

Sjølv om det visuelle ikkje akkurat har 2024-standard, gjer både spelmekanismane, forteljinga og stemninga at eg kjem til å pløye gjennom heile spelet på nytt.

Det er også noko heilt anna å oppleve Red Dead Redemption i 4K og høg bildefrekvens – spesielt for oss med ein allergi mot skytespel i 30 «FPS».

Heilt grei PC-versjon

Men sjølv om spelet har tolt tidas tann langt betre enn mange andre spel frå rundt 2010, har ikkje utviklar Double Eleven gjort all verda med det visuelle.

Etter 14 år kunne dei like greitt pussa det opp skikkeleg, tenkjer eg.

Dei største oppgraderingane er å opne for høgare oppløysing og bildefrekvens, støtte for KI-oppskaleringsteknikkane FSR og DLSS, HDR, ultrabreie skjermar og «frame generation».

Elles er grafikkmenyen heilt ok.

Red Dead Redemption på PC har ikkje fleirspelar. Det er eit lite minus. Vis mer
På hesteryggen gløymer du fort at spelet er gammalt, for den visuelle stilen er framleis vakker. Vis mer

Det verkar som DLSS/FSR har litt trøbbel med brukargrensesnittet, som kan vere irriterande. Eg har uansett køyrt utan oppskalering.

Når det kjem til ytinga, vil dei aller fleste skjermkort frå dei siste generasjonane takle spelet fint.

Vår RTX 4090 oppnår i snitt 167 bilde i sekundet i 4K, då med alt på høgaste innstillingsnivå. Testen blei gjort i det mest krevjande området eg fann.

RTX 4090 (Ultra)Gjennomsnitt FPS1 % minste-FPS gjennomsnitt
3840x2160 (4K)167125
2560x1440175130
1920x1080177133

Tala er ikkje veldig imponerande, men det betyr at veldig mange vil nå 144-grensa ved hjelp av KI-oppskalering i 4K.

Skuggekvaliteten ser ut til å vere den mest krevjande innstillinga, så juster ned den om du treng høgare bildefrekvens.

Konklusjon

Skytespel krev presisjon. Difor nyt ein godt av høg bildefrekvens og kombinasjonen av mus og tastatur.

Berre dette gjer at Red Dead Redemption no er best å spele på PC. Spelet har også heldt seg betre enn eg forventa, som er kjekt for alle med spel-PC på rommet.

Likvel er det noko som legg ein betydeleg dempar på opplevinga.

Nemleg prislappen.

Red Dead Redemption lanserte 18. mai 2010 til 498 kroner. 14 år seinare er prisen 101 kroner høgare på Steam. Vis mer

Dei tekniske gjennomgangane våre handlar sjeldan om kostnad, men her må du altså ut med 600 kroner for eit 14 år gammalt spel som utviklarane trass alt har gjort ganske lite med.

Det hadde vore noko anna om spelet hadde vore bygd opp i ein ny grafikkmotor, men det er vanskeleg å ikkje reagere når ein i skrivande stund får oppfølgaren frå 2019 til 311 kroner på Steam.

Så, har du venta 14 år og fem månadar med å spele dette på PC, kan du sikkert vente ei stund til for ein rabattert pris.

Det ville eg gjort.

Ledige stillinger
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
SOC Analytiker (20%)
Søknadsfrist:
25.02.2025
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Selger Cramo Haugesund
Søknadsfrist:
21.02.2025
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Avdelingsleder Cramo Bærum
Søknadsfrist:
23.02.2025
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Ansvarlig IT konsulent - alle installasjoner
Søknadsfrist:
04.03.2025
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
SOC Analytiker (20%)
Søknadsfrist:
25.02.2025
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Selger Cramo Haugesund
Søknadsfrist:
21.02.2025
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Avdelingsleder Cramo Bærum
Søknadsfrist:
23.02.2025
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (15)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
MrLuni
4 måneder siden

AAA spill for 15 år sia kosta rundt 500kr

Forstår både på godt å vondt at prisen må opp.

Jaqoby
4 måneder siden
MrLuni skrev:

AAA spill for 15 år sia kosta rundt 500kr

Forstår både på godt å vondt at prisen må opp.

det er jo ikke det dette handler om da...
LampeLars94
4 måneder siden

Hahaha hva faen

Betaler ikke 600 for fuckings red dead 1 på PC.

GrinderX9
4 måneder siden
MrLuni skrev (1 time siden):

AAA spill for 15 år sia kosta rundt 500kr

Forstår både på godt å vondt at prisen må opp.

For ett nytt AAA spill ja.... Men hva kostet et 15 år gammelt AAA spill for 15 år siden blir jo mer riktig å sammenligne det med ;) 

 

Anfieldtheplacetobe
4 måneder siden
Kjøpes på tilbud! Synd at et såpass stort studio som Rockstar ikke enten kan remastre/remake det selv, eller sette noen andre til å gjøre det. Er det såpass enkelt at de simpelheten har regnet på det, og de innser at de tjener mer penger på å gjøre det på denne måten? mest sannsynlig.. At rockstar til syvende og sist er et AS er vel ingen i tvil om,, men gode spill - det lager de!

Siste fra forsiden