Årets første vårmånad er over, og eit knippe varierte veker ligg no bak oss. Vi har fått ein liten bunke med flotte spel å kose oss med, i svært ulike sjangrar. På topp finn vi post-apokalyptiske eventyr i Fallout-inspirerte Atomfall, leikent samarbeid i Split Fiction, og ikkje minst eit nytt snikespel i Assassin's Creed Shadows. Denne gong fekk vi ta turen til Japan.
Som vanleg har vi ikkje tid til å dvele lenge ved fortida. Det er det vi har topplisten på slutten av året til. Med det er det på tide å ta ein kikk på kva april har å by på.

South of Midnight
Plattform: Xbox Series X, Windows
Ute: 8. april
For ein del år tilbake kjøpte Microsoft opp utviklarar i aust og vest, og blant dei var Control-studioet Compulsion Games. No er dei klare med sitt nye prosjekt South of Midnight, eit spel som tek oss med til sørstatane, sumper, mørke historier, og ein særeigen stil inspirert av gamle animasjonsfilmar. Vi har tok ein kikk på det tidlegare i år, og såg mykje potensiale:
«Det er tydeleg at historia er i fokus her, og både folk og miljø utfører sin del av forteljarjobben. Compulsion Games har skapt ei veldig spanande verd her, i ein spanande visuell stil, og pakkar det heile inn i eit passande teppe av stilsikker musikk og skodespel. Dei få timane vi har spelt gav absolutt meirsmak. Dette er eit spel som osar av stemning, overnaturlege element, voodoo og sære karakterar.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på South of Midnight

Monaco 2
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 10. april
I seinaste laget – vi snakkar tolv år seinare – kjem endeleg og omsider oppfølgjaren til Monaco: What's Yours Is Mine. Dette spelet satsar på å gjere nøyaktig det same som det første spelet, berre betre. Igjen er det sniking og nasking som står i fokus. Formålet er som alltid å stele det som stelast kan, og gjerne i selskap med fleire.
Spelet er skreddarsydd for å bli spelt saman med vener, men utover det byr Monaco 2 på mykje nytt. Fremst i rekka står den nye visuelle stilen med isometriske kameravinklar og detaljerte miljø. I tillegg blir dei mange nivåa bygde der og då, noko som kort sagt betyr at du aldri vil gå tom for potensielle brekk å tene deg søkkrik på. Det første spelet fekk særs god mottaking verda over, og vi kan berre håpe det same skjer med Monaco 2.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Monaco 2

Blue Prince
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 10. april
I Blue Prince tek du på deg rolla som arvingen som er så heldig å ta over herregarden til ain avdød slektning. Oppgåva di i spelet er å utforske denne bygningen, men dette er lettare sagt enn gjort. Du kan berre gå så mange steg kvar dag, og med dei må du utforske alle romma i heile huset. Kvar gong du opnar ei dør må du velje mellom tre alternativ kva slags rom som gøymer seg bak, og alle byr på eigne gåter og mysterium. For å gjere det heile enda meir oversiktleg blir alle romma nullstilte kvar morgon.
Spelet blandar mysterium, strategi og gåteløysing på ein måte som skal skape ei svært uforutsigbar reise. Om du treng ei pause frå action og historietunge spel, skal du ikkje sjå bort frå at Blue Prince kan by på nøyaktig det avbrekket du og dine små grå treng.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Blue Prince

Clair Obscur: Expedition 33
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 24. april
I Clair Obscur: Expedition 33 følgjer vi ei gruppe menneske som må legge ut på ei reise for å prøve å stoppe den mystiske målerinna. Kvart år målar ho eit tal, og alle som er denne alderen døyr. Spelet lovar å by på ei gripande historie, i eit spel som er sterkt inspirert av japanske rollespel. Vi har allereie kika på det, og er veldig klare for meir:
«Dette spelet gjer veldig mykje betre enn mange moderne rollespel, og brukar veldig lite tid på å spore deg av den historia spelet fortel. Alt framstår gjort med hensikt, og ingenting ser ut til å vere der berre for å vere der. Historia er tung, dyster og mørk, medan spelet blandar det beste frå mange år med turbaserte kampar. Eg for ein gler meg stor til spelet lanserast i april, og det burde du òg.»
Sjå bilete, les artiklr og finn beste pris på Clair Obscur: Expedition 33

Fatal Fury: City of the Wolves
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 24. april
Om du meiner det har vore hakket for stille på slåstespelfronten er april månaden for deg. Eit nytt spel i Fatal Fury-serien er på trappene, og dette er ein serie som har halde det gåande heilt sidan 1991. Fatal Fury: City of the Wolves blir det tolvte spelet i serien, og det første på heile 26 år.
Spelet blir eit såkalla 2.5D-spel med 3D-modellar som flyttar seg fram og tilbake på eit todimensjonalt plan. Spelet hentar fram igjen ei rekke mekanikkar frå dei gamle spela, sjølv om vi blir lova mykje nytt. Spelet byr òg på nokre gjestekarakterar i form av Chun-Li og Ken Masters frå Street Fighter-serien, samt fotballspelaren Cristiano Ronaldo som brukar fotballen sin som våpen i kamp. Stemma hans er det derimot ein innleigd skodespelar som står for.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fatal Fury: City of the Wolves

Har vi ikkje sett dette før?
Om du var ein av dei som kosa seg med 90-talssimulatoren Lost Records: Bloom & Rage i februar, kan du no sjå fram til fortsetjinga. Får vi svar på dei store sprøsmåla?
Skulle dette vere heilt uinteressant kan moglegvis Tempopo vere eit alternativ. Dette er eit gåtespel frå utviklarane bak Unpacking.
Resten av spela denne månaden er gamle spel i ny innpakning.
The Last of Us Part II Remastered er på veg til PC, medan Days Gone Remastered tek turen over til PlayStation 5. Tidlegare Xbox-eksklusive Forza Horizon 5 tek òg turen over til PlayStation 5 denne månaden.
I The Talos Principle: Reawakened får vi det originale gåtespelet, inkludert utvidingane Road to Gehenna og In the Beginning, samt ein nivåbyggar.
Av ein langt eldre dato finn vi Croc: Legend of the Cobbos. Dette er ein oppussa versjon av spelet som først blei lansert på konsoll og PC i 1997.
Til slutt tek vi med at LUNAR Remastered Collection byr på to japanske rollespel frå 90-talet som ikkje blei lansert i Europa.