– Eg var heilt bergtatt. Det var fantastisk.
Liss Anda (46), førsteamanuensis i psykologi, hugsar tilbake til då ho var lita jente og besøkte ei venninne av mor hennar som hadde fått tak i dataspelet Pong.
Det var akademikarens første møte med speling. Sidan har det blitt den store lidenskapen hennar.
– Eg var vel ni år då ei venninne fekk Commodore 64, og me spelte sjukt mykje på den. Til slutt fekk eg gråte til meg ein Amiga 500 i kjellaren heime, fortel ho.
Plattformspelet Lemmings blei ein favoritt. Då dei første peik-og-klikk-spela begynte å bli populære, hugsar ho at besteveninna hadde fått spelet Phantasmagoria i hus.
– Me sto fast på eitt punkt i tre dagar. Eg vakna midt på natta i eit aha-augeblikk, og ringde rett til ho då eg vakna. Du må kome med ein gong, sa ho.
– Dataspel har vore med meg heile livet.
Vanskeleg balanse
Anda jobbar på Universitetet i Stavanger, og forskar på psykisk helse.
Ho speler saman med familien, og har invitert både barn og foreldre i klassane til LAN.
– Eg er veldig sosial av meg. Speling er ein fin måte å sosialisere på utan å gå ut. Ei venninne av meg har nyleg flytta til Bodø, men me kan møtast på Discord og spele på kvelden. Det blir som å gå ein tur eller snakke i telefonen, seier ho.
Det kan vere ein krevjande balanse.
Dataspel er ofte laga for å få deg til å spele mest mogleg og motivere deg til å bruke pengar på spela.
Forsking viser spel kan ha positive effektar, men det kan sjølvsagt vere uheldig å spele for mykje.
For dei fleste handlar det mest om å ha det gøy.
Fant kjærleiken i WoW
– Nokon speler for det sosiale, andre for meistringa, nokon ser på det som ei flukt frå verkelegheita, mange kan lære nye ting og dei kan kjenne på personleg utvikling, seier Anda.
Anda har spelt World of Warcraft, av og på, sidan det kom ut.
Ektemannen møtte ho i same spel. Dei har vore gift i over 13 år.
Då Gamer.no trefte Anda i sommar, var det nye prosjektet å starte med «litt» World of Warcraft Classic.
– Men du begynner aldri å spele «litt» Wow, seier ho tort.
Fleire i artikkelserien vår seier dei har brukt dataspel som trøyst i sorg, og at det har blitt ein slags terapi for dei.
Anda er kritisk til å omtale speling som dette.
– Det er ikkje terapi. Det er heller eit forsøk på meistring i ein vanskeleg, kanskje overveldande situasjon med vanskelege følelsar.
LES OGSÅ: Fem par fortel om å finne partnaren i dataspel »
Limt til skjermen etter samlivsbrot
Anda meiner speling kan fungere som ein slags meistringsstrategi.
Då ho slo opp med ein tidlegare sambuar, blei ho sittande hos ei bortreist venninne og spele World of Warcraft i to veker i strekk.
– Kjærleikssorg kan vere ganske fælt. Men ein veit jo at det verste går over etter omtrent to veker. Det er ikkje lett å seie akkurat kor lenge ein kan bruke spel som ein meistringsstrategi på denne måten, men hadde eg gjort dette i eit år i staden, så hadde det ikkje vore hensikt i det lenger.
Speler du for å takle sorg, har du ikkje prosessert traumet. Det er heller å skyve det fram i tid, meiner Anda.
– Problema dine forsvinn ikkje, sjølv om du distraherer deg sjølv frå dei. Men du kan gjerne få litt avstand. Etter at det første sjokket har lagt seg, kan det bli lettare å reflektere rundt problema og snakke med andre om dei.
Dessutan spelte ho med gode vener som tok seg av ho og trøysta ho.
– Det var godt.
Anda forklarar at speling også kan gi meistring i ei tid med motgang.
Det sosiale samværet i spel er heller ikkje like intensivt som i den verkelege verda.
