2013-spillet Tomb Raider gav meirsmak for mange på grunn av ein god historiedel, og den gode jobben Square Enix og Crystal Dynamics gjorde med PC-versjonen.
Med Rise of the Tomb Raider har Crystal Dynamics nok ein gong kome med eit godt produkt som lever opp til forgjengaren. Vår anmeldar kom med ein god omtale av Rise of the Tomb Raider på Xbox One, så me vil i denne artikkelen sjå på korleis den nylanserte PC-versjonen fungerer. Her vil me samanlikne diverse innstillingar og kome med nokre råd til forbetring av yting.
Imponerande god yting
Etter å ha spelt gjennom heile spelet viser det seg at Rise of the Tomb Raider held seg på eit solid nivå ytingsmessig. Med stort sett alle innstillingane på maks ligg bileteoppdateringshastigheita mi rundt 60-80 (Nvidia GTX 980 4 GB) i 1920x1080. Nokre områder i spelet er meir intensive enn andre, som gjer at ein til tider vil sjå dropp ned mot 45 med eit 980-kort. Prosentvis kan ein forvente liknande reduksjon med alle typar skjermkort, då Sibir-området i spelet er mykje meir intensivt enn dei andre områda.
Minimumskrav for Rise of the Tomb Raider på PC:
- Operativsystem: Windows 7 64 bit
- Prosessor: Intel Core i3-2100 eller AMD-alternativ
- Minne: 6 GB RAM
- Skjermkort: NVIDIA GTX 650 2 GB eller AMD HD7770
- DirectX: Versjon 11
- Lagring: 25 GB
Anbefalte spesifikasjonar:
- Operativsystem: Windows 10 64 bit
- Prosessor: Intel Core i7-3770K
- Minne: 8 GB RAM
- Skjermkort: NVIDIA GTX 980Ti 2560x1440 eller NVIDIA GTX 970 1920x1080
- DirectX: Versjon 11
- Lagring: 25 GB
Det er sjeldan spelet drar veldig mykje av prosessoren, det er skjermkortet som gjer hovudjobben. I videoen blir det brukt ein firekjerners i7-4770K, men kva som helst prosessor i midtsjiktet vil få jobben gjort.
SLI-skalering er ikkje i nærleiken av like bra som i Tomb Raider 2013, der ein omtrent kunne doble ytinga med eit ekstra skjermkort. I dette spelet kan ein forvente at bileteoppdateringshastigheita går opp med 10-20.
GameWorks-spel har hatt ein tendens til å skape problem for dei som bruker AMD-kort, og det verkar som Nvidia-brukarar har betre yting så langt. Nvidia kom med ein oppdatering til sine skjermkort for Rise of the Tomb Raider og betaen til The Division 27. januar, så hugs å laste ned den før du køyrer spelet. AMD har sagt at dei vil kome med ein eigen driver snart.
Eit stort mangfald av innstillingar
Det fyrste som slo meg når eg opna spelet var den enorme innstillingsmenyen. Ein kan navigere menyen med mus, og dei fleste innstillingane har ei lita skildring som fortel kva dei gjer. Oppløysinga er det fyrste ein må sjå på, det finn ein i «display»-menyen. Rise of the Tomb Raider lar ein velje mellom enten fullskjerm eller «eksklusiv fullskjerm». Dersom ein vil nytte oppløysingar over 1920x1080, eller ha bileteoppdateringshastigheita over 60 må ein bruke «eksklusiv fullskjerm». Merk at det er vanskeleg å minimere spelet med denne fullskjermsmodusen, så skru av den innstillinga om du skal minimere spelet. Det blir litt irriterande å måtte forandre fleire innstillingar kvar gong ein skal leggje ned spelet viss ein køyrer i oppløysing over 1080p (ein må både slå av eksklusiv fullskjerm og slå ned oppløysing, for så å sette alt tilbake igjen etterpå, samt å stille opp bildefrekvensen til 144 igjen). For meg har ikkje Steam-overleggsvindauget fungert med denne innstillinga heller. Det er også moglegheit for å velje kva skjerm ein vil spele på, slik at dei med fleire skjermar enkelt kan flytte spelet.
