I Lord of the Rings: The Third Age følger vi ei gruppe eventyrarar som det i starten kan vere litt vanskeleg å forstå poenget med. Kven er denne gjengen? Kva er det dei driv med? Og kva er eigentleg poenget med dette spelet i det heile tatt? Du skjønar, dette er brorskap nummer to. Gruppa vi aldri fekk sjå, men som alltid var der. Du vil springe rundt i Minene i Moria, kjempe mot troll, og sjå Gandalf kjefte på ein ildsinna Balrog i bakgrunnen. Ikkje så lenge etter får du kjempe mot demonen sjølv. Det heile følest litt suspekt. Kvifor lage ei ny gruppe med folk absolutt ingen har noko forhold til, i ei verd mange har eit sterkt forhold til? Kvifor lage eit så pass frekt forsøk på å omskrive heile sagaen om ringen? Brorskapet var tydelegvis aldri aleine.
Du byrjar som den Gondorske krigaren Benethor. Ganske raskt møter han alvekvinna Idrial. Allereie her osar det ei sterk eim av at visse folk kanskje har spelt Final Fantasy X litt for mykje. For det første spring du rundt i nøyaktig same stil som i Final Fantasy X. Områda du bevegar deg gjennom er veldig lineære, og eit lite kart, som minnar veldig om kartet i Final Fantasy X, viser kvar du er er til ei kvar tid. Dette er forsåvidt greit nok, men det er først i kamp dei verkeleg store likheitene viser seg.
Tydeleg inspirasjonskjelde The Lord of the Rings: The Third Age nyttar eit turbasert kampsystem. Alle angrip etter tur, og ei liste på høgre side av skjermen vil vise kven som kan angripe neste gong. Sjølvsagt har du mange forkjellige ferdigheiter du kan bruke for å tippe skåla i din favør. Blandt anna kan du kaste søvn på fiendane, øydelegge beskyttelsen deira, eller senke farten deira slik at du kan angripe fleire gongar enn fienden. Sjølv om det ikkje er spesielt nyskapande er det eit prøvd og testa system som fungerar veldig bra. Noko som er ein stor fordel sidan det du kjem til å bruke mesteparten av tida di på i dette spelet er å slakte orkar og anna avskum.
I kjend rollespel-stil har du all informasjon nederst på skjermen. Til høgre kan du sjå kor god helse du har, og kor mange poeng du har til rådigheit for å bruke spesielle ferdigheiter. På venstre side av skjermen har du forskjellige kommandoar, og det er veldig lett å bla mellom desse for å finne ut kva ein skal bruke neste gong. På toppen av skjermen dukkar det opp informasjon om kva forskjellige ting gjer, noko som er veldig positiv sidan ein del gjenstandar har namn som ikkje akkurat fortel mykje om kva innhaldet er godt for. Ein anna praktisk funksjon er at du kan skifte ut folk i kamp når som helst. Går du tom får helbredande gjenstandar, og nokon nærmar seg døden, kan du berre skifte dei ut.
I tillegg til dette har du superangrep du kan benytte deg av når ting byrjar å sjå ille ut. Du kan sei dette er The Third Age sin versjon av Final Fantasy-seriens summons. Eit meter bygger seg opp gjennom kampar, og når det er fullt kan du til dømes sende ei volly av piler mot fienden, eller påkalle ei ente for å slå frå seg litt. Desse kan redde deg frå nokre av dei største kampane, men det er få gonger du faktisk får bruk for dei. Som regel er det veldig enkle kampar, og det er veldig sjeldan du i det heile tatt treng å helbrede gruppa di. Du endar opp med eit arsenal av gjenstandar du aldri får bruk for, og om helsa byrjar å bli skral, kan du vere sikker på at du går opp i erfaringsnivå før det blir for kritisk.
Halvhjerta erfaringssystem Når du går opp i erfaringsnivå får du poeng du kan fordele på atributtane dine. Dette er eit greit tiltak for at du kan finjustere karakterane etter dine eigen smak, men dessverre har det minimalt å sei kva du veljer å gjere. Karakterane blir uansett kraftigare når du går opp i nivå (noko som skjer kanskje litt for ofte), og ferdigheitene du etter kvart får tilgang på gir etter kvart så mykje skade at atributtar blir meiningslause. Dei forskjellige ferdigheitene du kan bruke er eigentleg ganske tøffe, men ber preg av at kvar gong du får noko nytt, kan du gløyme det du allereie har. Du får nye ved å bruke dei du allereie har, og dette endar opp med at du kun bruker ferdigheitene dine, og aldri vanlege angrep. Det er ikkje noko problem med dette heller, for sjølv om desse krev si dose poeng, har du alltid nok å ta av.
Grunnen til at The Lord of the Rings: The Third Age følest som eit fullstendig unødvendig produkt er att det er eit hult og tomt spel fullstendig utan sjel. Hadde det vore ei eiga fantasiverd Electronic Arts hadde brukt, hadde dette spelet kun vore eit pent spel utan innhald. Historia er direkte tåpeleg. Du treng ikkje ha eit stort forhold til bøkene eller filmane før du byrjar å skjere grimasar, fnyse og føle eit enormt ubehag ved kvar lille vending i historia. Eg følte nærmast for å kaste opp når alvekvinna brått kyssa Berethor lett på munnen. Treng vi fleire romantiske forhold mellom mann og alv? Det endar opp med at du ikkje bryr deg om karakterane. Dei er som hule karikaturar av alt du finn i filmane. Dei oppfører seg som kopiar av legender, og dei er like uttrykksfulle som gullfisk.