Utseld skjermkort går for spinnville prisar på Finn.no: – Heilt sinnssjukt

Flaggskipet til Nvidia, RTX 5090, er framleis ofte utseld i norske nettbutikkar. Fleire sel korta sine på Finn, men det er lite «scalping» å sjå der, for prisane er allereie så høge frå butikk.

PNY RTX 5090 RGB OC kostar i skrivande stund 53 000 kroner hos Computersalg.no. Det er kortet me testa i mars.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer

Lanseringa av Nvidia sin RTX 50-serie er blitt ein av dei største skandalane i selskapets historie med skjermkort.

Drivarfeil, risiko for brann og smeltande straumkontaktar, skjermkort som manglar delar av maskinvara (ROP) og mindre auke i yting enn venta står på lista.

Det har også vore svært vanskeleg å i det heile tatt få tak i skjermkort. Aller verst har det vore med flaggskipet RTX 5090. Det er ikkje nytt med denne generasjonen, men det elleville prisnivået verkar å ha løfta frustrasjonen blant forbrukarane eit hakk sidan 40-serien.

Prisnivået er også reflektert i bruktmarknaden. Samtidig som RTX 5090 seljast for skyhøge prisar, held prisen på RTX 40-serien seg kunstig høgt.

– Ingen informasjon

Johannes Fjose Berg, kommunikasjonsrådgjevar hos Finn.no, fortel om stor interesse for RTX 5090.

– Dei første tre vekene etter lansering var det 4600 søk på RTX 5090. Talet har gått ein del ned etter lansering, og siste veka i mars var det rett under 500 søk, opplyser Berg.

Han fortel at det blei publisert 114 annonsar på Finn.no i mars med teksten «RTX 5090».

Komplett.no opplyser at dei ikkje anar når dei får inn nye RTX 5090-kort.

– Salet har gått omtrent som venta, dei få korta me får inn på laget forsvinn raskt. Dessverre har me ingen informasjon om når me får inn fleire, seier kommunikasjonssjef Daniel Hauan.

5090 til 60 000

Gamer.no har tatt ein runde med dei som faktisk sel RTX 5090 på Finn.no.

Me har ikkje klart å få nokon til å stille fram med namn. Alle ønsker anonymitet.

Det er som kjend lite populært å kjøpe nye produkt og selje dei til høgare pris, men dei fleste sel korta til under nypris. Problemet er heller at butikkane tar enorme påslag.

Det dyraste 5090-kortet då me undersøkte prisane på Finn.no førre veke, låg ute for 60 000 kroner. Me fekk ikkje kontakt med seljaren.

Ein som sel eit RTX 5090-kort for rundt 44 000 kroner, svarar at han kan vere med på artikkelen om me betalar 1000 kroner.

Gamer.no takka nei til dette.

For høg pris

Ein annan, me kallar han «Kristian», hadde ute eit Asus RTX 5090 Astral OC LC til 41 000 kroner.

– Eg la meg på lågaste pris for same kort på Finn.no, som er rundt 3500 kroner under butikkpris på kortet, fortel Kristian.

Asus RTX 5090 Astral OC LC er ettertrakta på grunn av vasskjølaren.
Asus
Vis mer

Han kjøpte det først for 39 000 kroner frå ProShop, men prisen har gått opp i butikkane sidan då.

Kristian valde å selje då han fekk tak i eit anna kort til 28 900 kroner.

– Prisen på RTX 5090 er for høg, meiner Kristian.

– Heilt sinnssjukt

Det har vore fleire eksemplar av dette vasskjølte Asus-kortet på Finn.no dei siste vekene. «Jon» hadde lagt ut sitt for 42 750 kroner.

– Eg kjøpte skjermkortet på Komplett, og hadde ein rabattkupong på ti prosent. Det er derfor eg sel under nyprisen; 44 500 kroner, forklarar Jon.

Han syns prisnivået er latterleg.

– Ein PC-komponent skal ikkje koste meir enn ein bruktbil. Prisane i Noreg er nesten dobbelt så høge som anbefalt pris, det er heilt sinnssjukt. Det er veldig synd for gamere, meiner Jon.

Han vurderer no å bestille seg nye delar til datamaskinen sin frå USA.

– Eg vurderer ein pakke med AMD Ryzen 9900X, 32 GB DDR5-minne, x570-hovudkort og ein AMD RX 9070 XT. Prisen for dette er det same som RX 9070 XT kostar aleine i Noreg, seier han.

Stikk mot Komplett

Den tredje me har fått kontakt med, «Trygve», kjøpte det same Asus-kortet frå ProShop for 39 400 kroner. Han fekk også tak i eit RTX 5090-kort av Gamerock frå Komplett.

Sistnemnde har han returnert. Astral LC-kortet selde han for 41 050 kroner.

