– Veka etter innflytting sov eg i stova. Det var mykje å gjere, men gaming-PC-en var det første som kom på plass, seier Kristoffer Birkedal (32).
Etter eit politisk maktspel av bergenske proporsjonar, blei Birkedal hausten 2023 varaordførar i Sandnes kommune.
Gamer.no møter Frp-politikaren ved det nyinnkjøpte stovebordet. Han flytta inn i leilegheita i sentrum i februar, og kredittkortet har gått varmt for å fylle opp den nye bustaden.
Under Black Week rauk det 24.000 på ny gaming-PC. Naturlegvis.
– Og det har varaløna finansiert?
– Eg sparer alltid til ny PC, og kjøper kvart tredje eller fjerde år. Det er jo ei investering. Eg går ikkje så mykje på byen, for skal eg slappe av, sit eg heller heime og speler. Det sparar eg ein del på i lengda, seier Birkedal.
Mor ville slå av nettet
Diablo 2 og Warcraft 3 var Birkedal sine første møte med dataspel. Då var han elleve.
Ikkje alle i venegjengen hadde PC, så dei drog heim til kvarandre og skifta på å spele på same maskin.
– Det tok ikkje lange tida før mor trua med å rive ut nettkabelen, seier han tort.
I 2004 lanserte nettrollespelet World of Warcraft og endra onlinespeling for alltid.
Birkedal og kompisane var med frå første stund. Sommarferien etter brukte dei kvart einaste sekund dei kunne på spelet.
– Me spelte ufyseleg mykje. Det var heilt krise.
– Snakkar me full South Park?
– Det var enormt South Park. Me sov utruleg lite, og hadde stilt vekkeklokka for å spele. Det er heilt absurd å tenke på.
– Spelte til eg sovna i gamingstolen
World of Warcraft er notorisk for å avle dataspelavhengigheit. Birkedal trur tida hans på ungdomsskulen passar godt inn i definisjonen.
– Eg hadde blitt kalla avhengig i dag. Då eg kom heim frå skulen, var det rett inn til PC-en. Så sat eg og spelte til eg sovna i gamingstolen. Eg la meg gjerne klokka 2–3 på natta.
Birkedal og ein kompis hadde starta eit eige guild, og Birkedal var raid-leiar. Han trur nok skulekarakterane hadde vore nokre hakk betre, om det ikkje var for all spelinga.
– Det var høgda av avhengigheit og spelegalskap. Og slik gjekk dagane, fortel han.
– Dataspelavhengigheit er ofte eit symptom på underliggande problem, som depresjon eller mistrivsel. Sleit du med noko slikt?
– Nei, eg trur ikkje det. Eg begynte i ungdomspartiet i 9. klasse, og var gjerne heilt vekke frå spelinga fleire dagar i veka, då.
– Mor og far var ikkje veldig imponerte, det kan eg nok seie. Men dei var nøgde med at eg snakka med folk gjennom spela. For eg hadde mange vener. Og eg var heldig med å ha ei mor som ikkje orka å krige altfor mykje.
– Faresignal
I ungdommen gjekk det ikkje opp for Birkedal at han var avhengig. Skjermtida dabba av med åra, og han angrar heller ikkje på all spelinga.
– Kva ville du sagt til 13 år gamle deg – i dag?
– Eg trur ikkje eg ville endra noko. Det viktigaste er å ha ein arena der du har vener. Eg spelte med gjengen frå ungdomsskulen, og det var heilt naturleg for oss.
Hans beste minne med speling er nettopp den første sommaren etter World of Warcraft kom ut.
– Det var dritkjekt. Me var ein liten gjeng som dreiv det guildet, og hadde gjerne LAN i helgene. Det er synd me ikkje har tid til det i vaksen alder.
Det klassiske LAN-partyet er nok blitt framand for dagens ungdom. No er det meir vanleg å berre prate over nett.
– Men det viktigaste er å ha folk rundt deg. Brukar du sju timar til å spele på ettermiddagen, treng ikkje det vere eit problem, så lenge du er sosial i spela og kjem deg på skule eller jobb, seier han og legg til:
– Det er nok eit større faresignal om ein speler så mykje og ikkje er sosial. Sunn speling kan ikkje målast i timar. Det handlar om korleis du gjer det.
Ibelin-effekten
Historia om Steen blei først fortald av NRK i 2019. Årets dokumentar har blitt ein viktig nyanse i den stadig aktuelle debatten rundt skjermtid, for filmen gir eit innblikk i dei digitale liva til spelarar.
