Kommentar

Xbox i 2024

Kva skjer med Xbox?

Storspela uteblir, folk mistar jobben, og Game Pass-draumen raknar.

Starfield.
Bethesda

Etter å ha bygd seg opp ei stor stjerne hos kjernespelarar med eit fokus på bakoverkompatabilitet og oppkjøp av respekterte spelutviklarar, har Xbox-skuta med Phil Spencer ved roret gått på grunn. Det har ikkje skjedd brått og uventa, men over lengre tid, og det er så den mest nøytrale observatør kan løfte henda i mild avsky og seie at nok er nok.

Det burde ikkje vere vanskeleg å forstå kva eg snakkar om, men vi tek ei lita oppsummering likevel. Xbox har ikkje spel, er mantraet, så Microsoft kjøper opp halve industrien. Sluker Bethesda og alle underselskap, og set i gong ein lang prosess for å få kjøpt Activision Blizzard. Etter år med rettsrunder og advokatar går det i boks. Microsoft manglar framleis spel, enn så lenge, men startar likevel året med å først seie opp 1900 tilsette, primært ved nyoppkjøpte Activision Blizzard.

Deretter feirar dei våren ved å sparke ein ny gjeng utviklarar. Denne gongen frå Arkane Austin, folka bak det mislukka actionspelet Redfall. Den kom nok ikkje som ei bombe på folk som har gjeve Redfall meir enn fem minutt, men Microsoft stoppa ikkje der. Etter å ha lagt bak seg eit trasig 2023 der nesten ingenting innfridde forventningane til publikum, stengde dei dørene til Tango Gameworks, det japanske studioet som stod bak det eine spelet som gav Xbox mykje positiv omtale i 2023; Hi-Fi Rush.

Med det var det eine studioet som kanskje kunne skape litt kred og fotfeste i Japan historie. Kvifor? Tja, kanskje Hi-Fi Rush rett og slett ikkje blei spelt nok av folk med Game Pass-abbonement.

Herlege Hi-Fi Rush blei siste spel frå Tango.
Bethesda Softworks

Trøbbel i paradis

Ein kan byrje å undre seg over kva Phil Spencer og co. held på med. Sjølvsagt er det finansielle vurderingar til stade som vi ikkje kjenner til. Når ein kjøper digre konsern vil det naturlegvis dukke opp overlappande stillingar som bør filast bort, men vi snakkar om eit selskap som har råd til å kjøpe eit massivt konsern som Activision Blizzard for svimlane 69 milliardar dollar, men tilsynelatande ikkje har råd til å halde eit par mindre studio gåande ei stund til.

Det ser ikkje bra ut. Og om det er ein ting Microsoft treng akkurat no meir enn nokre ekstra dollar på kontoen, så er det å sjå bra ut.

Ein kan undrast om Microsoft ikkje ser seg sjølv i speilet. Om dei ikkje forstår korleis det heile framstår. Om dei trur alt ordnar seg om dei berre kastar nok pengar i ein eller anna retning distraherande retning. Signalet dei no har sendt ut til både publikum og eigne utviklarar er at ingen er trygge. Lag ein gigahit, eller dø. Det er ikkje akkurat gode arbeidsforhold.

Microsoft har lagt alle korta sine i Game Pass-skuta, og den er i ferd med å synke. Nye medlem dukkar ikkje opp i den farten Microsoft ynskjer, og med det uteblir innteninga. Det som for nokre år sidan blei omtalt som ei teneste der små og store spel kan leve side om side, ei teneste som skulle gjere det tryggare å vere utviklar fordi det ikkje ville vere nødvendig for kvart spel å vere ein stor suksess, har no vist seg å vere det motsette. Game Pass er nøyaktig det same som all annan butikk.

Xbox som varemerke er i trøbbel

2023 var ikkje eit bra år for Xbox. Starfield skulle bli fjorårets største rollespel – Skyrim in space – men blei slått ned i grøfta av Baldur's Gate III. Forza leverte kjende varer, men sette ikkje fyr på verda. Xbox treng ein hit, og det brennkvikt.

