Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Denne månaden blir ei saleg blanding av samarbeid, museum og ein og annan berserker.

Rebellion, Ubisoft, EA (Montasje: Gamer.no)

Hurra! Vinteren er over, våren er her og no kan vi endeleg for alvor sjå framover mot lysare tider. Denne vinterens siste månad var temmeleg staseleg på spelfronten. Februar både starta og slutta med det som godt kan ende opp med å bli to av årets beste spel; Kingdom Come: Deliverance II og Monster Hunter Wilds.

Mellom desse storspela fekk vi variert krydder i form av spel som rollespelet Avowed, det bisarre piratrollespelet Like a Dragon: Pirate Yakuza in Hawaii, samt herlege Snø: Ultimate Freeriding. Sistnemnde er godt mogleg det einaste spelet du kan spele på nynorsk. Godt jobba!

Med det ser vi atter ein gong framover mot nye horisontar.

Alle museum med respekt for seg sjølv må ha minst ein dinosaur, sjølv om denne er heilt feil.
SEGA
Vis mer

Two Point Museum

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 4. mars

Two Point Studios gav oss for nokre år sidan Two Point Hospital – den herlege, andelege oppfølgjaren til klassiske Theme Hospital. Sidan då har dei laga studentlivspelet Two Point Campus, og no er dei tilbake med Two Point Museum. Tematikken bør seie seg sjølv. Her skal du drifte eit museum på finurleg Two Point-vis, byggje fasilitetar og samle inn objekt verdt å stille ut. Vi har allereie kika på det, og om du framleis diggar denne formelen, vil du sannsynlegvis like dette òg:

«Gyselege gjenferd, pompøse planter og rappkjefta radiovertar er alle med på å sprite opp opplevinga, og ekspedisjoner til alle verdas hjørner er også ein ny og interessant vri. Her ser det ut til å vere stor naturleg variasjon bakt inn i opplevinga, med mange unike utstillingar å oppdage og leike seg med.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Two Point Museum

Split Fiction by på samarbeid for to.
Electronic Arts

Split Fiction

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 6. mars

Split Fiction er det neste spelet frå Josef Fares og hans Hazelight-studio som tidlegare blant anna har gjeve oss It Takes Two. Igjen er det samarbeid for to som står på menyen, eit fellestrekk for spela dette studioet byr på. Split Fiction er bygd rundt at kvar spelar må løyse ulike utfordringar for å hjelpe kvarandre vidare.

I dette eventyret møter vi Mio og Zoe som endar opp med å bli fanga i kvarandres historier. Kvar spelar tek på seg rolla som ein av dei to damene før vi tek turen inn i fantasien deira som spenner seg heilt frå tradisjonell fantasy til framtidsretta science fiction. Samarbeid er så viktig i dette spelet, at utviklarane tilbyr eit venepass på tvers av plattformer. Kjøpet du det på til dømes PC, kan du spele det saman ein ven på PlayStation 5 eller Xbox Series S/X utan at dei må eige det sjølv.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Split Fiction

Japan ventar i årets Assassin's Creed.
Ubisoft

Assassin's Creed Shadows

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 20. mars

Lenge utsette Assassin's Creed Shadows er no omsider klart for lansering, og endeleg tek vi turen til mykje etterspurde Japan. I Shadows møter vi to ulike hovudpersonar i shinobien Naoe, og Yaskue, ein afrikansk samurai inspirert av ein historisk figur. Gjennom spelet får vi utforske Japan som begge desse personane, og kan skifte mellom dei når vi vil. Om Assassin's Creed Shadows klarar å sprøyte nytt blod inn i serien gjenstår å sjå, men etter vår tid med det å døme ser det i alle fall ut til at Assassin's Creed-fans vil få det dei ventar på:

«Assassin's Creed Shadows gjer som Assassin's Creed har gjort ei stund no, og leverer ei stor opa verd med massevis av engasjerande innhald. Overgangen frå vikingtokt i Valhall til heltedåder på den japanske landsbygda er riktignok ikkje like markant som eg kanskje skulle håpa, spesielt med tanke på den nokså lange ventetida.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Assassin's Creed Shadows

Den radioaktive engelske landsbygda står for tur.
Rebellion Developments

Atomfall

PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. mars

Om du synest det er litt for få Fallout-spel på marknaden og gjerne skulle sett meir, er godt mogleg Atomfall spelet for deg. Dette spelet set oss inn i eit liknande scenario der brannen ved atomkraftverket Windscale i 1957 gjekk enda verre enn i røynda, og gjorde delar av Nord-England radioaktiv.

Vi får utforske Lake Disctrict i eit spel som handlar om å overleve i ei verd der du teknisk sett ikkje treng drepe nokon. Som i Fallout kan du likevel kjempe mot muterte skapningar, kultmedlem og mykje anna rart og farleg som apokalypsen bringer med seg. I tillegg vil fi få ein solid dose britisk særeigen karakter, noko som bør vere med på å separere spelet frå Fallout, sjølv om utviklarane sjølve seier Fallout: New Vegas er ei stor kjelde for inspirasjon.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Atomfall

The First Berserker: Khazan byr på ein visuell fest.
Nexon
Vis mer

The First Berserker: Khazan

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. mars

Den gigantiske sørkoreanske utviklaren og utgjevaren Nexon er lei av å berre vere digre i Asia, og brukar ein av sine mest populære seriar som utgangspunkt for eit flunkande nytt actionspel. The First Berserker: Khazan baserer seg på Dungeon Fighter Online, eit slåssespel som blir påstått å ha over svimlande 800 millionar spelarar på verdsbasis.

Der du i Dungeon Fighter Online spelar med pikselfigurar i todimensjonale miljø er The First Berserker eit hardbarka actionspel med tydelege Souls-inspirasjonar. Spelets visuelle stil stikk seg ganske hardt ut blant konkurrentane, der vi får ein slags realistisk animestil full av blod og gørr. Gjennom spelet får vi ta del i ei lang rekke brutale kampar mot mektige fiendar som i tillegg til underhaldande slag tilbyr nytt utstyr du kan ta med deg på ferda.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The First Berserker: Khazan

Ein duo med skikkelege rollespelklassikarar ventar i Suikoden I & II.
Konami
Vis mer

Gamle eventyr på ny

I mars får vi bli med Carmen Sandiego på eit nytt og forhåpentlegvis spanande eventyr, men om dette ikkje er barskt nok for deg, kjem det òg eit nytt kapittel i Killing Floor-serien. Her skal det slaktast zombier til den store gullmedaljen.

Hakket mindre blod blir det i FragPunk, ein ny helteskytar for dei som meiner verda treng fleire av dei.

Den neste rake motsetning kjem gjennom Wanderstop, eit spel om ein tidlegare krigar som prøvar å sleppe unna problema sine ved å brygge te.

Lukke til får ein vel seie, medan sportsentusiastane kan kose seg med litt baseball i MLB The Show 25.

Ein bunke spel kjem til nye plattformer denne månaden. Det snodige PSOne-retroaktige spelet Sorry We're Closed dukkar opp på alt av konsollar, Rise of the Ronin kjem til PC og Age of Mythology: Retold kjem til PlayStation 5.

Vidare kjem Wii U-rollespelet Xenoblade Chronicles X til Nintendo Switch, medan alle JRPG-entusiastar kan sjå fram til ein skikkeleg godbit når Suikoden I & II HD Remaster Gate Rune and Dunan Unification Wars dukkar opp på alt som kan krype og gå av plattformer.

Det var alt for no, god vår og god speling.

Ledige stillinger
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Dataspelrådgivar (vikariat)
Søknadsfrist:
10.04.2025
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Henter kommentarer ...

Siste fra forsiden