Skjermmenyen lar ein og justere kva form for anti-aliasing ein vil bruke. FXAA er den som krev minst å køyre og ser relativt bra ut. Neste moglegheit er SMAA som verkar å dra litt meir av systemet, men gir kantane på bileteelementa (piksel) i distansen ein meir jamn utsjånad. Til slutt har ein SSAA, som er ein form for «supersampling». Denne innstillinga fungerer på same måte som NVIDIA sin «Dynamic Super Resolution», og lar spelet teikne teksturane i ein høgare oppløysing, for så å vise dei i for eksempel 1920x1080. SSAAx4 vil firedoble mengden piksel, mens SSAAx2 vil doble den. Reddit-brukar bigodon99 har lagt ut eit skjermbilete av Rise of the Tomb Raider i 10K (10240x4320) ved bruk av SSAAx4 på spelet i 5120x2160 oppløysing. SSAA er særs intensivt for skjermkortet, slik at ein treng eit skjermkort i det aller høgaste sjiktet for å bruke det.
Spelmeny
Sjølve spelmenyen lar ein endre på vanskelegheitsgraden, samt å fjerne overlevelsesinstinkta til Lara Croft, som gjer spelet ein god del meir utfordrande. Det er også tatt med ein eigen innstilling for å skreddarsy tastaturljos på Razer-tastatur.
Grafikkmeny
Grafikkmenyen har eit mangfaldig utval av gode innstillingar. Førehandsinnstillingane vil fungere godt for dei fleste, men dersom ein vil tilpasse spelet meir mot høgare bileteoppdateringshastigheit, eller betre kvalitet er det mange moglegheiter.
Teksturkvaliteten kan by på problem
Underteikna sleit i nokre timar med spelet i byrjinga, då teksturkvaliteten på «veldig høg» bruker latterlege mengder med videominne. Det har skapt problem for mange, og det er ikkje så lett å finne ut av.
Viss spelet drar meir videominne enn det skjermkortet ditt har, kan spelet byrje å henge seg opp, og at bileteoppdateringshastigheita dett mot null støtt og stadig. Mitt kort drar 4 GB videominne heile tida i intensive områder i spelet viss eg har på teksturkvaliteten på «veldig høg». Viss eg derimot slår teksturkvaliteten på «høg» i staden, går bruket ned til mellom 2 og 3,8 GB videominne sjølv med alle andre innstillingar på maks, til og med i 4K-oppløsing.
På NVIDIA si nettside står det at videominnebruken kan komme opp mot heile 10 GB i 4K med teksturkvaliteten på «veldig høg», mens det er anbefalt å ha eit kort med 6 GB videominne for 1920x1080. Ein vil tru at spelutviklarane vil fikse dette etter kvart, då dette vanskeleg kan ha vore intensjonen. Så om du slit med at spelet heng seg opp, sørg for å sette teksturkvaliteten til «høg», for det er det mest vanlege problemet.
Det er særs vanskeleg å sjå forskjellar mellom den høgaste teksturkvaliteten og den nest høgaste, samt at det er absolutt null forskjell i yting så lenge ein ikkje kjem over maks videominnebruk. Teksturane på den høgaste innstillinga kan vere opp til 4Kx4K oppløysing, men det er likevel ikkje nokon grunn til at det skal bruke så absurde mengder med videominne.
«Ambient Occlusion»-alternativ frå NVIDIA
Rise of the Tomb Raider kjem med tre innstillingar for «ambient occlusion»; av, på og HBAO+. Som ein ser i samanlikningsbiletet er det ganske store forskjellar på HBAO+ og vanleg «ambient occlusion». HBAO+ har kome med i spelet etter samarbeid med NVIDIA. «Partnarskap med NVIDIA har latt oss flytte grensene for grafikkyting med nyskapande teknologi», står det i pausemenyen til spelet.
HBAO+ trekkjer ein god del meir av skjermkortet enn den andre forma for «ambient occlusion», så difor er det anbefalt å slå av HBAO+ viss ein vil ha høgare bileteoppdateringshastigheit. Den «vanlege» innstillinga er ein modifisert versjon av Xbox One sin «ambient occlusion», BTAO.
Mange mindre viktige innstillingar gir stor forskjell saman
Spelet tilbyr ei lang rekkje innstillingar, nokre med stort utfall for kvaliteten på grafikken utan nemneverdig innverknad på ytinga. «Tesselation» gjer for eksempel at det glitrar i snøen, som i den fyrste videoen. «Screen Space Reflections» gjer at visse flater speglar omgivnadane, som for eksempel i sølepyttar.
Innstillingane for uskarpheit fungerer godt dersom ein har låg bileteoppdateringshastigheit. Rørsleuskarpheita gjer at ein kan slå ned innstillingar som skuggekvalitet eit par hakk, utan at ein merker nokon forskjell når ein er i rørsle.
