Test

PlayStation 5 Pro

Den beste spelkonsollen pengar kan kjøpe

Men det er mykje pengar, ja. For mykje.

Mikkjell Lønning

Fire år har gått sidan me blei ståande i månadlange bestillingskøar for PlayStation 5, og for eit par veker sidan dukka PlayStation 5 Pro opp.

Kraftigare, mindre, dyrare.

Gamer.no er heftig forseinka med vår test, men me takkar fraktselskapet vårt for å sette det som må vere noregsrekord i å frakte ein pakke frå Oslo til der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu-kommunen Sandnes.

16 dagar. Ikkje verst, altså. Men me har i alle fall fått ei lita veke med konsollen.

Kontroversiell

Mens me har purra og purra på den stakkars pressekontakten vår, har debatten om PlayStation 5 Pro rast i media og på sosiale medium.

Elefanten i rommet er sjølvsagt prisnivået. For då eg kjøpte PlayStation 4 Pro i 2016, og irriterte meg grøn over at vifta overdøyva støvsugaren min, kosta det meg berre 3790 kroner.

Med diskdrev og greier.

PlayStation 5 Pro – utan diskdrev – kostar 10 190 kroner.

PS5 Pro (venstre) og ein standard PS5 med diskdrev.
Mikkjell Lønning
Vis mer

Inflasjon, svak kronekurs og andre uting påverkar sjølvsagt prisen, og sjølv om heile verda klagar på den auka kostnaden, er berre konsollen rundt 2000 kroner dyrare enn ein vanleg PS5 i USA.

Her snakkar me over 4000.

Kan ein forsvare dette på noko vis?

Største trekkplaster

Først dei kalde, harde fakta.

PS5 Pro er mindre enn originalen, men høgare enn fjorårets PS5 Slim. Brukaropplevinga i menysystema er lik som før.

Lagringa er utvida til 2 TB. Det er lagt til 2 GB ekstra med GDDR6-minne, som også har auka bandbreidde.

Zen 2-prosessoren er relativt lik som i originalen. Arkitekturen begynner å bli ganske gammal, sjølv om prosessoren har noko høgare klokkehastigheit her og skal vere laga på ein 4nm-produksjonsprosess.

Prosessoren kjem til å bli ein flaskehals i stadig fleire spel framover.

Straumforbruket er minimalt auka, og elles er kjølinga like støysvak som tidlegare.

Mikkjell Lønning
Mikkjell Lønning

Sony marknadsfører mest på tre ting; kraftigare skjermkort, betre strålesporingskapabilitetar og støtte for ein ny type KI-oppskalering.

Skjermeininga er basert på AMD sin komande RDNA 4-arkitektur.

«Skjermkortet» har 67 prosent fleire «compute units» og 28 prosent raskare minne enn forgjengaren, utan at det seier oss så altfor mykje. Sony hevdar dette gir grunnlag for opptil 45 prosent høgare yting.

«Game boost» gjer at spel som ikkje er oppgradert for PS5 Pro, får ei tilsvarande auke i yting. I alle fall på papiret.

Eurogamer har testa langt fleire spel enn me har kapasitet til i farta, og fant at ytinga stort sett aukar med 30–35 prosent i spel utan eigen PS5 Pro-oppgradering – i alle fall der skjermkortet er flaskehalsen.

Forskjellane vil variere kraftig frå spel til spel. Det kjem me tilbake til.

Gimmick

Trekkplaster nummer to, strålesporing, er og blir ein gimmick for dei fleste.

AMD hevdar RDNA 4 skal bli langt betre på strålesporing enn dei tidlegare generasjonane deira, men det er framleis få spel som verkeleg utnyttar strålesporing skikkeleg.

Me ser det aller best i spel som Cyberpunk 2077 med path tracing, noko konsollar neppe får med det første.

Mikkjell Lønning

Strålespora refleksjonar er ofte det som gjer mest ut av seg, og det har me testa i F1 24 på PS5 Pro.

