Heilt sidan avsløringa under Ubisofts E3-pressekonferanse i 2012 har det vore mykje snakk om Watch Dogs. I dette opa verd-spelet tek du på deg rolla som Aidan Pearce, og via mobiltelefonen hans kan du hacke deg inn på både overvakingssystem, gatelys og andre mobiltelefonar. Spelet vil by på solide doser action, men utviklarane hevdar likevel at du skal kunne snike deg gjennom 95% av oppdraga.
Watch Dogs skulle originalt kome ut før jula i fjor, men blei utsett for å gi utviklarane litt ekstra tid å polere spelet på. I dag har Ubisoft sendt ut ei pressemelding der dei fortel at dei omsider har nagla ein dato fast til veggen. 27. mai kan du sjølv ta turen til Chicago for å ta opp kampen mot storebror.
Dystopisk framtidsvisjon
I spelet møter vi ein versjon av Chicago som er styrt av sentraloperativsystemet ctOS. Nesten alt av teknologiske system blir styret av dette operativsystemet, og det inneheld i tillegg informasjon om innbyggjarane. Dette kan spelaren utnytte ved å til dømes snike seg inn i banksystema for å skaffe seg ekstra pengar, eller ved å skape kortslutningar som distraherer folk rundt han.
Vi hadde ein prat med Watch Dogs animasjonssjef Lars Bonde, som fortalde oss at visjonen dei har for verda i spelet er svært lik dei realitetane som kom fram under Snowden-avsløringane frå i fjor:
«Dette er den samtida vi tar for oss i spillet vårt, og det er noko vi trur det er nyttig å setje i fokus. Vi ynskjer ikkje berre å lage eit spel der ein kan ha det moro og hacke ting og tang. Til tross for at vi har ein god slump humor i spelet, i form av hovudpersonen Aidens hjelparar for eksempel, prøvar vi å oppretthalde ein alvorleg tone.»
Watch Dogs kjem i sal for PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One og Windows 27. mai. Wii U-versjonen vil kome i sal på eit seinare tidspunkt.
Sniking vil få ei solid rolle i Watch Dogs. Om dette er ein sjanger som fengjer deg bør du sjekke ut vår feature om snikesjangeren.