Feature

Desse spela gler vi oss til i august

Alt frå reiser gjennom eit krigsherja USA til ein krigshejra galaxe står på menyen denne månaden.

Dustborn, Black Myth: Wukong og Star Wars Outlaws.
Red Thread Games, Game Science og Ubisoft Entertainment

Juli er over, vi er godt over halvvegs gjennom ein for mange regntung sommar, og dei fleste byrjar å merke at kvaradagen er på veg tilbake. Med slikt svirrande rundt hovuda våre er det godt vi har nokre gode spel å kose oss med.

Juli har vore ein fin, om enn ikkje storslagen månad. Vi fekk ein artig kombo med action og tårnforsvar i Kunitsu-Gami: Path of the Goddess, Thalassa: Edge of the Abyss leverte semningsfull gåteløysing, medan Luigi's Mansion 2 HD gav oss skrekk for dei minste.

Vi skal ikkje bruke mykje tid på å dvele ved det som ein gong var, her er det som ventar i auguat.

Roadtrip gjennom borgarkrigen.
Red Thread Games

Dustborn

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X, Windows
Ute: 20. august

Dustborn er det neste spelet frå Den Lengste Reisen-skaparen Ragnar Tørnquist og hans studio Red Thread Games. Denne gong reiser vi til eit alternativt USA nokre år inn i framtida der ein borgarkrig har delt landet i to. Det ser kanskje ikkje slik ut ved augekast, for Dustborn er eit fargerikt spel med minst like fargerike figurar som vi møter der dei reiser gjennom landet i ein eigen buss. Vi tok nyleg ein liten kikk på det, og vi likte det vi såg:

«Det er litt vanskeleg å skulle konkludere med noko etter ein og ein halv times kikk på ein isolert del av eit historiedrive spel. Men det eg kan seie er at dei ulike personane i spelet så definitivt er interessante, og eg gler meg til å sjå, spele og oppleve heile historia til denne unike samlinga med menneske (og ein robot).»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dustborn

Ape mot natur.
Game Science

Black Myth: Wukong

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 20. august

Black Myth: Wukong er eit kinesisk actionrollespel der du tek på deg rolla som Den Utvalde, ein figur basert på den legendariske apekongen, ein berømt figur frå den klassiske kionesiske romanen Reisa mot Vest. Spelet blei først avslørt i ein trailer frå 2020 som hausta enorm popularitet grunna sin lekre grafikk som fekk mange til å lure på om det heile var ekte.

Det kan vi snart finne ut av sidan spelet er rett rundt hjørnet. Her skal vi i rolla som apekongen bruke ein magisk stokk som kan endre storleik til å banke livskiten ut av eit mylder av mytologiske beist og fiendar. Spelet ser ut til å bli eit nokon lunde tradisjonelt actionspel med lineær framgang og godt iscenesette konfrontasjonar, og vanskegrada skal tilpasse seg kor god du er.

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Black Myth: Wukong

Concord byr på leiken skyting.
PlayStation

Concord

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 23. august

Concord er det første spelet frå Sonys eige studio Firewalk Studio. Det blir eit lagbasert skytespel i klassiske heltestil. Her vel du deg ein figur som passar din smak, og rottar deg saman med andre spelarar med eigenskapar som komplimenterer dine eigne. Det byrjar å bli rikeleg med konkurranse i denne sjangeren, og det blir spanande å sjå om Concord klarar å finne seg ein plass. Vi likte i alle fall det vi fekk erfare då vi prøvde det:

«Concord er ein flerspelarskytar som fungerer mykje betre enn eg hadde trudd på førhand. Ikkje berre ser spelet heilt fantastisk ut. Det er også kjempeartig å spele. Å prøve seg fram med dei ulike klassane er moro, ikkje minst fordi det gir deg fordelar i spelet. Skytefølelsen sit bra, eigenskapene er spanende og sjølv bevegelsessystemet byr på eit ekstra lag med variasjon.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Concord

Fargerik action i klassisk Mana-stil.
Square Enix

Visions of Mana

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 29. august

Visions of Mana blir det første heilt nye spelet i den klassiske Mana-serien på svært mange år. Square Enix har samla fleire av dei originale utviklarane for å skape det største og mest påkosta spelet i seriens historie. I Visions of Mana møter vi den unge mannen Val som reiser ut på ei pilgrimsferd saman med eit knippe gode reisevener til Manatreet.