Sjølv om eg mykje heller speler med 120 FPS-modusen i eit bilspel, er det kult korleis omgivnadane speglar seg i bilane i fart.

Det er kjekt at konsollar får meir grafikksnacks og valfridom, men igjen; det er høg gimmick-faktor på dette. Dei færraste kjem til å ofre høgare bildeflyt for litt annleis lyssetting og nokre hakkete refleksjonar.

Oppskaleringsmagi

Teknologiar som DLSS og FSR har vore ein liten revolusjon for speling på PC sidan det kom, då du kan få langt høgare bildefrekvens omtrent «gratis», stort sett utan nemneverdige ulemper.

I fjor kom FSR også til konsollar, men det er eit stykke opp til kvaliteten på Nvidias DLSS.

Sony sin nye variant, PSSR, fungerer på same vis som dei andre. Eit nevralt nettverk blir mata enorme mengder med scenar frå eit spel, om og om igjen, og lærer seg korleis det kan få det til å sjå betre ut.

Mikkjell Lønning

Vil du vise spelet ditt i 4K, lar PSSR deg teikne spelet i ei lågare oppløysing, som er mindre krevjande å køyre. PSSR oppskalerer bildet ut til spelaren igjen.

Kvaliteten på PSSR vil altså variere frå spel til spel, alt etter kor bra implementeringa er. PSSR i Stellar Blade er blant spela som blir rosa opp i skyene her, utan at me har testa det heilt enno.

Skarpare og betre

Me har brukt tid i dei oppgraderte versjonane av F1 24, No Man's Sky og The Last of Us II Remastered.

PSSR er ikkje like bra som dei nye versjonane av DLSS, men det er godt nok til at du sjeldan treng å bruke Quality-modusane i spel lenger. Høgare bildefrekvens og oppskalering er generelt å føretrekke – også veit me at PSSR vil bli betre med nye oppdateringar.

Eg hoppa først inn i The Last of Us Part II Remastered.

Den nye Pro-modusen brukar PSSR til å oppskalere spelet frå 1440p til 4K med 60 bilde i sekundet. PS5 gjer også dette, då utan PSSR, men er ikkje like skarpt.

Mikkjell Lønning

Forskjellen er openberr når du ser etter, også tidvis i action. Teksturane er skarpare og kantutjamninga betre, og bildefrekvensen er limt på 60-talet.

Men det er heller ikkje natt og dag, dette. Du legg neppe merke til dei visuelle forskjellane i kampens heite, og dette er nok ikkje spelet som utløyser den største Pro-kjøpelysta.

Kor langt unna du sit frå TV-en din, og kor stor han er, vil også påverke om du legg merke til detaljane. Sjølvsagt.

8K?

Både F1 24 og No Man's Sky har fått støtte for speling i 8K. Dette har me ikkje testa, men eg tviler på at PS5 Pro kjem til å sette fyr på marknaden for 8K-TV-ar med det første.

Likevel er det ikkje tvil om at speling i 8K har noko for seg. Me har skrive ein del om 8K-speling på PC tidlegare, og ei firedobling av piksel frå 4K vil naturlegvis sjå betre ut.

Avstanden til skjermen, og kva skjerm du brukar, er igjen ein viktig faktor.

Mikkjell Lønning

Men i både F1 24 og No Man's Sky kan du køyre spelet i 4K med høgare bildefrekvens. Det ville eg uansett vald i spel med høgt tempo og presisjon, som skytespel og bilspel er.

Dei fleste som kjøper denne konsollen, vil nok ha ein VRR-TV i 4K med oppdateringsfrekvens på 120 hertz eller meir.

F1 24 har val mellom 8K60 og 4K120, mens No Man's Sky opnar for 8K30 og 4K60.

Begge spela har fått betre grafikk takka vere PSSR.

