Feature

Prisnivå på skjermkort

– Ein trend som har overraska alle

Prisane på skjermkort er avskrekkande, seier nettbutikkane. Samstundes har AMD sin 6000-serie gjort eit kjempebyks i Norden.

Mikkjell Lønning

Datasentertenester og AI blir ein stadig større del av omsetninga til selskap som Nvidia, og skjermkort til speling kjem til å få ein mindre plass framover.

Det siste åra har spelskjermkort i øvste prisklasse gjerne kosta det same som både tre og fire PlayStation 5. Inflasjon, brikkemangel, kryptobølgjer og andre faktorar har gjort PC-speling mindre attraktivt enn før.

Sjeldan har ein fått så mykje meir for pengane med ein konsoll enn ein speldatamaskin.

Gamer.no har tatt ein runde med nokre norske nettbutikkar for å høyre korleis situasjonen faktisk er i Noreg.

For dyrt for enkelte

Daniel Hauan, kommunikasjonsansvarleg i Komplett Group, fortel at salet deira av skjermkort i 2023 har vore litt under salstala frå same periode i 2022.

Daniel Hauan i Komplett.
Komplett Group

– Då er det viktig å hugse på at snittprisen på skjermkort har gått betydeleg opp med dei siste generasjonane, og me sel ei god blanding av eldre og nye kort, seier Hauan.

Han fortel at dei naturleg nok har sett ein klar nedgang på skjermkortsal sidan 2020 og 2021.

– Utan at det treng å bety noko for marknadstrendane me ser i dag. Pandemien og Nvidia sin 3000-serie rekrutterte svært mange nye spelarar over heile verda i denne perioden, seier han.

Strategien deira har vore å kjøpe inn mengder med lagerparti av førre generasjon frå AMD og Nvidia.

– Me forstod tidleg at prisnivået på nyaste generasjon kom til å bli noko dyrt for enkelte av kundane våre, seier Hauan.

Overraska over AMD

Hauan i Komplett fortel om ei uventa utvikling i marknaden.

– Me ser særleg éin trend som har overraska alle, og det er utviklinga til AMD Radeon. Radeon har aldri vore større i Norden enn det dei er no.

Komplett reknar at Radeon hadde ein marknadsdel på mellom 30 og 40 prosent i Norden i andre kvartal. Til samanlikning hadde Radeon ein marknadsdel på rundt 10 prosent i 2022.

– Det er kanskje ikkje så rart, då Radeon sin 6000-serie er der kundane får mest for pengane sine no. Me håper sjølvsagt – som alle andre – at Radeon 7000-serien og Nvidia sin 4000-serie kjem til å gå ned i pris på sikt, men mykje kjem an på valutaeffektane det neste året.

Hauan seier elles at dei ferdigbygde PC-ane deira går som varmt kveitebrød for tida.

– Igjen er mykje av årsaka smarte partikjøp av førre generasjon skjermkort frå både AMD og Nvidia, seier han.

Tøffare konkurranse mellom butikkane

– Me har sett ei dreiing det siste året mot dei meir rimelege alternativa, som er ein naturleg konsekvens av at kundane held litt hardare på lommeboka, seier Monica Fasting, kommunikasjonssjef hos Power.

Monica Fasting er kommunikasjons- og PR-sjef i Norden for Power.
Power
Vis mer

Dei vil ikkje seie noko om salstala sine, men forklarar at skjermkort ofte har klare salstoppar rundt feriepengeutbetalinga og i desember. Power har sett same tendens i år med dette.

Elkjøp vil ikkje svare på Gamer.no sine spørsmål.

Både Power og Komplett har fått tak i fleire skjermkort i år enn tidlegare. Med 3000-serien var lagerhyllene til norske nettbutikkar støvsuga for skjermkort, men den siste generasjonen har vore lettare å få tak i – både frå AMD og Nvidia.

Det heng nok saman med både prisauken på skjermkort og den generelle inflasjonen i samfunnet.

– Det er ingen løyndom at kundane er meir prismedvitne no, og at dei følgjer nøye med på kampanjane våre. Kampen om kundane er litt tøffare enn han har vore. Det kan òg kome kundane til gode framover, seier Fasting.

Seig bruktmarknad

Bruktmarknaden har òg sett ein klar nedgang frå 2021 til 2022 og 2023.

Finn.no har gitt oss innsyn i tal på både søk og annonsar, som viser ein nedgang i søk etter søkeordet «skjermkort».

I 2021 var det 77 794 søk etter «skjermkort». I 2022 var talet redusert til 48 845. Til og med juli har 24 013 søkt på ordet.

Søkeord på «Nvidia» har heldt seg noko meir stabilt, medan «AMD» aukar i 2023. Det heng nok saman med at prosessorserien deira òg har blitt meir populær.

Søkeord:

NvidiaAMDSkjermkort
2021307574033777794
2022266473291148845
2023165232359724013

Annonsar:

AMDNvidiaSkjermkort
2022 (jan-juli)239112671159
2023 (jan-juli223514181345
Ledige stillinger
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (14)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Locrin
2 år siden

Kjøpte et 6950 Merc til 8000 og fikk med 1TB SSD til verdi av ca 600 kroner. Synes det var noenlunde okay. Alt annet er veldig overpriset enda. Men folk betaler og da har de ingen grunn til å sette ned prisene.

TheKims
2 år siden

Ble 6950XT her også. Fant et demo kort hos Komplett og med 10% rabatt så havnet det på 6500kr. Må opp i rundt 10K visst man vil ha samme ytelse fra Nvidia, så det var en no brainer for min del.

Gjest Slettet-23ll7q82UE
2 år siden
Er så dritlei høye priser på GPU og hva det koster å game i 4k at dette toget har jeg hoppet av nå. Rett og slett ikke verd det så lenge man ikke sitter 24/7 for min del i alle fall. Da er det like greit å prøve være fornøyd med en konsoll som varer noen år uten å måtte tenke på bytte hardware eller tømme lommeboka. :)
simalarion
2 år siden

Vinklingen på problemet i artiklen "Mange som ikke har råd", jeg tror det er vell så mange som har råd (som meg) men vurderer det alivkell til at det er ikke så gøy med skjermort at man betaler 20 000 + å vet fint lite om hvor lenge denne sykt høye prisingen varer, en god stund virker det som.

Kjøpte alltid Highend kort tidligere & det var en artig hobby så lenge det varte, men ikke så gøy at jeg betaler prisene satt i dag.

-Shroom-Dustifier
2 år siden

Som en ivrig PC bygger så har jeg fullstending falt av. Jeg synes prisene på de nye kortene er så useriøse at jeg får vondt i magen. Vi snakker altså om en dobling i pris på de mer premium gpuene. Jeg kjøpte min 1080ti splitter flunka ny fra komplett til 8490 kroner når kortet var helt nytt. Nå koster tilsvarende kort fra samme merke 17 190. Helt latterlig, og jeg har bestemt meg for å drite i PC gaming når 1080ti min dør. 

Kommer ikke på tale å bruke to hele månedsleier på et grafikkort, da funker PS5 min fint. 

Siste fra forsiden