Anmeldelse

Dragon Quest III HD-2D Remake

Erketradisjonell rollespelmoro

Nytolkinga av Dragon Quest III leverer eit solid rollespel for dei som synest alt var betre før.

Square Enix

Om du kjem tuslande inn i Dragon Quest III etter å ha kosa deg med nyare spel som Dragon Quest XI og forventar noko av det same, er det ikkje sikkert du kjem til å gå derifrå med eit umiddelbart glis om munnen.

Dragon Quest III HD-2D Remake er ein oppussa versjon av eit spel som opphaveleg blei lansert på den første Nintendo-konsollen heilt tilbake i 1988. Det har altså gått heile 26 år, og sjølv om vi har fått ein bunke fine forbetringar som pyntar på opplevinga, merkast alderen godt.

Alle eventyr må starte ein stad.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eventyr utan forteljing

Noko av det første ein vil merke, og dette vil vere velkjent for dei som var unge og kosa seg med slike spel på 80- og 90-talet, er at du etter ein rimeleg kjapp introduksjon står mutters aleine på eigne bein. Det blir nærast forventa at du skal vite nøyaktig kva du skal gjere heilt utan hjelp, og eg må innrømme det blei litt omstilling. I seinare år har vi blitt meir og meir bortskjemde med spel som tviheld på handa di og nektar å sleppe deg laus utan tydeleg signal som peikar mot vegen heim.

I ei verd full av sideoppdrag og skjulte skattar og eit mylder av enorme spelverder å gå seg vill i kan det vere like så greitt at ein i det minste får litt hjelp til å finne vegen, om ikkje anna så i tidsklemmas namn. Dragon Quest III fungerer ikkje slik. Dette spelet kastar deg ut i ei nær opa verd som var stor og fri lenge før dette var nokon trend.

I byrjinga vandrar du berre fritt dit du vil, og møter kanskje nokre stengde bruer og slikt som sørgjer for at du ikkje går for fort fram. Etter nokre timar får du deg eit skip, og då ligg heile verda for dine føter. Du reiser rundt, utforskar område, får høyre om noko spanande og prøvar å finne vegen dit. Får du pryl er det berre å kaste inn handkleet ei lita stund og kome tilbake seinare.

Folk pratar lite i dette spelet, ein herleg kontrast til nyare spel der folk aldri held kjeft, og ein må sjølv filtrere ut kva som er nyttig info. Kjem du over noko viktig, som til dømes kvar noko spanande ligg, må du sjølv lagre dette i det næraste spelet kjem ei loggbok. Ut frå det folk seier må du sjølv leite deg fram på kartet. Det einaste unntaket er ein og annan sirkel som viser deg at i dette området vil du kunne ta historia vidare, men denne kan du slå av for ei verkeleg autentisk oppleving.

Spelet blir skikkeleg stemningsfullt no og då.
Øystein Furevik/Gamer.no

Verda for dine føter

Å springe rundt i Dragon Quest III var for min del som eit ørlite deja vu. Eg spelar mange japanske rollespel, og i år har det vore heilt Texas på den fronten, men det er lenge sidan eg har spelt noko som dette. Med dette meiner eg spel der du berre blir kasta ut utan å heilt vite kvar du skal, medan du hamnar i ein ny kamp for kvart tredje eller fjerde steg du tek.

Eg overdriv, det er ikkje så ille, men eg skal innrømme eg blei litt lei av det heile i starten. Eg vil mot målet, eg. Kampar er som regel noko som gjer den reisa lengre. Det tok meg kanskje eit par-tre timar å omkalibrere hjernen til å forstå kva dette spelet eigentleg handlar om.

Jau da, dette er eit rollespel med oppdrag, men historia er uviktig, gløym den. Det er reisa som gjeld her. Kome til nya stadar, få tak i nytt utstyr, oppdage nye grotter og sanke inn stadig fleire erfaringspoeng. Gå rundt i ring fordi du må ha litt fleire erfaringspoeng akkurat no. Du gjer alt dette ikkje for å oppleve ei klassiske historie du vil hugse lenge, men for å bli betre. Det er det dette spelet handlar om; makt.