Nytt liv til eldre spel

Nokre veker etter lansering er no nærmare 100 spel oppdaterte for PS5 Pro.

Ikkje alle fungerer like godt, der til dømes EA no undersøker problem med Star Wars Jedi: Survivor sin oppgraderte versjon. Det blir gjerne fiksa på sikt.

PS5 Pro kjem også med ein funksjon for å løfte grafikkvaliteten på PlayStation 4-spel.

Fire år etter PS5-lansering kostar PS5 Pro nesten det dobbelte. Då verkar 30–35 prosent høgare yting litt tamt, sett i forhold til utviklinga i maskinvare i same tidsrom.
Mikkjell Lønning
Vis mer

Eg fyrte opp Bloodborne for ein liten kikk, og merka at ein del av teksturane i spelet er tydeleg skarpare, men det er uklart om det faktisk er snakk om oppskalering av oppløysinga.

Den største forskjellen ser ein på grensesnitt, tekst og den type ting. Hadde eg ikkje visst betre, kunne eg fint ha gjetta at grensesnittet var teikna i 4K her.

I Shadow of the Tomb Raider er teksturar i distansen skarpare, men her er forskjellen jamt over mindre synleg.

Funksjonen er uansett kjekk å ha viss ein skal spele gjennom eldre spel.

Nytt segment

Me pratar mykje om entusiastmaskinvare i PC-verda. No kan også konsollverda smykke seg med slike merkelappar, for PS5 Pro er i alle høgaste grad eit entusiastprodukt.

Der PS4 Pro i praksis var ei erstatning for PS4, fyller PS5 Pro eit anna rom i marknaden. Det har litt med at ein ikkje har heilt det same behovet for ein oppgradert konsoll som då.

PS5 køyrer allereie mykje i 60 FPS med høg bildekvalitet, og det er nok for mange. PS4 var ein forholdsmessig svakare konsoll i 2016 enn det PS5 er no.

PS5 Pro vil minske forskjellen mellom svindyre gaming-PC-ar og konsollar, og for dei som er ute etter nettopp dette, er konsollen ei grei investering.

Mikkjell Lønning

Den er mynta på dei med pengar og interesse for bildefrekvens og grafikk. Og ein kjem ikkje unna, at ein tilsvarande datamaskin ville kosta veldig mykje meir.

Eg hadde kanskje kjøpt ein PS5 Pro om eg ikkje visste at dei fleste nye spela endar opp på PC etter nokre år.

Så er det ein del som skurrar.

Dei Pro-oppgraderte spela er dyre. Som mange andre entusiastar er hyllene i TV-benken min fulle av fysiske spel og UHD-Blu Ray eg gjerne skulle ha fyrt inn i konsollen.

Men då må eg betale ekstra for eit diskdrev. Det er merkeleg at det ikkje følger med når Sony priser seg inn i entusiastsegmentet. Skal du først fyre opp prisen så heftig, bør du også tilby alt av snacks frå start.

Då sit eg igjen med eit spørsmål om kven Sony eigentleg meiner skal kjøpe dette, anna enn blodfans av PlayStation.

Konklusjon

Pratar du ikkje regelmessig om oppløysing, bildefrekvens og grafikknivå med kompisar, så har du sannsynlegvis ikkje behov for denne konsollen.

For dei aller fleste vil forskjellane vere for små til å forsvare ei oppgradering frå PS5.

Men har du råd og lyst, er det få ting å pirke på anna enn prisen. Alt blir betre frå ein vanleg PS5.

Det er den kraftigaste konsollen på marknaden, og leverer klart høgare yting i dei aller fleste spel. Å kunne oppleve 60 FPS i endå fleire konsollspel er flott - sjølv om me skulle ønska at prosessoren var hakket raskare etter fire år.

Me veit at det kjem rabattar på PS5 Pro etter kvart, og kanskje ligg prisnivået der det bør vere til neste Black Week igjen. For eg hadde ikkje betalt over 12.000 kroner for gleda av ein profesjonell leikestasjon med diskdrev.