Serien starta sitt liv som ein actionrollespelserie, og det kjem ikkje Visions of Mana til å rokke ved. Mange klassiske element er tilbake, både actionfyllte kampar med eit aktivt reisefølgje, samt ringmenyen som byr på kjapp tilgang til det du måtte trenge. Mana-serien har ikkje vore eit stort fokus for Square Enix i seinare tid, så det blir uhyre spanande å sjå om mottakinga Visions of Mana får blir god nok til at serien går ein ny vår i møte.

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Visions of Mana

Ein galaxe ventar.
Ubisoft Entertainment

Star Wars Outlaws

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 30. august

Er Star Wars-spelet vi har venta på endeleg her? Godt mogleg, i alle fall om du likar digre Ubisoft-spel med uhorveleg mykje å gjere. Star Wars Outlaws blir eit digert actioneventyr der vi tek på oss rolla som rakkaren Kay Vess, som ikkje spelar heilt på lag med lova. I eit omfattande eventyr får vi reise innom mange planetar som alle byr på særeigne område i beste Star Wars-and. Vi testa nyleg nokre timar av spelet, og kom positivt overraska tilbake.

«Etter nesten fire timar bak spakane, sit vi igjen med eit drastisk betre inntrykk enn det vi har fått av Star Wars Outlaws så langt. Universet verkar å vere svært godt samansett, med passe store utsnitt av kvar planet, spanende oppdrag og solide, velkjende Ubisoft-mekanikker.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Wars Outlaws

Fargerike eventyr ventar i Creatures of Ava.
11 bit studios

Mørk gugge og magiske skapningar

Før nokon av spela ovanfor rekk å landa i digitale spelbibliotek får vi eit gjensyn med svart gugge i World of Goo 2, som sin forgjengar skal du bruke gugga til å byggje ein veg vidare. Meir sideskrollande, om enn hakket meir turbasert og skyteglad moro, finn vi i SteamWorld Heist 2.

Creatures of Ava er eit eventyr med ei historie skapt i samarbeid med Rihanna Pratchett, dottera til den langt meir kjende faren, Terry Pratchett. I dette spelet skal du frigjere ei lang rekke magiske skapningar i ei fargerik eventyrverd.

World of Warcraft treng ingen nærare introduksjon, sånn reint bortsett frå at The War Within, ekspansjon nummer ti er rett rundt hjørnet. Det passar fint med eit rundt tal når serien i år feirar heile 20 år.

Crypt Custodian er eit Metroidvaniainspirert spel der du tek på deg rolla som ein svart katt som har fått ansvaret for å vere vaktmeister i dei evige jaktmarker.

Fleire kattar blir det i Gori: Cuddly Carngage der vi møter ein vilter katt med eit levande surfebrett som beste ven.

Emio – The Smiling Man: Famicom Detective Club er det første nye spelet i Nintendos Famicom Detective Club på heile 27 år. Spelet er ei blanding av visuell novelle og peik og klikk-eventyr.

Til slutt tek vi med nokre spel på veg til ny plattformer. Samarbeidseventyret Operation: Tango kjem til Switch, 2D-borraren Pepper Grinder kjem til konsoll, tidlegare PlayStation- og PC-eksklusive Kena: Bridge of Spirits er på veg til Xbox, medan gruvegravespelet Core Keeper og rollespeleventyret WitchSpring R begge er på veg til konsoll.

Det var alt for august, sjåast om ein månad!

Siste fra forsiden