Trygve reagerer på prissettinga hos Komplett.

– Proshop føretrekker å selje dei dyrare modellane i staden for dei til startpris, men dei «scalper» ikkje prisen, seier han.

Hauan hos Komplett forklarar at prisen endrar seg stadig.

– Heile bransjen er påverka av auka kostnadar, blant anna innan transport, noko som også fører til høgare prisar for kundane, seier Hauan.

Tilgjengeleg, men berre i ferdigbygg

Gamer.no har fått ein del tips om å undersøke korleis Komplett fordeler RTX 5090 mellom direktesal og sal via Komplett PC.

Hauan svarar følgande:

– Fordelinga mellom laussal og Komplett-PC er som den alltid har vore. Me mottar kort for laussal, men fordi me er ein stor aktør innan ferdigbygde PC-ar, får me også kort som er øyremerka til PC-produksjon. Derfor ser ein 5090-kort tilgjengelege på Komplett.no, men berre i ferdigbygde Komplett-PC-ar, seier han.

For ordens skuld: Intervjua i artikkelen blei gjort ei knapp veke før denne artikkelen blei publisert. Torsdag 10. april er det faktisk RTX 5090 på lager i fleire butikkar.

Kommentarer (11)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Wheeljack
10 dager siden

Scalpere er en egen rase...

Quote

 

Ein som sel eit RTX 5090-kort for rundt 44 000 kroner, svarar at han kan vere med på artikkelen om me betalar 1000 kroner.

Gamer.no takka nei til dette.

 

 

ChrisIhao
10 dager siden

Denne skjønner jeg ikke helt. I skrivende stund ligger det 3 5090'er på Komplett de har relativt mange av på lager, og det har også vært tilgjengelige kort på Proshop. Toppmodellene ligger ute til 40-44.000. Tror du må være rimelig blåst for å kjøpe et kort på Finn til 50.000 eller mer nå.

Saken er at MSRP var 28.000 og noe, og nå skal de liksom ha 10-12 tusen mer enn det for kort som neppe er bedre enn stock kort. Tilgjengeligheten er der nå fordi folk har nådd smertegrensen.

Fabrikkoverklokking er forøvrig en stor hoax etter mitt syn, og de fleste stock kort er like overklokkbare når det kommer til stykket. Jeg fikk tak i et vannkjølt (og enkelt overklokkbart) 5080 på release dato, og selv om jeg virkelig hadde lyst på et 5090 har jeg lagt fra meg DEN tanken. Ikke fått SÅ gode skussmål egentlig, og rett og slett ikke verdt slike ville summer. Knapt nok MSRP.

Mala
10 dager siden
Wheeljack skrev (2 timer siden):

Scalpere er en egen rase...

 

Finnes en plass bak vedskjulet nede i ett hull i bakken for disse. Alt skal tjenes raske penger på. Søppelfolk

TMfrantic
10 dager siden

Dette har virkelig gått for langt. NVIDIA trenger hardere konkurranse. De kan ta det de vil for kortene sine nå virker det som. 40 tusen for et skjermkort beregnet for spill.. GALSKAP

Kunne forstått prislappen hvis kortet kom med 128 gb minne, til bruk for å kjøre lokale AI modeller. Men med "stusselige" 32 GB så det ikke spesielt anvendelig for litt større modeller som vi gjerne vil prøve.

iR' BR34K
10 dager siden
ChrisIhao skrev:

Denne skjønner jeg ikke helt. I skrivende stund ligger det 3 5090'er på Komplett de har relativt mange av på lager, og det har også vært tilgjengelige kort på Proshop. Toppmodellene ligger ute til 40-44.000. Tror du må være rimelig blåst for å kjøpe et kort på Finn til 50.000 eller mer nå.

Saken er at MSRP var 28.000 og noe, og nå skal de liksom ha 10-12 tusen mer enn det for kort som neppe er bedre enn stock kort. Tilgjengeligheten er der nå fordi folk har nådd smertegrensen.

Fabrikkoverklokking er forøvrig en stor hoax etter mitt syn, og de fleste stock kort er like overklokkbare når det kommer til stykket. Jeg fikk tak i et vannkjølt (og enkelt overklokkbart) 5080 på release dato, og selv om jeg virkelig hadde lyst på et 5090 har jeg lagt fra meg DEN tanken. Ikke fått SÅ gode skussmål egentlig, og rett og slett ikke verdt slike ville summer. Knapt nok MSRP.

Me har lagt inn eit lite forbehold i artikkelen om dette. Intervjua blei gjort førre veke og blei teksten skrive i helga, og kunne med fordel vore publisert tidlegare. Lagerbehaldninga forsvinn nok kjapt igjen, men det hadde jo vore kjekt om dei faktisk blei liggande uselde og prisane fell.

Siste fra forsiden