Du treng ikkje møte blikket til den andre, du kan velje å snakke om heilt andre ting enn det som plagar deg og du kan stoppe interaksjonen ved å logge av eller dempe mikrofonen din, utan at det har konsekvensar.
– Dette gjer også kanskje det enklare for dei i andre enden. Det er ikkje alle som veit kva dei skal seie, når nokon har mista eit barn eller fått ein alvorleg diagnose.
LES OGSÅ: Tapet sende Kai i ein depresjon. Spelinga løfta han »
Treng klare reglar
– Viss ein først speler mykje, og brukar spel til støtte i ein sårbar situasjon, kan ein ikkje då risikere å kome endå nærare kanten mot avhengigheit?
– For det første treng ein spelereglar. I huset vårt har me ein regel om at ein ikkje kan seie nei til anna aktivitet fordi ein speler. Me har ei grense for kor mykje pengar me ønskar å bruke på spel, også er det fint å ha ein onlinepause i ny og ne. Onsdag er skjermfri på dagtid for oss og ungane, og heile januar er skjermfri for meg. I juli har eg ingen sosiale medium.
– For det andre er det viktig å hugse at det aldri er heldig å berre gjere éin ting, uansett kva det er. Du gjer livet meir stabilt, om du har fleire bein å stå på.
– Kan speling vere ein «sunn» måte å handtere ei livskrise på?
– Eg ville ikkje brukt orda «sunn» eller «usunn». Ein bør heller tenke om bruken er hensiktsmessig eller ikkje der og då. Det kan vere eitt verktøy i verktøykassa for å meistre situasjonen du står i, men det er sjeldan nok. Ofte krev vanskelege situasjonar at du veks og lærer noko om deg sjølv.
LES OGSÅ: Mia kutta og rusa seg etter barndomstrauma. Terapi og speling fekk ho over kneika »
Fristad
– Kven er det som får mest ut av å bruke spel som meistringsstrategi?
– Det gjeld nok særskild unge i aldersgruppa tolv til 25, som ikkje føler at dei passar inn. Internett og spel kan la deg møte folk som du kjenner deg igjen i og som du kan føle du har noko til felles med.
– Sett på spissen: Likar du ikkje traktorar når du bur på landet, er det deilig å ha ein stad der folk aksepterer deg for den du er.
Anda kjenner ei som slit med fleire ulike diagnosar, men når dei speler saman, treng ikkje personen tenke på alle utfordringane sine.
– Ho er sjukt smart, morosam og velformulert. Det krev utruleg mykje å vere henne. Men i spela kan ho vere seg sjølv.
Anda seier at menneske er utruleg relasjonelt anlagte, og trur ein er heilt avhengig av andre for å takle dei tunge fasane av livet.
– Det kan vere tøft å spør om hjelp. Nokon kjenner kanskje på skam for at dei ikkje får til livet, og vil helst vere aleine. Men du kjem ikkje vidare i livet av å berre sitte aleine og spele i kjellaren.
– Sorg og liding skal ikkje isolere deg
Relasjonar er det første ein bør tenke på i ein eventuell sorgprosess, meiner Anda.
Du må sørge for at du har ein døgnrytme, at du kjem deg ut og får litt dagslys og trim, men først og fremst må ein vere med andre.
– Gjer det som er viktig for deg. Lær å vere deg sjølv og vere i livet slik det er blitt, og lev vidare. Så er det nesten alltid nyttig å gå til terapeut.
Ho samanliknar det å finne den rette terapeuten med å leite etter ein partnar. Giftar du deg ikkje med første, andre eller tredje kjærast, gir du ikkje opp kjærleiken for det.
Av og til må ein prøve nokre gongar.
– Speling kan vere eit fint tillegg til å kome seg over kneika, men du skal leve vidare.
Anda minner også på at nokre gongar suger livet. Slik er det berre. Og ofte varar det lenger enn me skulle ønske.
– Sorg og liding skal ikkje isolere deg frå verda. Sjølv om du har mista nokon eller er blitt sjuk, er det ikkje din feil. Ikkje tenkt at det er noko gale med deg om du har det vondt. Det å ha det vondt, er noko me alle har til felles. Det gjer deg meir som andre.