Anmeldelse

Avatar: Frontiers of Pandora

Blendande vakkert

Ubisoft har skapt noko av det vakraste som er vist på ein skjerm, men er det nok?

Ubisoft

Avatar: Frontiers of Pandora er på grensa til å vere umogleg vakkert. Det er godt mogleg det vakraste spelet eg har hatt gleda av å springe rundt i. Det er så fullt av ting å sjå og utsikter å la seg forsvinne i at ein kan bli litt matt. Det er så vakkert at det å berre springe rundt i skogen eller suse gjennom lufta på eit digert beist i seg sjølv kan vere nok. Det er så mykje å sjå og ta inn at ein berre må stoppe opp for å gi seg sjølv tida til å berre vere. Meir enn ein gong har eg brått berre stoppa og taust beundra det eg var vitne til.

Spelet er så lekkert at det aleine byr på mykje av verdien, men det er ikkje berre den tekniske prestasjonen som er skapar dette inntrykket. Avatar: Frontiers of Pandora utnyttar det å vere ei framand verd på ein framand planet til det fulle ved å skildre eit økosystem som er magisk, levande og overbevisande medan den enorme kreativiteten til utviklarane bak osar mot deg. Eg likar meg best når eg berre får vandre rundt, plukke opp ting eg mest sannsynleg ikkje får stor bruk for, og kanskje kjempe unna eit og anna beist som tenker eg gjer meg som middag.

Så lenge eg får vere i fred til å gjere det eg synest er kjekkast i denne verda er eg glad til. Eg skal til og med innrømme eg kosar meg. Berre det å springe hurtig gjennom viltre og vertikale landskap i kroppen til ein Na'Vi er ei herleg oppleving. Du er rask, smidig, spenstig. Det er lett å kome fram, og berre det å ta seg fram frå toppen av ei kløft og over nokre digre røter på veg til den andre sida kan vere eit eventyr i seg sjølv der du spring og hoppar som om du aldri skulle ha gjort noko anna.

Av og til må ein berre stoppe opp og ta det inn.
Øystein Furevik/Gamer.no

Frustrasjonar i paradis

Det er lett å la seg tru dette blir eit annleis Ubisoft-spel. Mykje av det vi plagast med elles er borte. Vi har til dømes eit grensesnitt som er nesten ikkje-eksisterande. Ting dukkar berre opp når du treng dei. Utan eit kart er du òg utan ein distraksjon full av små og freistande ikon, og sjølv på det digre verdskartet er ikona få. I staden er det små lys og strålar som indikerer at der borte er det noko du kanskje vil like. Det er minimalt, og gjer det lett å gløyme at dette faktisk er eit Ubisoft-spel og derav så fullt av meiningslaust tidsfordriv at ein kan bli tullerusk. Alt er her, men lett å gløyme. Takk, Ubisoft.

For å finne fram må du bruka sansane dine. I praksis eit knappetrykk som viser eit svakt, lysande omriss rundt ting av interesse. Det fungerer berre til dels. Eg har brukt for mykje tid på å leite etter ting som skal vere der, men som berre nektar å vise seg. Nokre gongar har eg sjekka kvar cm av eit område med lupe på jakt etter den eine planta som er rett framfor meg, men berre ikkje dukkar opp med radarsynet. Det er som om det er ei forsenking, at du må stå i ro i akkurat mange nok sekund på rett plass før ting kjem til syne. Det er frustrerande.

Mest frustrerande er det likevel når nokon vil deg til livs. Sjeldan til aldri har eg vore utsett for meir frustrerande kampar.

Det største hinderet mellom deg og siger er ofte noko så elementert som å finne fienden som skyt på deg. Du ser kulene, du ser korleis helselinja stupar nedover, men alt du ser elles er eit samansurium av skugge og organiske former. Fiendane forsvinn bak grasstrå, kvistar, lauv, små steinar og alt mogleg anna. For å finne noko å skyte på må du halde inne sanseknappen som ligg rett ved skyteknappen, berre for å gjere kompliserte ting enda meir kompliserte.

Mange av dei fiendtlege menneska sit attpåtil i heftige tobeinte maskiner som trass sin storleik og openbere tyngde oppfører seg som viltre små apekattar med null respekt for tyngdekrafta. Dei hoppar opp og ned og er over deg før du får sukk for deg. Etter alt arbeidet utviklarane har gjort for å skape ei overbevisande verd ein kan tru på, er det litt snodig at det er i menneskeleg maskineri illusjonistane kasta inn handkledet og tenkte at nok var nok.

