Feature

Desse spela gler vi oss til i februar

Den siste vintermånaden byr på monsterjakt og gjensyn med gamle heltar.

Vi kan ikkje akkurat påstå at vi har lagt bak oss ein særs minneverdig månad, men slik er det gjerne ved starten av eit nytt år. Ved sidan av ei heilt grei restaurering av eventyrklassikaraen Grim Fandango, og eit fornøyeleg eventyr med Captain Toad har vi strengt tatt ikkje fått bite tenna i mykje godt. Vi kunne fått oss ei god dose galskap med Saint Row: Gat out of Hell, men det spelet smakte ikkje heilt etter appetitten.

Februar ser ut til å bli ein langt meir spanande månad. Nokre svært lovande spel skal lanserast, og om det ikkje er nok kjem Nintendo med atter ein ny revisjon av Nintendo 3DS. Denne har fått det sjølvsagde namnet New Nintendo 3DS, og byr på litt kraftigare innmat, samt ei knøttlita analogstikke som sikkert kan kome med i ei rekke spel.

Og med det er det på tide med ein kikk på kva spel vi har i vente i tida framover.

Evolve

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 10. februar

Alle mot ein, ein mot alle.
2K

Evolve er eit flaggskip i ein ny trend med spel der ei gruppe spelarar skal rotte seg saman mot ein einsleg spelar. I Evolve tek fire spelarar på seg rolla som jegarar, medan den femte spelaren skal ta kontroll over eit monster som gradvis veks i storleik og kraft. Her gjeld det å ha godt samarbeid innad i gruppa om ein skal kome nokon veg. Vi likte svært godt det vi prøvde under E3-messa i fjor:

«Evolve er ei av dei mest positive overraskingane eg har møtt på i nyare tid. Det latar til å bli eit intenst og hektisk spel med enormt underhaldningspotensiale. Dynamikken mellom monsteret og jegarane er veldig solid, og endrar seg samtidig dramatisk etter kvart som spelet går sin gang. Der du startar tynn og spinkel, veks du deg gradvis til å bil eit enormt og livsfarleg beist.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Evolve

The Legend of Zelda: Majora's Mask 3DS

Plattform: Nintendo 3DS
Ute: 13. februar

The Legend of Zelda: Majora's Mask er tilbake i ny versjon. Vis mer

Denne månaden får vi eit gjensyn med eit av dei mest populære Zelda-spela gjennom tidene. The Legend of Zelda: Majora's Mask er oppfølgjaren til Nintendo 64-spelet Ocarina of Time, og etter suksessen Nintendo hadde med å pusse opp denne klassikaren for Nintendo 3DS, har dei valt å gjere det same med Majora's Mask.

Du kan vente deg hakket penare grafikk som får Hyrule til å kome til live på nytt vis. Ved sidan av dette har Nintendo gjort det dei kan for å få spelet til å passe inn på Nintendo 3DS. Du kan bruke gyroskopet for å sjå rundt deg, noko du og kan gjere med den nye analogstikka om du kjøper New Nintendo 3DS. Av nytt innhald finn vi fisking, samt ei justert vanskegrad.

Les også
Anmeldelse: The Order: 1886

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Legend of Zelda: Majora's Mask

Total War: Attila

Plattform: Windows, Mac
Ute: 17. februar

Krig og død i Total War: Attila.

Det neste spelet i Creative Assemblys strategiserie Total War er snart over oss. Denne gong er det Hunaren Attila som går til kamp mot det romerske riket, og det får store ringverknader. Eit kaldt og hardt klima gjer det vanskeleg for bøndene å produsere mat, og sjukdom herjar. Er du uforsiktig kan soldatane dine pådra seg pest, og dra den med seg frå by til by.

Om dette ikkje byr på utfordringar i seg sjølv kan no heile byar bli raserte av kampane dine. Flammar et seg veg gjennom bygningar, noko som kan knuse moralen til både dine og fiendens soldatar. Erfarne strategar som har lest Sun Zi Bing Fas Kunsten å krige både fram og tilbake har altså nok av utfordringar i vente.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Total War: Attila

The Order: 1886

Plattform: PlayStation 4
Ute: 20. februar

The Order: 1886 byr på stemningsfull action.

