Feature

Slik er Sniper Elite 4 i 1080p og 4K

Trøbbel med yting på både PC og konsoll

Sniper Elite 4 slit med dårleg optimalisering.

Det lir mot vår, og ei bølgje av store spel er på veg ut. Forrige veke har me fått For Honor, John Wick VR og Sniper Elite 4. Innan kort tid kjem blant anna Nintendo Switch med ymse spel, Horizon Zero Dawn, Ghost Recon: Wildlands og Mass Effect: Andromeda. Det er mykje å glede seg til.

Me har valt å ta ein nærmare kikk på Sniper Elite 4, nok eit innslag i spelserien som til tider fyller YouTube-framsida vår opp med videoar av nazistar som får familiejuvelane skutt av.

Det siste spelet frå utviklar Rebellion er mykje meir ambisiøst enn dei tidlegare titlane deira, og vår anmeldar var særs nøgd med skarpskytarspelet. Han meinte det var «ein snikskytars våte draum».

Denne saka vil samanlikne dei ulike versjonane av spelet, med hovudfokus på PC- og PlayStation 4 Pro-utgåvene.

Elendig yting på Xbox One

PC til venstre (nedskalert frå 4K Ultra), PlayStation 4 Pro til høgre. Vis mer

Spelet klarer å skape nokre vakre scener, til tross for dårleg skuggelegging og teksturkvalitet. Dette skjer ved hjelp av sterke fargar og kontrastar, som viser at ein ikkje treng den mest realistiske grafikken for å imponere. Dessverre er det varierande kor ofte dei får dette til, og spelet ser til tider direkte stygt ut. Grafikkmotoren Asura – som har vore brukt av Rebellion før – har fått ei lita oppussing, men forskjellen frå Sniper Elite 3 er ikkje fullt så stor som me venta.

Både Xbox One, PlayStation 4 og PlayStation 4 Pro køyrer i 1920x1080, der Xbox One har den svakaste grafikken. Forskjellane opp til vanleg PlayStation 4 er derimot minimale, og det er få skilnader sjølv til Pro-versjonen. Teiknedistanse og skuggelegging er det einaste som ein ser er klart betre på PlayStation 4 Pro enn på dei andre konsollane.

Ytinga er det som skil konsollane mest. Mens PlayStation har avgrensa biletefrekvensen til 60, er spelet låst til 30 på Xbox One. «Benchmarks» viser at konsollen slit veldig med å halde sjølv det, og har dropp i biletefrekvens ned mot 15. PlayStation 4 er litt betre, men også den har store problem med låg biletefrekvens, og når sjeldan 60.

PlayStation 4 Pro er den konsollen som klarer seg best, med biletefrekvens som ligg mellom 45 og 60. Utanfor kamp held systemet seg ofte tett opp mot 60, mens eksplosjonar og kulekamera går hardt utover ytinga.

Skuffande PC-versjon

PC (Ultra) til høgre, PC (High) til venstre.

Mellomklasse-skjermkorta NVIDIA GTX 970 og AMD RX 470 skal klare å halde biletefrekvensen rundt 60-70 på PC, men spelet slit med store dropp. Sjølv med mitt GTX 1080-kort datt biletefrekvensen til tider ned mot 20 tidleg i nivåa. Problema gir seg etter nokre minutt, men det kan vere ekstremt irriterande i byrjinga. Det er heldigvis ikkje alle som opplever dette, og det er antakeleg knytt til ein innstilling som eg diskuterer under («Async compute»).

Biletefrekvensen stabiliserer seg etter kvart som spelet får lasta inn meir av nivået, noko det ikkje gjer på konsoll. Der er problemet vedvarande.

Sniper Elite 4s meny lar ein slå av «V-Sync» og bruke nedskalering, men manglar synsvinkelslider, og alternativ for kantutjamning. Det store plusset i innstillingsmenyen er støtte for DirectX 12, samt såkalla «Asynchronous Compute», eit optimaliseringsverktøy. Desse vil hovudsakleg forbetre ytinga til spelarar med AMD-skjermkort, men nokre NVIDIA-system vil sjå auka yting òg. Underteikna fekk håplaus hakking i bilete og lyd med desse to innstillingane aktivert, så det fungerer openbert ikkje like godt for alle. Dette vil vere forskjelleg frå system til system, så her må ein berre prøve seg fram.

