Sniktitt

Somber Echoes

Kosmisk uhygge i norsk «metroidvania»

Somber Echoes byr på store område, mannevonde beist, og gresk-romersk rommytologi.

Rock Pocket Games

For den uerfarne kan det først som sist nemnast at når vi snakkar om «metroidvania», snakkar vi om spel som hentar sitt arvemateriale frå gamle klassikarar som Castlevania og Metroid. Som ei einsleg sjel i ei farleg verd må spelaren utforske stadig farlegare område, låse opp dører, finne nye våpen, bli sterkare, og alle helst ha det veldig triveleg medan du held på.

Somber Echoes frå norske Rock Pocket Games er eit erketypisk spel for sjangeren. Ikkje så rart kanskje, sidan utviklarane kallar det eit kjærleiksbrev til sjangeren. Ein sjanger som strengt tatt er meir populær no enn nokon sinne. I løpet av dei siste åra har vi sett alt frå Ori and the Will of the Wisp til The Last Case of Benedict Fox, og ikkje minst Prince of Persia: The Lost Crown.

Du er ikkje heilt aleine, berre nesten.
Øystein Furevik/Gamer.no

Greske rommonster

I Somber Echoes tek vi på oss rolla som krigaren Adrestia. Med eit sverd som utgangspunkt må ho kome seg gjennom det øydelagde romskipet Atromitos, kjempe mot utanomjordiske monster, og gradvis finne ut av kva som har skjedd. Det heile er krydra med referansar til romersk og gresk mytologi, og for alle som har lest meir enn ei bok om temaet, er det mange artige detaljar å spore.

Romskipet blir på mange måtar ein karakter i seg sjølv. Det er er delt inn i ulike soner som over tid kan knytast saman, men dei er alle svært ulike kvarandre, noko som er med på å hjelpe spelaren til å orientere seg.

Vi startar i det som ser ut som romskipversjonen av eit romersk palass, med veldige statuer, søyler og fleire momument for å tilbe det dekadent overdådige. Bak ruinane gøymer kosmiske monster seg, og det er her spelets første utfordringar viser seg. Kampane blir raskt eit stort element i Somber Echoes, og sjølv om dei fleste fiendar er små, enkle og ufarlege om ein følgjer godt med, finnest det absolutt unntak.

Allereie i løpet av den korte tida eg har fått spele har fleire nye triks blitt tilgjengelege. Parrering av angrep er viktig for å få eit overtak, men etter kvart dukkar òg eit spyd opp som du kan kaste på fiendar for å starte på topp. Alt kan gjerast både springande på fast grunn, og medan du hoppar gjennom lufta som ein akrobat, noko som gjer kampane veldig dynamiske og varierte.

Når fiendar døyr får du helse tilbake.
Øystein Furevik/Gamer.no

Stadig betre

Det verste med metroidvania-spel er som regel den første timen. Minuttane før du har låst opp noko moro. Det blir derimot desto meir moro når ein endeleg låser opp ting, og dette er like tydeleg i Somber Echoes som alt anna i sjangeren.

I starten er det for det meste springing og hopping for å navigere seg gjennom øydelagde område, men i likskap med Ori-spela kan du stoppe midt i lufta for å skyte deg av garde i ei retning. Denne eigenskapen er gull verdt og kan hjelpe deg ut av enormt mange utfordrande situasjonar. Tidvis er delar av spelet meir som eit godt, gammaldags plattformspel enn eit klassisk metroidvania. Du må kome deg gjennom hinderløyper der både tak og veggar så vel som golv er lava, og små irriterande beist skyt kjappe kuler på deg.

Det er frustrerande der og då og kan ende opp i nokre omstartar så langt frå åstaden at ein kan stille spørsmål ved om spelet treng fleire sjekkpunkt. Etter kvart som ein låser opp nye eller betre eigenskapar, som til dømes å kunne skyte seg gjennom lufta fleire gongar på rad, blir gamle utfordringar likevel brått enkle. Det er noko av dette som er det beste med desse spela, og Somber Echoes er eit spel laga av folk som ser ut til å forstå kva som gjer sjangeren populær.

Det er alltid eit godt teikn når ein får meir lyst til å spele etter kvart som ein spelar, og eg skal ikkje nekte for at eg blei litt skuffa då skjermen som takka meg for å spele dukka opp.

Desse små djevlane fortener all smerte.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Somber Echoes ser ut til å bli eit solid stykke metroidvania-moro. Det byrjar å bli mange spel i denne sjangeren no, men det er det ein grunn til; den er populær. Å stikke seg ut blir deirmot desto vanskelegare. det gresk-romerske romskipet Atromitos er såleis ikkje ein dum åstad for alt som skjer, sjølv om den grimme, mørke estetikken ikkje akkurat er ny.

Spelmekanisk ser det meste ut til å sitje som det skal. Det har ikkje bydd på nokre store overraskingar, men det er vel kanskje ikkje intensjonen når ein bestemmer seg for å hylle ein sjanger slik Rock Pocket Games har gjort. Nivådesignet lovar så langt godt og mekanikkane er solide og engasjerande. Spelet ser ut til å by på ei rekke spanande område og utfordringar, og det blir spanande å sjå kva det ferdige spelet har å by på når det lanserast til hausten.

Somber Echoes lanserast for Steam i løpet av hausten.

Siste fra forsiden