I løpet av 2023 og 2024 har Embracer Group kutta til beinet. No skal nok eit dotterselskap vere lagt ned.
Det er Piranha Bytes som har kasta inn handkledet, melder nettstaden GameStar.
Embracer har visstnok sett etter ein kjøpar for studioet, men la det ned i slutten av juni.
Piranha Bytes står blant anna bak Gothic-serien, Risen-serien og rollespela Elex. Dei blei starta i Tyskland i 1997.
Verken Piranha Bytes eller eigar Embracer Group har kommentert nyheita enno.
Björn Pankratz og Jennifer Pankratz, som jobba for Piranha Bytes, har nyleg stifta utviklarstudioet Pithead Studio. Dei skal lage indiespel.