Det er stor skilnad på grafikk mellom den lågaste og høgaste visuelle innstillinga, som skildrast i toppvideoen. Eit enkelt grep for å auke biletefrekvensen er å slå ned frå «Ultra» til «High». Der vil ein berre merke ørsmå endringar i skuggelegging og detaljnivå, mens kan få 10-15 prosent fleire bilete per sekund.

Sett i forhold til PlayStation 4 Pro, er den største visuelle forskjellen kontrast. Dette kan enkelt stillast i meny på både PC og konsoll, men den anbefalte innstillinga ser veldig annleis ut, som bileta viser. Anna enn dette ser PlayStation 4 Pro-utgåva nett ut som PC på «High» i 1920x1080.

Konklusjon

PlayStation 4 Pro til venstre, PC til høgre.

Eg kan godt sitere min kollega Petter Lønningen her, og seie at spelet ber preg av å ha eit lågt budsjett. Optimaliseringsprosessen har eit stykke igjen å gå, som utviklaren må forbetre med framtidige oppdateringar. Førebels ville eg venta med kjøp på Xbox One, for der er biletefrekvensen rett og slett så låg at det ikkje er spelbart. Følg med på kva utviklaren seier på sosiale media, og kjøp heller når det kjem ei oppdatering.

Mangel på synsvinkelslider er ein skivebom for utviklaren på PC, som saman med ein ujamn biletefrekvens øydeleggjer inntrykket av eit elles bra spel. PC-versjonen er den som har minst problem, men det seier ikkje så veldig mykje i dette tilfellet.

PlayStation 4-utgåvene er ikkje spesielt imponerande heller. Den desidert beste opplevinga av spelet på konsoll vil ein utan tvil få med PlayStation 4 Pro, men ein må forvente mykje tull der òg.

Ein ting er i alle fall sikkert; hald deg langt unna Sniper Elite 4 viss du berre eig Xbox One.

Les også: For Honor imponerer »

Kommentarer (6)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Mala
8 år siden

Var på nippet til å kjøpe dette på PS4 Pro, eller PC. Blir mest sansyndligvis en konsollutgave en gang i fremtiden da sjangsen er størst for at jeg gidder å spille igjennom der.

Men da blir jeg avventende til kjøp inntil disse problemene er fisket, enten det blir PC eller PS4 Pro.

Tsenngu
8 år siden

Hmm litt rart å høre. Jeg sitter på en i5 3570K

8GB ram og har spillet på en gammel snurredisk med ett gtx980TI kort. i DX12 med alt på ultra er det meget sjelden spillet dropper under 80FPS. i snitt ligger det nærmere 100. Vet ikke hva som er problemet med optimaliseringen da spillet kjører superglatt og fint på min forholdsvis "gamle" maskin. I tillegg er spillet i seg selv en stor oppgradering fra 1,2 og 3. Mye smartere AI mange nye måter å ta ut folk på og andre fine oppgraderinger. Spillet anbefales på PC.

mackanz
8 år siden

Någonting måste vara galet då. Allt på max, 1440p, dx12. Droppar hittils inte under 100 fps här. 4670k @ 4.2, 1080.

iR' BR34K
8 år siden

Någonting måste vara galet då. Allt på max, 1440p, dx12. Droppar hittils inte under 100 fps här. 4670k @ 4.2, 1080.

Artikkelforfattar her. Som eg skriv i artikkelen er det definitivt ikkje alle som har slike problem, men viss ein ser litt på steam/nvidia/amd-forum - så er det mange som slit med dette. Det er nok ein god idè å kjøpe via Steam for dei som ønskjer, slik at ein kan refundere kjøpet viss det ikkje fungerer skikkelig.

 

Til dømes er DX12-versjonen med async compute fullstendig uspelbar for meg. 

LMH1
8 år siden

Selv spiller jeg fortiden snipper elite 3 ganske bra spill egentlig.

Kanskje grafikken er litt utdatert.

 

Prøvd å sett litt på youtube angående beta versjon av sniper elite 4.

En del sier de hadde en del problemer under den testingen hang spillet seg.

Så godt mulig jeg kjøper det på salg.

 

Det jeg lurer på slik bildene vises, er det slik bildene blir mørkere på PS4 pro?

Syns det er veldig rart, har du satt skjerm\bildeinstillinger på samme måte?

Eller endret brightness på samme måte?

 

Muligens problemene med ugjevn ytelse er kun GTX 1000 serien som sliter med det eventuelt RX 480 i SLI\Crossfire?

Selv merker jeg det på det gamle spillet kan være harddisken som er flaskehals da det er noe perioder særlig under innlasting at spillet henger seg litt.

Siste fra forsiden