Som med mange andre japanske rollespel reiser du rundt med ei gruppe på fire heltar. Tre av desse lagar du sjølv, og dei har ingen identitet. Dei er berre eit visuelt ytre som skjuler kreftene som ligg under. Spelet byr på ein bunke figurklassar, og etter kvart som du kjem deg lenger inn i spelet vil du kunne byte klasse på alle utanom helten din.

Kvar gong du byter klasse vil du ivareta ein del av attributtane dine, samt alle eigenskapar og trolldom. Med dette i tankane kan du byte klasse for å på sett og vis lage dine eigne klassar. Du kan lage ein krigartrollmann, ein magikar som kan både vere offansiv og defensiv eller din eigen kombinasjon. Treng du ein meir robust magikar kan du gjere han om til krigar slik at han blir litt tøffare, før du byter tilbake igjen. Eventuelt kan du la han vere tjuv ei stund for å gjere han raskare slik at han har større sjanse for å handle først.

Sjølvsagt kan du vandre inn i husa til sovande folk og ta med deg alt du finn.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vakker nostalgi

Dragon Quest III HD-2D Remake kjem til oss i ei flott ny innpaking lettare inspirert av det Square Enix gav oss i Octopath Traveler-spela. Dette spelet er eigentleg meir samanliknbart med fjorårets Star Ocean: The Second Story R. Alle figurar og fiendar er piksellerte, medan miljøa du vandrar rundt i er i langt høgre oppløysing. Det er eit kunstnerisk val som fungerer veldig fint, og enda betre her enn i Star Ocean. Spesielt stor effekt har lyssettinga, som i mørke område verkeleg skapar ei nydeleg stemning. Saman med den alltid muntre Dragon Quest-musikken er det lett å kome i god eventyrstemning.

Litt verre stemning blir det av dei tinga utviklarane kanskje burde ha prioritert minst like mykje som det visuelle. Dette er eit snart 30 år gammalt spel, og det er rom for å gjere mykje meir for å modernisere opplevinga litt.

Hovudproblemet for meg er kampane. Dei er ulideleg trege. Det er heilt hinsides, og det aller første du må gjere når du startar opp dette spelet er å gå inn i innstillingane og skru opp alt som har med fart å gjere. Gjer du ikkje det, vil du sitje igjen med kjensla av at eit enkelt angrep tek fem lange minutt, og når ein kamp byr på nokre titals angrep totalt, går tida sakte. Sjølv på høgste tempo er det for mykje venting. Isolert sett er det ikkje eit stort problem, men du hamnar i uhorveleg mange kampar, og då blir det ein frustrasjon.

Dette er eigentleg eit gjennomgåande tema både i og utanfor kamp. Ting går for sakte og menyar og snakkebobler tek ofte for lang tid å få bort. Det er ein liten ting, men små ting kan bli store når det er nok av dei, og i Dragon Quest III HD-2D Remake er det definitivt nok av dei.

Kampane er artige, men visuelt kunne det ha vore gjort meir.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Dragon Quest III HD-2D Remake er eit klassisk stykke spelhistorie. Det tredje spelet i serien bydde allereie i 1988 på eit utfordrande og minneverdig eventyr med mykje spanande å oppleve. No får vi det i ei ny og vakker drakt, og servert på ein måte som er dagens marknad verdig. Det meste av små irritasjonar og gammaldagse irritasjonar, som gjerne var ein konsekvens av dåtidas maskinvare, er borte.

Det er stort, det er engasjerande og det er eit spel som demonstrerer kor frie tøyler spela i denne sjangeren hadde i byrjinga.

Dette er ei flott nytolking av eit gammalt spel, men det er framleis eit gammalt spel. Square Enix har ivaretatt essensen av spelet, og alle dei viktigaste elementa er med. Eg likar gamle rollespel med tilfeldige kampar, men det er nesten for mange av dei her. Eg vil kome meg fram, men ørten slag på vegen gjer reisa frykteleg lang.

Dragon Quest III HD-2D Remake er ute på PC, PlayStation 5 (testa), Xbox Series X/S og Nintendo Switch.

7
/10
Dragon Quest III HD-2D Remake
Eit triveleg og gammaldags eventyr som kunne ha blitt modernisert litt meir.

Siste fra forsiden