Det er minimalt med rot på skjermen som tek merksemd.
Øystein Furevik/Gamer.no
Vis mer

Ubisoft-formelen

Avatar: Frontiers of Pandora er eit spel med mange og store motsetningar. Det er ei fryd å spele i kortare periodar, men eg kjenner at etter berre nokre timar i denne verda byrjar eg å bli metta, og litt sliten av mølla som går sin gang. Sjølv med ei enorm og magisk verd full av ting å sjå og ta med seg, dannar den eit tomrom.

Spelet byr på ei historie av eit slag, men den berre er der. Den manglar driv, og er krydra med alt for mange meiningslause sideoppdrag spelet hadde klart seg betre utan.

Eg anar eigentleg ikkje kva spelet handlar om. Det byrjar med at du lagar ein Na'Vi som har blitt kidnappa av menneska og endeleg blir fri. Deretter er det ein kamp mot menneska som aldri heilt tek av. Du øydelegg installasjonar som forureinar luft og jord, hjelper ei jente med å ri, finn nokre frø som skal bli måling, og lokaliserer ein totem eller to. På sitt mest infantile skal du lage spesifikke gjenstandar på ein bestemt stad med ingrediensar av ein bestemt kvalitet. Og dette skal du bruke tid på.

Vi får ei fascinerande og oppfinnsam verd dynga ned med ein fantasilaus oppdragsstruktur som tener inga nytte. Det heile hadde gjort seg betre som eit spel der du berre skal vandre rundt, overleve, lage våpen, jakte, sanke frukt, og lage betre utstyr i di jakt på nye område og nye folkeslag.

Vir får utforske alt frå tjukke skogar til vidstrakte sletter.
Øystein Furevik/Gamer.no
Vis mer

Konklusjon

Avatar: Frontiers of Pandora er ei litt vanskeleg nøtt. Det er på mange vis typisk Ubisoft. Det er for mykje. Alt for mykje. Dei klarar berre ikkje å prøve ut litt måtehald. Det er så mykje å plukke opp og sjekke ut og så mange små og meiningslause oppdrag å gje fatt på at ein kan utvikle migrene av mindre.

Ubisoft har likevel gjort eit gedigent sjakktrekk med Avatar, og det er å la deg leve utan eit kart og eit mylder av ikon.

Dette tillet deg å i fred og ro leike deg i ei av dei mest utrulege spelverdene eg nokon gong har sett. Den er nydeleg, fascinerande og ei sann fryd å utforske. Når eg gir blanke i alt anna og berre spring rundt på jakt etter det ukjende er spelet på sitt aller beste. Eg finn nye, vakre område, kanskje eit tradisjonsrikt objekt som må sjekkast ut, ein fabrikk som må jamnast med jorda, og kanskje nokre greiner, skinn og bein som kan bli nytt utstyr.

Det er mykje å bli glad i i Avatar: Frontiers of Pandora, men det er mykje å kritisere òg.

Avatar: Frontiers of Pandora er ute til PlayStation 5, Xbox Series X/S, Amazon Luna og Windows.

Ledige stillinger
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (11)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Gjest Slettet-23ll7q82UE
ett år siden
For min del som er Avatar super-fan, er dette er rein 10/10, men for dem som ikke bryr seg og bare vil spille det for å spille så er jeg kanskje enig i 6/10. Det er mange år siden jeg spilte noe fra Ubisoft slik at ikke trenger å irritere meg over copy/pastet content som er ofte det som blir sagt fra flere. :)
Walkyrje
ett år siden
Jeg liker spillet så godt at jeg så begge avatar filmene på nytt for 3 gang her om dagen. Enig med anmelder ang ai på noen av fiender. Og basene er et mareritt av og til. Feiler man må man gjøre hele greia på nytt.
Tåka
ett år siden
Et veldig bra spill etter min mening 10/10 kan ikke huske å ha spilt noe så bra på flere år! Er ca 50% igjenom så har mye igjen heldigvis! Skal starte på "Laser Ore Processor Apha" lvl 20 plass, blir spennede timer å drive med det hehe!
Tåka
ett år siden
Walkyrje skrev:
Jeg liker spillet så godt at jeg så begge avatar filmene på nytt for 3 gang her om dagen. Enig med anmelder ang ai på noen av fiender. Og basene er et mareritt av og til. Feiler man må man gjøre hele greia på nytt.
Driver du med en større base så starter det der du døde så da starter man ikke på nytt med alt heldigvis!
WigNut
ett år siden
Ubisoft = spillet blir IKKE kjøpt eller prøvd engang.

Siste fra forsiden