Her er Nvidia sine nye skjermkort: – Monster

Nvidia lovar 4090-yting til under 8000 kroner, men ein bør nok ta dette med ei god klype salt enno.

Nvidia

OPPDATERING: Dei norske prisane er klare. RTX 5090 kostar 28 839 kroner, RTX 5080 kostar 14 500 kroner, RTX 5070 Ti kostar 10 859 kroner og RTX 5070 kostar 7969 kroner.

Original sak følger:

Det er ofte noko spennande på veg når Nvidia-toppsjef Jen-Hsun «Jensen» Huang dukkar opp på scenen i skinnjakke.

Natt til tysdag tok Huang hundretusenvis gjennom den nye lanseringa av 50-serien av skjermkort, iført det som må vere ei slags slangeskinnsjakke for anleidninga.

Blackwell-arkitekturen kjem no isnart. RTX 5090 og RTX 5080 er først ute 30. januar, mens RTX 5070 og RTX 5070 Ti kjem i februar.

– Skjermkortet er eit monster, sa Huang på presentasjonen.

Heftig generasjonshopp?

I 2022 lanserte flaggskipet RTX 4090 til 1600 dollar. Den nye toppmodellen får ein prislapp på 2000 dollar, men skal ha dobbelt så høg yting som forgjengaren.

– Me produserer i veldig stor skala, og skjermkortet blir tilgjengeleg i januar, sa Huang.

Nvidia køyrer hardt på KI-oppskalering og bildegenerering denne generasjonen. Målingane er gjort med både DLSS 4 og bildegenerering.
Nvidia

RTX 5080 startar på 1000 dollar, RTX 5070 Ti 750 dollar og RTX 5070 til 550 dollar. Dei norske prisane var ikkje tilgjengelege natt til tysdag.

Nvidia lokka tidleg med RTX 4090-yting for RTX 5070, som om det stemmer, vil vere eit hopp i yting me ikkje har sett på mange generasjonar.

Bildet over viser at Nvidia baserer seg på KI-oppskalering og bildegenerering for påstandane, så det er altfor tidleg å seie kva ein faktisk kan forvente.

Spesifikasjonane ser du i tabellen under, som viser at lekkasjane stort sett stemmer.

RTX 5090RTX 5080RTX 5070 TiRTX 5070RTX 4090
ArkitekturBlackwellBlackwellBlackwellBlackwellLovelace
CUDA-kjernar21760107528960614416384
AI-TOPS3352180114069881321
Tensor-kjernar-----
Strålesporingskjernar-----
Videominne32 GB GDDR716 GB GDDR716 GB GDDR712 GB HDDR724 GB GDDR6X
Minnebandbreidde1792 GB/s960 GB/s896 GB/s672 GB/s1008 GB/s
TDP575W360W300W250W450W
Lansering30. januar30. januarFebruarFebruar2022

Ny generasjon oppskalering

50-serien kjem med DLSS 4, Nvidia sin teknologi for KI-oppskalering.

I ein kort video frå Cyberpunk 2077 ser me bildefrekvensen hoppe frå 20-talet til over 200 med og utan oppskalering. RTX 5090 slit altså framleis med innstillingsnivået på maks og RT Overdrive.

DLSS 4 kjem saman med ein ny generasjon bildegenerering og Nvidia Reflex.

Dei nye skjermkorta kjem med femte generasjon av Tensor-kjernar (KI-kjernar), og får fjerde generasjon strålesporingskjernar.

Nvidia kjem med eigne Founder's Edition-kjølarar, mens produsentar som Asus, Gainward, MSI, Zotac og liknande lagar eigne versjonar av skjermkortet.

Berbare i mars

Huang viste også fram nye berbare, og lova 4090-yting i maskinar med RTX 5070 til 1300 dollar.

Toppsjefen køyrte hardt på kunstig intelligens, og det skal vere grunnen til dei saftige hoppa i yting. Med andre ord bør ein vente til det finst skikkelege testar av ytinga.

– Framtida av datagrafikk er nevralrendering, sa Huang.

Berbare datamaskinar med dei nye skjermkorta kjem i mars.5090 får 24 GB videominne.
Nvidia

Siste fra forsiden