Med det kjem vi til Senua's Saga: Hellblade II, eit spel som utan tvil er blant årets største og viktigaste for Xbox-plattforma. Skjønt, ein skulle ikkje tru det, om ein ser på merksemda spelet får. Hadde det ikkje vore for at eg skriv ei sak kvar månad om kva spel vi har i vente, er det ikkje sikkert eg hadde vore klar over at lanseringsdagen er rett rundt hjørnet.

Kan Senua's Saga: Hellblade II bli suksessen Xbox treng?
Ninja Theory
Vis mer

Kvar er promoteringa? Kvar er reklamane kvar gong eg ser ein spelrelatert video på YouTube? Kvar er reklameplakatane på alle verdas spelsider? Det er som om Microsoft ikkje trur på sitt eige spel, men berre forventar det skal selge seg sjølv heilt utan drahjelp. Spør eg spelinteresserte kjentfolk om dei skal spele Hellblade II, veit dei sjeldan kva eg snakkar om.

Kva skjer om Hellblade II blir den floppen Microsoft nesten legg opp til at det skal bli? Er Ninja Theory neste studio som må stenge dørene for godt etter nokre år under Microsoft? Kva med Obsidian og inXile? Bør vi vere uroa for at Microsofts jakt på Call of Duty vil betyr kroken på døra for mindre viktige utviklarar?

Problemet til Microsoft er at der Sony år etter år har bygd tilliten med publikum så grundig at dei har råd til å gjere feil, har ikkje Microsoft den luksusen. Nesten ingen har tillit til Xbox no, nesten ingen veit kva veg det vil gå. Game Pass ser meir og meir ut som eit risikabelt eksperiment som kan få fatale konsekvensar for mange utviklarstudio.

I tillegg har Microsoft byrja å leike seg med å lage fleire multiplattformspel, noko som på den humoristiske sida gjer konsollkrigarar fly forbanna, men som på den hakket meir alvorlege sida er med på å stille fleire store spørsmålsteikn ved om kva poenget eigentleg er med ein Xbox.

Det heile kokar ned til eitt enkelt spørsmål; Om Microsoft ikkje har trua på eiga plattform og eigne spel, kvifor skal vi?

Ledige stillinger
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (16)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Walkyrje
10 måneder siden

Jeg hadde troa på xbox. Men etter fiasko,en Redfake og Starfield ga jeg opp hele xbox,en og solgte xsx,en Skal bli spennende og se hvordan hellblade 2 blir. Blir og teste det ut på pc gamepass.

Ellers spiller jeg på steam og ps5. Så får bare xbox verden gå som den går.

firberblad
10 måneder siden

Har hatt gamepass siden det ble tilgjengelig. Men avsluttet abonnementet når de la ned Tango gameworks. Det studiet alene har vel stått for det eneste nye og kreative som har kommet til xbox. Betyr sikkert ingenting for MS, men det ble nå min lille protest mot det MS gjør nå. Har heiet på Xbox siden den første konsollen og ment at konkurranse er bra. Det mener jeg fortsatt. Samtidig har det blitt krevende å opprettholde trua på Xbox. Hellblade 2 blir sikkert bra, men det er nå en gang en oppfølger. I tillegg har jeg mistet troen på gamepass som konsept. Mulig det er bra for oss forbrukere på kort sikt. Men på lang sikt tror jeg det rammer utviklere og på sikt oss forbrukere. 

rabler
10 måneder siden

Gamepass har aldri vært en bærekraftig forretningsmodell.

OMyre
10 måneder siden

Spiller bare Halo Infinite, så da blir det Xbox. Har også PS5, men den blir desverre lite brukt. 

Lostfields
10 måneder siden

I det store og det hele så tror jeg at den enkelte spiller ikke tenker så mye på hvordan en eier kjører sine ansatte og selskap.

Det er mer hva de leverer og hvordan det leveres.

Siste fra forsiden