Early Access-inntrykk

Songs of Silence

Viser fingeren til alle spela som prøvar å sjå ut som Fortnite

Jugendstil møter autokampar og strategi i ei fascinerande blanding.

Det eg kanskje likar best med spel er å spele noko heilt nytt. Å spele eit spel om att er ikkje noko for meg, ei heller spele for mange spel i same sjanger på rekke og rad. Ein av mine største motivasjonar for å spele spel, er å kunne stupe inn i noko nytt og ukjent for å finne ut korleis det heile fungere.

Gleda er difor stor når noko ganske annleis ein og annan gong dukkar opp. Songs of Silence er ikkje eit spel som er umogleg å samanlikne med andre ting, men eg kjem strengt tatt ikkje på noko godt å samanlikne det med.

Lat oss like vel prøve. Kva skjer om du tek ei dose Heroes of Might & Magic, sprinklar på nokre kampar som går heilt av seg sjølve, og gjer det heile til ein kamp om å halde territorium? Litt Capture the Flag for å lime det heile saman.

Det vi endar opp med er noko slikt som Songs of Silence. Dette er eit spel som trass sitt enkle ytre er sviande vakkert. Mest grunna dei lekre illustrasjonane i jugenstil som krydrar det meste av skjermar. Det stikk seg ut, viser fingeren til alle spela som prøvar å sjå ut som Fortnite, og slenger på nydeleg musikk frå den japanske maestroen Hitoshi Sakimoto berre for å gjere det heile komplett.

Spelekartet byr på rikeleg med destinasjonar.

Krig, alltid krig

I Songs of Silence får du styringa over eit rike i stadig endring. Du byrjar med ein hovudstad, og frå den brukar du soldatane dine til å rydde unna fiendar og ta over nye område. Når ein vandrar rundt i verda er Songs of Silence eit turbasert spel der du får ei gitt mengde med rørslepoeng kvar tur, og må gi deg over til neste fraksjon når du er tom for ting å gjere. Du reiser mellom tettstadar, kjøper nye soldatar for å bygge ein allsidig hær, og bygger opp fasilitetar der det kan vere til nytte.

Ofte, og gjerne fleire gongar per runde må du ut i kamp, og det er her spelet verkeleg skil seg ut. Om du igjen ser føre deg Heroes, med sine lag på kvar si side av ein arena, har vi eit startpunkt. Forskjellen er at her går alt av seg sjølv. Krigarane kjempar på eige initiativ, og din jobb er å bruke ei rekke kort for å styre kampen i rett retning.

Desse korta kan vere så mangt. Nokre hentar inn forsterkningar, andre gir bonusar til soldatane, medan andre igjen kanskje manar fram eksplosiv magi mot fienden. Det er stor variasjon i kva som blir tilbydd, men du har ikkje endelause mengder. Du får eitt nytt kort kvar gong ein aktuell hærførar går opp i nivå, og korta kan berre brukast ein gong før dei treng tid på å bli klare igjen, sjølv om dei kan oppgraderast for å bli klare raskare.

Det aller viktigaste blir difor å byggje ein solid hær, og denne veks i takt med hærføraren din. I starten kan ein gitt helt berre ha eit knippe einingar med seg, men etter kvart som spelet går sin gang veks hæren din i omfang, og du kan kombinere med bogskytarar, kavalri, infanteri og mykje anna. Det er ein artig prosess som stadig byr på nye soldattypar å utforske.

Ved å bruke den vesle kortstokken din kan du dytte kampen i din favør.

Litt spinkelt

Songs of Silence er eit svært solid utgangspunkt for eit spel, men det er nokre manglar. Sjølv om det meste mekanisk er på plass, skortar det litt på innhald. Early Access-utgåva som no ligg ute byr på ein ganske kort kampanje med ei grei og tidvis interessant historie, men den er ikkje strukturert bra. Du møter kjapt det frykta nivåtaket som gjer at du ikkje blir større og sterkare før neste brett, og eitt nivå prøvar å lage eit snikespel ut av eit taktisk strategispel, ein særs dårleg kombinasjon eg leid meg gjennom

Betre går det med å berre spele Skirmish med autogenererte kart, enten aleine mot maskina eller mot andre over nett. Då blir spelet kjapt ein variant av Risk der ein kjempar mot andre fraksjonar heilt til ein sit sigrande igjen. Det er absolutt denne Skirmish-versjonen som har gjeve meg mest underhaldning. Du er friare til å velje kven og kva du vil vere, og møter ingen kunstige barrierer for kva du får lov til å gjere.

Spelet byr på ei handfull fraksjonar som i seg sjølve byr på solid variasjon. Grunnprinsippa er dei same for kvar fraksjon, men korleis ein byggjer opp ei hær og eit rike kan vere temmeleg ulikt, noko som gir deg ulike og velkomne utfordringar.

Frå hærskjermen kan du komponere kva du skal ha med deg i krigen.

Konklusjon

Songs of Silence er som mange Early Access-spel noko magert så kort tid etter lansering, men byr likevel på mykje moro. Eg merkar lett at timane flyg når eg set meg ned for å spele litt Skirmish, og det fyller eit ørlite tomrom på spelmenyen min akkurat no.

Spesielt godt likar eg stemninga. Spelet osar av den, og den er ei unik samansetning av europeisk jugendstil og dei musikalske notane frå ein komponist som tidlegare blant anna har skrive for Final Fantasy-serien. Det er ei flott blanding, der verda nesten blir like spanande som inhhaldet i den.

Det er sjølvsat det siste som er viktigaste for kor kor lang levetid dette spelet vil få, og heldigvis kan eg konstatere at fundamentet er godt på plass. Spelet vil ha godt av litt finpuss her og der, og nokre av menyfunksjonane er litt tungvindte, men jamt over er dette eit spanande og annleis spel som berre treng litt meir innhald.

Songs of Silence blei lansert på Steam Early Access 4. juni.

Siste fra forsiden