Early Access-inntrykk

Stormgate

Kan Stormgate bli det nye Starcraft?

Ei rekke tidlegare Blizzard-utviklarar prøvar å puste nytt liv i strategisjangeren.

Frost Giant Studios

Det er ikkje til å kome bort frå at strategispela ikkje heilt er det dei ein gong var. Då eg var ung (ja, eg er blitt gammal nok til å kunne prate slik), var det ikkje travle, lagbaserte skytespel med eigen valuta som fekk pulsen til å slå som om den du likte sa hei til deg for første gong. Neida, då var det strategispela som gjaldt. Om det så var Command & Conquer, Warcraft, eller seinare Starcraft spelte eigentleg ikkje så stor rolle, det var dette som var "the shit" som vi sa før i tida.

Om Stormgate er The Shit eller berre skit gjenstår å sjå, men det har i alle fall mykje DNA til felles med dei ovannemnde spel, ikkje minst fordi fleire av folka som lagar Stormgate har vore med på å lage dei.

Slikt blir det lett å bli litt overivrig av, og tenkje at dette har potensiale til å vere på nivå med dei klassiske spela ein hugsar frå betre tider. Stormgate er eit Early Acces-spel som 13. august blir gratis å spele. Det byr på ein inntektsmodell som først og fremst skor seg på kosmetisk viss vass, sjølv om det og vil du skal kjøpe heltar til bruk i spelet, noko eg er mindre fan av.

Like fullt, det byr på ein kort kampanje, moglegheita for å spele mot andre på nett på lag eller mot kvarandre, samt tre ulike rasar å leike seg med. Mykje kjent der for erfarne RTS-spelarar altså.

Spelet byr på heltar, men ikkje i alle modusar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei tvilsam historie

Din første introduksjon til Stormgate vil mest sannsynleg bli dei seks kampanjeoppdraga som fram til no er tilgjengelege. Det er litt synd eigentleg, for denne kampanjen er på ingen måte eit trekkplaster. Historia byr på ei farlaus dame med dårleg temperament som tilsynelatande berre kjem over eins med kvinnlege kollegaer, og gjer sport av å vere nedlatande ovanfor dei eldre og tilsynelatande langt meir erfarne mannfolka ho har rundt seg.

Ho framstår arrogant, med overdriven tru på seg sjølv, og svært vanskeleg å sympatisere med. Eg mistenker at Frost Giant ynskjer å skape ein slags antihelt her, men dei bør jo helst ha kvalitetar som får deg til å like dei, til trass for alt det negative. Akkurat det manglar her. Rett skal vere rett, kampanjen er eit prosjekt i endring, men det skal ganske mykje til for at denne smørja av idear tjuvlånt frå Warcraft og Starcraft skal bli den storlagne forteljinga utviklarane ser ut til å ynskje den skal vere.

Samstundes er ikkje oppdraga gode, spelet kastar deg berre ut i ei rekke oppdrag utan å eigentleg lære deg noko som helst, eller by på gode mål. Litt for mange er keisame oppdrag der ein spring rundt aleine med antihelten vår, og engasjementet uteblir. Eg kosa meg ein del med eit oppdrag med tydelege tårnforsvartendensar, men det var òg det einaste.

Samstundes veks det fram ei kjensle av at forskjellane mellom soldatane ikkje er store nok til å bety noko. Eg kan byggje ti av desse, eller ti av dei, og resultatet er stort sett det same.

Min første 1v1 gjekk så som så, men motspelaren var triveleg nok til å la meg få litt tid.
Øystein Furevik/Gamer.no

Artig på nett

Det beste du kan gjere er eigentleg å kome deg på nett så kjapt som mogleg, eller spele litt mot maskina i skirmish om du vil trene litt først. Først her får du tilbgang på alle dei tre rasane i spelet, og det er først her du verkeleg får sjansen til å bli kjend med kva spelet byr på. Reint mekanisk fungerer det meste temmeleg bra. Det er nokre gode idear her, og flyten er god. Ein kjem raskt i gong, og har du spelt eit Warcraft- eller Starcraft-spel ein gong i ditt liv vil du kjenne deg heime.

Originalt er det derimot ikkje. Dette er som å spele Wacraft eller Starcraft ned til korleis rasane operer. Vi finn menneska som er Terrans i alt anna enn namn, Infernals som i praksis er ein kombo mellom Zerg og vandøde frå Warcraft, medan dei siste er Celestials som i prinsippet fungerer som Protoss.

Går ein i detalj finn ein eit mylder av forskjellar, og det er mange artige soldatar og idear her, men når det til og med høyrest ut som om dei har lånt dei same skodespelarane som Blizzard har brukt, lagt på dei same stemmefiltra, og nesten brukar dei same strofene, glir det litt over i feil retning.

Musikken er derimot eit område der dei ser ut til å treffe blink. Med folk som Command & Conquer-komponist Frank Klepacki med på laget skulle det kanskje berre mangle, men Frost Giant Studios forstår verkeleg kor viktig musikk er i eit spel, og Stormgate tener stort på å ha engasjerande, drivande musikk som verkeleg kler dei ulike rasane.

Saman skapar desse elementa eit engasjerande RTS som skapar mykje av den same kjensla vi fekk frå Blizzard sine spel, det leitar framleis etter sin eigen identitet, men det har mykje positivt å by på. I enkelte modusar får vi springe rundt med heltar som minner om Wacraft III, i andre får vi vere tre spelarar på lag mot maskina, og dei ulike karta har så langt vore gode, med mykje rom for ulike taktikkar.

Spelet har i tillegg ein BuddyBot som kan gjere mykje av basearbeidet for deg. Frå å produsere soldatar til å byggje alt av bygningar. Du har kontroll over denne slik at du kan styre det du ynskjer å styre, eller du kan slå den heilt av.

Det er alltid moro å knuse fienden.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Akkurat no er Stormgate eit litt identitetslaust spel som gjennom nesten skamlaus kopiering av idear frå andre spel nesten gøymer sine eigne. Dei finnest der, men ein må spele litt for å finne dei.

Som med strategispel flest tek det litt tid å kome skikkeleg inn i det, men når ein blir kjend med rasane og dei forskjellige soldatane løsnar det, og det heile kan vere skikkeleg moro. Eg har hatt nokre kampar i Stormgate over dei siste dagane som vekte kjensler eg ikkje har hatt sidan eg spelte Warcraft III religiøst kvar dag i fleire år, og det skal eg ikkje nekte for var ei velkomen oppleving.

Ein må likevel merke seg at dette på alle måtar er eit Early Access-spel. Lyd, bilete, design. Spelet er fullt av ting som vil bli endra. Eg håpar verkeleg utviklarane får dytta dei ulike rasane tydelegare inn i sine eigne båsar i tida som kjem, både visuelt og mekanisk.

Stormgate er gratis å spele i Early Access no.

Siste fra forsiden