– Ibelin-dokumentaren viser kor mykje speling betyr for så utruleg mange, og demonstrerer kor viktig det er å vere sosial i spel, seier Birkedal.
Han reiser seg frå stova og går bort til eit hjørne av kjøkkenet. Her har han rigga til PC-en med to skjermar, og har strategispelet Civilization 6 slått opp for dagen.
Det er helg, og Birkedal har vore oppe seint for å spele. Seine kveldar blir det ofte, men det handlar meir om jobben enn noko anna.
– Deilig
Ein varaordførar har aldri fri.
Mang ein journalist har tatt seg i å høyre lyden av World of Warcraft i bakgrunnen under telefonintervju med Birkedal, og slik blir ofte speløktene hans.
Avbrotne.
Han syns det har vore både kjekt og krevjande å bli varaordførar. Dagane er aldri keisame, og det er alltid noko nytt rundt neste sving.
Birkedal har også ei 15 år gammal dotter.
Dataspelinga er kjelda til avslapping i dei travle dagane. Men aller mest er det ein snarveg til å bruke tid med gode vener.
– Spel betyr mykje for meg. Når du har jobba i tolv timar, er det deilig å kome heim og spele. Då skiftar eg fokus totalt. Telefonen er klar, men eg kan senke skuldrene litt og gløyme alt anna. Det trur eg er viktig for den mentale helsa mi.
Ellevilt år
Lokalpolitikken i Sandnes har vore gjennom eit historisk rotete år.
Det at Høgre og Framstegspartiet fann saman etter valet, var eit resultat av mykje att og fram på bakrommet – med ein god dose dolking i ryggen både her og der.
Lokalavisene Sandnesposten og Stavanger Aftenblad har skrive mykje om intern strid.
I haust blei gruppeleiaren til Høgre sikta for grov økonomisk utruskap, og fleirtalet til Høgre og Framstegspartiet rauk då eit Høgre-medlem melde seg ut av partiet.
Då er det greitt å ha noko å senke stressnivået med. Datamaskinen er alltid der når varaordføraren treng å kople av.
– Eg har hatt djupe samtalar med folk eg aldri har møtt, om alt frå politikk til farsrolla. Du får eit heilt spesielt band med folk du har spelt med gjennom fleire år.
Allereie på ungdomsskulen fekk han nære vener gjennom spel. Eit medlem av guildet, som budde på Austlandet, flaug inn for å bu hos Birkedal i ei veke av sommarferien.
– Foreldra hans fekk nok litt sjokk, då han spurde om flybillett til Sandnes.
Ein svensk kompis kom på besøk omtrent kvar sommar for å spele.
Vetorett mot kompisane
Birkedal saknar det å kunne sette seg ned framfor datamaskinen, fordjupe seg i spelet og venene og plutseleg oppdage at åtte timar har sust forbi.
Nett som i barndomen.
No blir det helst nokre timar før leggetid, men det er framleis med stort sett den same venegjengen.
Dei hoppar kanskje på litt Overwatch, tar eit par rundar League of Legends eller forsvinn inn i World of Warcraft igjen.
– Raiding går ikkje lenger. Eg veit ikkje om eg kan vere tilgjengeleg på bestemte tidspunkt, men det er kjekt å få dei friminutta innimellom.
Dei 4–5 nærmaste venene har alle saman travle kvardagar.
– Men me har innført vetorett overfor kvarandre. Me kan seie at no, no er det på tide med ein pause. Og då må me sette av ei helg.
Saman for alltid
I år er det julebord heime hos Birkedal.
– Me prøver å treffe kvarandre nokre gongar i året. Då er me 4–5 stykk heile helga, og det er heilt magisk.
Det er lite jobbsnakk på desse treffa.
– Me er berre der for å ha det gøy. Den arenaen hadde eg ikkje hatt, om det ikkje var for dataspel.
Birkedal veit at dersom han ringer dei andre, og seier at no treng han hjelp, stiller dei opp på timen.
– Den tilliten skal du leite lenger etter.
Tidlegare i år drog dei på bryllaup hos den eine i gjengen, i Haugesund.
– Mange lurte nok på kven den gjengen frå Sandnes og Stavanger var. Ingen hadde snakka med oss, så var me jo gamingkompisane hans. Det er moro.
– Eg hadde ikkje vore der eg er i dag, om det ikkje var for gaming. Det er viktig å halde på dei venskapa, og det treng eg spel for, avsluttar han.
For ordens skuld: Journalisten jobbar til dagleg i lokalavisa Sandnesposten.