Med ein prislapp på 7-8000 hadde fort karakteren vår vore eit hakk høgare.

Det er kjedeleg å kome daltande etter tre veker seinare, med dei same argumenta som mange andre har formidla. Men det er ikkje så veldig mykje nytt å seie om PS5 Pro.

PS5 Pro er for dyr. Enkelt og greitt.

7
/10
Sony PlayStation 5 Pro (PS5) 2TB
Den beste – og dyraste – konsollen pengar kan kjøpe.
Introdusere nye måtar å spele oppgraderte spel på
Jamt over kraftigare
Langt betre på strålesporing
Meir lagring og minne
Oppskaleringsteknologien PSSR er svært god
Prosessoren kunne med fordel vore oppgradert meir
Uforholdsmessig dyr
Diskdrev og støtte er dyrt ekstrautstyr
Ledige stillinger
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (21)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
jesper.evensberget@gmail.com
4 måneder siden
Hvorfor kjøper folk den skiten her istedet for en pc, ikke forstått siden jeg var 13 år gammel 🤷‍♂️
Iki
4 måneder siden
jesper.evensberget@gmail.com skrev (19 minutter siden):

Hvorfor kjøper folk den skiten her istedet for en pc, ikke forstått siden jeg var 13 år gammel 🤷‍♂️

Fordi du får bedre ytelse for mindre penger, samt at det er langt enklere når alt bare virker...

Femtekolonne
4 måneder siden

Er ikke konsoll for oss som spiller noen timer på søndag og gaming pc for de som gamer i flere døgn til de detter av stolen av dehydrering? 

Wik
4 måneder siden
jesper.evensberget@gmail.com skrev:
Hvorfor kjøper folk den skiten her istedet for en pc, ikke forstått siden jeg var 13 år gammel 🤷‍♂️
Plug and play og mindre kostnadar - Det er mykje lettare for hvermannsen å forhalde seg til en PC. Idag så speler eg hovudsakleg på konsoll, det er kun visse rollespel eg brukar PCen til.
Comma Chameleon
4 måneder siden
jesper.evensberget@gmail.com skrev (4 timer siden):

Hvorfor kjøper folk den skiten her istedet for en pc, ikke forstått siden jeg var 13 år gammel 🤷‍♂️

Jeg har spilt på både PC og konsoll. Og nå går jeg igjen bort fra PC tilbake til konsoll, uten å angre. Det er flere grunner:

1. Mer valuta for pengene på nytt utstyr. Skal du slå verdien på konsoll må du kjøpe brukt og/eller vente på tilbud. Det tar tid, og tid er penger. I tillegg vanskeligere å deale med når komponenter ryker.

2. Mindre knot. En gaming PC krever mer styr. På hardware-siden i form av bygging av PCen, oppgradering.  På software-siden i form av drivere og annen programvare. I tillegg er det ti ulike launchers for de ulike spillene.

3. Eksklusive spill. Selv om ting er blitt bedre, så er det fortsatt en del konsoll-eksklusiver.

4. Bedre ytelse i enkelte situasjoner. Jeg har et skjermkort som er mye raskere enn en PS5 (eller PS5 Pro), men i noen spill er bildefrekvensen mer jevn på konsollen. Det kan være på grunn av shader compilation eller andre optimaliseringer som kan gjøres mot konsoller og som er vanskeligere på PC.

5. Jeg bruker fortsatt mus og tastatur i en del spill selv om jeg spiller på konsoll. Jeg har fortsatt 120hz skjerm. Jeg kan fortsatt bruke discord. 

Ja du får ikke like mye eye-candy i alle spill, eller man må til tider overleve med 60fps kontra 120fps, men for mange av oss går det helt fint avhengig av spillet. Jeg hadde ikke spilt rocket league på 60fps, men i et eventyrspill går det fint.

Siste fra forsiden