Handkonsollane får renessanse med nye AMD-brikkar

Asus ROG Ally og Lenovo Legion får ny maskinvare frå AMD.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

CES er årets største elektronikkmesse, og nyheitene frå messa kjem som perler på ei snor.

Måndag lanserte AMD den nye Z2-arkitekturen. Her kjem det tre nye brikkar.

Brikkane er såkalla APU-ar, Accelerated Processing Unit, som har både ei skjermeining og ein prosessor.

Ryzen Z2 kjem med ein åtte-kjerna prosessor (Zen 4) og ei Radeon 780M-skjermeining (RDNA 3).

Ryzen Z2 Go har ein prosessor med fire kjernar basert på Zen 3, og får ei Radeon 680M-skjermeining (RDNA 2).

Ryzen Z2 Extreme har ein åttekjerna prosessor med både Zen 5 og Zen 5+-kjernar, og brukar Radeon 890M som skjermeining (RDNA 3,5).

Første generasjon av Z1-arkitekturen er brukt i Asus Rog Ally og liknande handkonsollar.

AMD sa først at også Valve vil bruke ein av dei nye Ryzen-brikkane, men Valve har gått ut og avkrefta dette.

Z2-serien er laga spesifikt for handkonsollar. AMD stadfestar at både Lenovo og Asus kjem til å bruke brikkane i framtida.

Brikkane kjem i løpet av første kvartal i år.

AMD er venta å vise fram nye skjermkort utpå morgondagen igjen, mens Nvidia har sin konferanse i natt.

Me kjem tilbake med nyheiter om konferansen i morgon ettermiddag.

Siste fra forsiden