Utviding til Call of Duty: WWII annonsert – før spelet er ute

Annonsert i trailer for fanfavoritt-kart.

Sony viste fram overraskande mykje innhald på Paris Games Week i kveld, deriblant ein trailer for eit av karta til Call of Duty: WWII. Det klassiske Carentan-brettet er tilbake, som er den femte gongen me ser den vesle franske byen i eit Call of Duty-spel. Slaget om Carentan har vore ein gjengangar i serien, knyta til den allierte invasjonen av Normandie.

Kartet kjem som ein bonus for å kjøpe sesongpasset, som gir deg tilgang til fire ulike utvidingar.

The Resistance kjem i januar

Slik såg Carentan-kartet ut i Call of Duty 2.
moddb.com

Den første utvidinga til spelet heiter The Resistance, og blei annonsert i slutten av traileren. Den kjem 30. januar til PlayStation 4, og er under tidsavgrensa eksklusivitet, så det er usikkert om når me får sjå utvidinga på Xbox One og PC. Annonseringa kjem altså før spelet er offisielt lansert, noko som sikkert kjem til å skape litt kontrovers.

The Resistance baserer seg rundt stadar i Frankrike, Polen og Tsjekkoslovakia, og med tanke på at dette tross alt er Call of Duty, er det vel trygt å seie at me kan vente oss plenty av sabotasjeoperasjonar og snikmord viss utvidingane har noko med einspelaren å gjere.

Les også: Meir av det same – på både godt og vondt »

Siste fra forsiden