Konklusjon
Til tross for å vere eit Razer-produkt, er ikkje dette noko maskin for gaming. Den firekjerna Coffee Lake-prosessoren leverer solid yting til mediabruk, men når ikkje heilt opp til konkurrentar som Lenovo Yoga 920, Huawei MateBook X Pro og Dell XPS 13.
Skjermen, kabinettet og Chroma-effektane er det som gjer Blade Stealth spesiell. Det baklyste tastaturet er vakkert, og skjermen er særs god, men totalinntrykket er kanskje ikkje det beste. Det er få av oss som har råd til å kjøpe datamaskinar for å ha dei som pyntegjenstand på hylla.
Svak batteritid gjer at denne neppe vil vere heilt det store å ha med på reiser eller i førelesingssalen, som igjen gjer dette til eit produkt for Razer-fans. Blade Stealth er allereie retta mot er ei snever målgruppe, som blir endå mindre på grunn av batteritida. Eg sit igjen med inntrykket av at du betalar meir for design enn yting her.
Dei beste av konkurrentane byr på vesentleg meir valuta for pengane enn det Razer Blade Stealth gjer. Har du råd til å kombinere maskinen med ein av Razers eksterne skjermkorthus så fyr på, men då må du fort ut med 3000 kroner ekstra pluss prisen for eit skjermkort – og då er det kanskje like greitt å berre kjøpe 15-tommar-versjonen, eller ei betre ultrabook med ThunderBolt 3-tilkopling.