Games Workshop er godt kjende for den mørke fantasiverda Warhammer, og sci-fi-avarten Warhammer 40.000. Spesielt sistnemnde har blitt eit populært univers i nyare tid, der vi har fått ta del i både strategiske kampar og frenetisk kriging i tredjeperson.
Lenge før konsollar og PC-ar var kraftige nok til å vekke desse verdene til live på fornuftig vis var det derimot miniatyrar det gjekk i. I 1989 dukka spelet HeroQuest opp, ei kreativ kryssing mellom rollespel og brettspel. Nokre år seinare kom oppfølgjaren Warhammer Quest. I dette spelet kunne du leike barsk helt i kamp mot alskens avskum og blodtørstige beist.
I dag kan CVG fortelje at Games Workshop har slått seg saman med Rodeo Games for å lage ein ny versjon av brettspelet, men denne gong til iPhone og iPad. Rodeo Games har tidlegare laga spel for iOS som Hunters og Hunters 2, og det nye Warhammer Quest-spelet vil bruke same motor som desse spela.
Warhammer Quest vil by på turbaserte kampar der heltane kan kjempe mot monster, samle skattar og utforske ei mørk verd, noko lisensieringssjef hos Games Workshop, Jon Gillard, ser ut til å vere svært nøgd meg:
– Gjengen hos Rodeo er ikkje berre ekstremt talentfulle utviklarar med stor suksess på iOS med Hunters-serien, men dei er samtidig store Warhammer-fans. Denne kraftige kombinasjonen er med på å skape ein fantastisk versjon av dette høgt elska spelet.
Warhammer Quest blir tilgjengeleg på iPhone og iPad til våren.
Les også: Anmeldelse: Warhammer 40.000: Kill Team Les også: Sniktitt: Warhammer ONline: Wrath of Heroes