Det må vere lov å seie vi ikkje er heilt nøgde med månaden som har gått. Sjølv om Diablo IV: Vessel of Hatred leverte ei solid utviding, var det noko som skurra med det meste denne månaden. Vi fekk ein kjip Tomb Raider-serie frå Netflix, eit kjipt Life is Strange-spel, ein kjip nykomar i Unknown 9: Awakening og ei ikkje heilt vellukka oppussing i Romancing Saga 2.
Nokre godbitar var det likevel. Vi hadde ei heftig veke med speldemoar i Steam Next Fest, eit nydeleg lite eventyr i Neva og nytolkinga av Silent Hill 2 var alt vi kunne ha håpa på.
Med det ser vi framover mot spela i årets siste haustmånad.
Mario & Luigi: Brothership
Plattform: Nintendo Switch
Ute: 7. november
Om du har sakna Mario & Luigi-serien frå Nintendo er dette månaden for deg. Med hjelp frå studioet som står bak Octopath Traveler-spela har Nintendo laga eit flunkande nytt rollespel der røyrleggjarbrørne må ut på nye eventyr og møte kjende og kjære figurar som Peach, Bowser og mykje meir.
Denne gong reiser dei rundt i Shipshape Island, som er både øy og båt på ei og same tid. Frå dekket på dette skipet må dei navigere rundt i verda Concordia som er full av fargerike og varierte område. Spelet bli tradisjonen tru turbasert og vil by på velkjende hammar- og hoppangrep, samt Bros.-angrep der både Mario og Luigi gyv laus på mostandarane.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario & Luigi: Brothership
Dragon Quest III HD-2D Remake
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X/S, Nintendo Switch, Windows
Ute: 14. november
Dragon Quest III blei først lansert heilt tilbake i 1988 og er sett på som ikkje berre eitt av dei beste spela i Dragon Quest-serien, men og eit av dei viktigaste japanske rollespela nokon gong. Spelet blei først tilgjengeleg i Europa på Switch i 2019, og kjem no i ein flunkande ny versjon i 2D-HD-stil.
Her får du byggje eitt følgje med dyktige krigarar og leggje ut på eit digert eventyr i ei fargerik fantasiverd signert Dragon Ball-skapar Akira Toriyama. Denne nyversjonen oppdaterer spelmekanikkane, men held fast ved tradisjonane og byr på eit klassisk turbasert kampsystem. Sjølv om dette er det tredje spelet i Dragon Quest-serien, er det kronologisk det første, og er difor det første av spela i Dragon Quest I-III-trilogien som blir gjenskapt.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dragon Quest III HD-2D Remake
Slitterhead
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series X/S, Windows
Ute: 8. november
Kort tid etter nytolkinga av Silent Hill 2 landa til solid mottaking, er Silent Hill-skaparen, samt komponisten ute med eit flunkane nytt eventyr. Slitterhead byr ikkje på den same, intense marerittstemninga til Silent Hill-serien, men ser definitivt ut til å lene seg mykje i same, ekle retning.
Her møter vi ein haug med monster som latar som om dei er menneske, og i rolla som ein formlaus skapning kan vi ta over kroppane til menneske for å nedkjempe desse Slitterhead-beista. Ved å byte kroppar kan du både kome deg gjennom hinder og forflytte deg over lange avstandar kjapt. Ikkje minst kan du lage våpen av blodet i menneskekroppane for å lage våpen til bruk mot dei mannevonde beista. Noko nytt og annleis ser dette i alle fall ut til å bli.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Slitterhead
LEGO Horizon Adventures
Plattform: PlayStation 5, Nintendo Switch, Windows
Ute: 15. november
Eg vil tru det ikkje var mange som såg denne kome. LEGO Horizon Adventures er ikkje berre eit LEGO-spel basert på Horizon-serien. Det er og eit Sony-spel som lanserast på PlayStation, PC og Nintendo Switch, på ein og same dag. I vente har vi ei klassisk LEGO-oppskrift der du både må bygge for å kome deg vidare, men og kjempe mot robotbeist i kjend Horizon-stil. Spelet lovar ei laus tolking av det første Horizon-spelet, der skodespelarane vender tilbake og gjer sine roller på ny i ein hakket meir tøysete vri.
Nytt er sjølvsagt at spelet går føre seg i Horizon-verda. Vi følgjer Aloy på eit nytt eventyr der vi får sjå ei lang rekke LEGO-landskap inspirerte av spela frå Guerilla Games. Dette ser ut til å bli det absolutt penaste LEGO-spelet så langt, og bør bli ein fest for auga når du enten spelar det aleine, eller saman med andre.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på LEGO Horizon Adventure
Stalker 2: Heart of Chornobyl
Plattform: Xbox One, Xbox Series X/S, Windows
Ute: 20. november
Få spel har sett ein meir utfordrande utviklingsprosess enn ukrainske Stalker 2. Midt i utviklinga gjekk brått Russland til krig mot Ukraina, og under pressa forhold som har inkludert hacking frå prorussiske grupper, har utviklarteamet halde fram arbeidet, mot alle odds.
Stalker 2: Heart of Chornobyl er trass namnet det fjerde spelet i serien, men det første på heile 15 år. Det er eit skytespel i førsteperson der vi får prøve oss mot stridande fraksjonar, mutantar og mykje anna. Vi blir lova ei opa verd der du sjølv kan forme din eigen veg, og utforskar historia som skal kunne gå i mange ulike retningar avhengig av vala du tek. Spelet byr i tillegg på eit stort våpenarsenal der modifikasjonar er ein essensiell del av kvardagen.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Stalker 2: Heart of Chornobyl
Taktikk, fly og traktor
Vidare i november får finn vi ein variert bunke med spel. I The Rise of the Golden Idol skal du bli detektiv og løyse heile 20 ulike drapssaker på 70-talet. Hakket meir taktisk blir det når Metal Slug-serien glir frå sideskrollande skyting til isometrisk skyting i Metal Slug Tactics.
For den som heller vil gjere noko konstruktivt og bygge litt, kan det kanskje passe med litt karusellar og moro i Planet Coaster 2, før vi hiv oss inn i eit par nye fly i Microsoft Flight Simulator 2024 og til slutt tek traktoren fatt og pløyer ein åker i Farming Simulator 25.
Blir alt dette hakket for nære kvardagen kan moglegvis VR-spelet Metro Awakening vere meir di greie.
Har du ikkje VR-briller finnest det likevel alternativ der ute. Tetris Forever er ei samling med spel som feirar 40 glade år med Tetris. Little Big Adventure – Twinsen's Quest er ein ny versjon av det klassiske eventyret frå 90-talet, medan My Sims: Cozy Bundle er eit knippe eldre spel på ny plattform og Goat Simulator: Remastered er nyversjonen ingen visste dei måtte ha.
Vel, no veit du det. God speling.