PureHair er den nye versjonen av TressFX frå Tomb Raider 2013. I det spelet var TressFX kanskje den aller mest intensive innstillinga, mens i Rise of the Tomb Raider har dei optimert PureHair mykje betre. Med den høgaste innstillinga kan ein sjå kvart snøfnugg i håret til Lara klart og tydeleg, og hårstråa er mykje meir definerte enn i Tomb Raider 2013. Hårfysikken er også klart forbetra.
Djupneskarpheita er veldig godt gjennomført i Rise of the Tomb Raider. Denne innstillinga vil ha ein viss innverknad på yting, så det er anbefalt å sette denne til «på», i staden for «høg». Forskjellane er veldig små, så ein taper ikkje noko kvalitet på det.
Detaljnivået i spelet er for det meste relativt høgt, sjølv om ein skrur ned innstillinga. Om ein har detaljnivået på maksimum eller minimum har liten innverknad på bileteoppdateringshastigheita. Som ein ser på biletet er forskjellen på bygningane og skogen likevel ganske store.
Eigne innstillingar for linserefleksjonar samt skjermeffektar som blod og støv kan også slåast av og på. Desse har absolutt ingen innverknad på yting, men linserefleksjonen kan vere litt inntrengande til tider.
Sun Soft Shadows er ein ny teknikk som gjer skuggane i PC-versjonen mykje mjukare enn dei var på Xbox. Skuggane får eit meir realistisk preg, og framstår ikkje lenger som eit reint spegelbilete. «Dynamic Foliage" gjer at plantar og buskar beveger seg når Lara går igjennom dei, samt at høgare nivå av innstillinga aukar tettheit av lauvverk, gras og liknande.
Lydmenyen
Menyen for lyd kunne godt hatt litt fleire innstillingar, då den manglar nokre viktige tilpassingsmoglegheiter. Det er ingen innstillingar for surround-lyd, samt at det manglar ein brytar for mastervolum. Det er litt skuffande at utviklaren ikkje har lagt meir arbeid i dette, då spelet har eit kjempegodt lydspor.
Lite å sette fingeren på elles
Etter å ha spelt igjennom spelet på rundt 10 timar, kom eg borti veldig få feil. To gongar så eg teikn til grafikkfeil, der nokre teksturar gjekk litt i oppløysing, men elles fungerte det grafiske godt etter at eg satt teksturkvaliteten til «høg».
Det var litt småpirk med klatremekanikkane som gjorde at eg døydde nokre gonger utan at det var min feil, og at Lara satt seg fast ved nokre anledningar. Noko meir enn dette kan eg ikkje seie å ha lagt merke til.
Lastetidene i spelet var for det meste solide. Det er sjeldan ein ser eit AAA-spel med så korte lastetider. På ein SSD vil innlasting ta nokre knappe sekund, mens med ein vanleg harddisk tar det rundt 10-15 sekund for meg. Det vil sjølvsagt gå opp dess større lagringsfila blir, men lastetidene har holdt seg relativt stabile gjennom heile spelet for meg.
Konklusjon
Rise of the Tomb Raider på Xbox One ligg omtrent på same nivået som PC-versjonen på «medium». Dette er sjølvsagt minus mykje meir avanserte teknikkar for skuggelegging, «anti-aliasing» og «ambient occlusion» som er tilgjengeleg på PC. Xbox-versjonen har og bileteoppdateringshastigheita låst til 30, mens PC har støtte for opp til 144.
For det meste er Rise of the Tomb Raider ein særs godt gjennomført overgang til PC. Det er lett for meg å anbefale kjøpet, så lenge ein er klar for litt tilpassing av grafikkmenyen. Det er ein god del opp og ned i bileteoppdateringshastigheita i dei forskjellege spelområda, slik at ein fort må skru ned litt i visse område. Pass og på dette med teksturkvalitet, for den kan føre til store problem viss ein ikkje har nok videominne. Det er nok ikkje alle som vil få same problem som eg gjorde, for det er alltid store forskjellar på PC-spel i byrjinga, grunna at små underliggande feil kan skape store problem for nokon, mens andre ikkje merker noko til det.
Det er sjeldan ein får eit stort spel med så mange tilpassingsmoglegheiter, og det er veldig få «bugs» å peike på i spelet.
Synes du dette var interessant kan du sjekke ut denne saken:
Få The Witcher III til å sjå ut akkurat slik du vil »