The Order: 1886 har sidan avdukinga av PlayStation 4 vore ein av dei verkeleg store eksklusive titlane til Sony. Det er utvikla av Ready at Dawn som tidlegare har stått bak ei rekke God of War-spel til PSP. Denne gong er det derimot ein saleg storproduksjon i vente, og denne tek oss med til slutten av 1800-talet, der ei gruppe krigarar tek i bruk særs kreative våpen for å kjempe mot diverse overnaturleg monsterpakk. Vi likte det vi såg under E3-messa i fjor:

«The Order: 1886 blei ein av årets E3-overraskelsar for min del. Frå å kome inn med antakingar om eit heilt greit skytespel, gjekk eg ut med håp om at den nye konsollgenerasjonen kan gi sjangeren eit lite løft. Innhaldet er dog det same – korridorspringing, skyting, mellomsekvensar, men sjølv denne oppbrukte formelen kan ha noko føre seg om den gjerast godt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Order: 1886

Homeworld: Remastered Collection

Plattform: Windows
Ute: 25. februar

Nyversjonen av Homeworld-spela byr blant anna på betre grafikk. Vis mer

Dei klassiske romstrategispela i Homeworld-serien er klare for relansering i ny og friskare drakt. Etter at THQ gjekk konkurs for nokre år sidan snappa Gearbox opp rettane til spela, og deira første punkt på agendaen var å pusse opp spela for ein ny generasjon. Den sjølvstendige utvidinga Homeworld: Cataclysm er derimot ikkje med i pakka. Dei restaurerte utgåvene av spela vil få nye modellar, teksturar og effekter, samt eit nymiksa lydspor.

I Homeworld-spela blir vi sende til verdsrommet der du må leie ei flåte med flyktningar gjennom ei rekke farlege område. Spela byr på tredimensjonale miljø der du kan fly i alle retningar, men òg kan bli angripen frå alle retningar. Dette opnar for mange taktiske moglegheiter, og spela hausta stor popularitet då dei først kom på marknaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Homeworld: Remastered Collection

Godt og blanda

Nye jakteventyr i Monster Hunter 4 Ultimate.

Om du ikkje har sett noko som freistar denne månaden heilt enno er det ingen grunn til å fortvile. Fleire spel er på veg, og dei kjem i dei flest tenkjelege former og fasongar. Ta til dømes PlayStation 4-spelet Akiba's Trip: Undead & Undressed. Her skal du kjempe mot zombier som ikkje toler sollys. Løysinga er naturlegvis å fjerne kleda deira på særs valdeleg vis.

Fleire lettkledde spelfigurar får vi i slåssespelet Dead or Alive 5: Last Round som kjem til eit mylder av konsollar. PC-versjonen har derimot blitt utsett til mars.

Om du treng hakket meir intellektuell føde kan det kanskje freiste med Xbox One-eventyrspelet Pneuma: Breath of Life. Her spelar du ein gud som kan flytte heile bygningar for å finne svara han er på jakt etter.

Dei er kanskje ikkje gudar, men kreftene til persongalleriet i actionspelet Dragon Ball XenoVerse er det ingenting å seie på. Her flyttar vi ingenting, vi sender sjokkbølgjer gjennom dei og satsar på at ingenting står att. Hakket meir raffinerte blir kampane i Monster Hunter 4 Ultimate som lanserast på Nintendo 3DS. Dette blir òg den første gongen monsterserien kan spelast på nett via Nintendo 3DS.

Til slutt kan vi ta med at nyversjonen av Oddworld: Abe's Oddysee, betre kjent som New 'n' Tasty endeleg blir lansert på Windows, Linux og Mac i februar.

Det var det for denne gong. God speling!

Ledige stillinger
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (25)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Crazy Joe Davola
10 år siden

Gleder meg stort til Majora's Mask. Mange år siden jeg spilte det sist.

 

The Book of Unwritten Tales 2 kommer vel også nå i februar.

Mr. Pants
10 år siden

Jeg kommer nok til å skaffe meg Majora's Mask. Lenge siden jeg har kjøpt et spill til 3DS nå.

LarZen
10 år siden

Er veldig spent på om The Order 1886 blir like gøy å spille som det er pent. Sony har endel veldig pene spill til PS4 men mangler en såkalt system seller. Hadde vært gøy for Sony om 1886 kunne bli det.

 

Det hadde gjort det enda mer interessant å se på salgs tall i mnd fremover.

JoseCuervo
10 år siden

Har bestillt New Nintendo 3DS XL Majora's Mask 3D Edition. Er spent på Pneuma: Breath of Life, så det bli nok kjøpt. Så får en håpe at The Order 1886 ikke blir så ille som jeg tror.

Gunfreak
10 år siden

Order 1866 så nesten ok ut på første video

 

Men ps4 only, nope

30fps nope

 

 

Samt jeg er ikke så fan ac steampunk anyway, regner med dette blir som de andre AAA spillene vi så i 2014, ekstremt underwhelming

Siste fra forsiden