AMD med nye prosessorar og skjermkort

Det var overraskande lite informasjon om RX 90-serien.

ASUS TUF Radeon RX 9070 OC Edition.
AMD

Måndag kveld annonserte AMD nokre av dei nye skjermkorta sine basert på RDNA 4-arkitekturen.

AMD har av ukjende grunnar vore veldig sparsame på detaljane, men me fekk vite at Radeon RX 9070 og RX 9070 XT er på veg.

Produsenten har tidlegare sagt at dei gir opp flaggskipduellen mot Nvidia. Dei skal satse i mellomsegmentet og under.

Skjermkorta kjem i løpet av første kvartal ein gong.

Prisen er så langt ukjend, men gjennom ei pressemelding frå ASUS veit me at begge får 16 GB videominne.

RDNA 4-skjermkorta kjem med innebygd KI-teknologi, som blir brukt i oppskalering gjennom komande FSR 4.

AMD har også vist fram prosessorane Ryzen 9 9950X3D og 9900X3D.

9800X3D har som kjend knust Intel ned i støvlane på spelyting, og toppmodellane vil vere ein del raskare til produktive oppgåver enn 9800X3D er.

9950X3D får 16 kjernar og 32 trådar, med klokkehastigheiter opp mot 5.7 GHz. Den skal i snitt vere åtte prosent raskare enn forgjengar Ryzen 9 7950X3D i spel.

9900X3D kjem med 12 kjernar og 24 trådar. Den får klokkehastigheit på opptil 5.5 GHz.

Siste fra forsiden