Feature

Telefonen frå nord knuste håpet til Kai

Tapet tok han til bristepunktet. – Dataspel blei redninga frå sorga og depresjonen min.

Mikkjell Lønning

Kai Håkon Eriksen (29) trykkar på knappen og opnar ein portal til eit anna univers.

Det er her han søker tilflukt når livet blir vanskeleg.

Eit nytt klikk sender han på hesteryggen nedover eit myrkledd landskap med sølvsverd i handa og ein ulvemedaljong som dirrar rundt halsen.

Kai trykkar igjen, og slepp raseriet sitt laus mens han hakkar ei iskledd øks gjennom beinet til eit troll som tårnar over han.

Eitt nytt klikk, eitt til, igjen, han slappar av langs elvebredda og sankar blomar og fiskar, han drar bogestrengen inntil brystet og lar ei pil fly inn i auget til ein zombie og han høyrer motoren til sportsbilen brøle mens neonlysa frå den retrofuturiske storbyen speglar seg i panseret.

Kai legg fjernkontrollen og kontrollaren på bordet, og er tilbake i stova igjen.

Roen kjem.

TV-en har blitt eit vindauge som lyser opp mørket hans.

– Dataspel blei redninga frå sorga og depresjonen min, seier Kai.

KAI VAKS opp i Alta. Ni år gammal flytta han til Oslo med mora og søstera.

Foreldra hadde skilt seg, og faren blei igjen i nord.

Kai Håkon blei introdusert til speling på barneskulen. Naboens spelkonsoll lokka han stadig på besøk.
Mikkjell Lønning
Han har funne sine beste vener gjennom speling, og har mange han deler interessa med. – Time well spilt is time worth living, likar Kai å seie.
Mikkjell Lønning

Kai har ein mastergrad i anvendt fysikk. I siste semester av studiane i Frankrike gjekk onkelen hans bort etter kreftsjukdom.

Familien hadde gått og venta på at det skulle skje.

Far til Kai tok det tyngst. Brørne hadde vore som erteris heile livet, og Kai ville kome seg heim for å trøyste faren.

Omtrent same tid begynte nyheitene å fyllast med overskrifter om eit virusutbrot i Wuhan i Kina.

Kai skulle heim til Noreg, gjennomføre ein arbeidspraksis i Oslo og dra rett til Alta. Det skulle bli fint å sjå familien igjen.

Men så ringde telefonen.

DET VAR kusina hans i andre enden.

Ho verka opprørt.

Familien hadde ikkje sett noko til Kai sin far på nokre dagar, og hadde banka på døra hans utan svar.

Inne i huset låg far. Død.

Kai blei mållaus. Han følte det som golvet hadde forsvunne under beina hans, og tankane spant rundt korleis dette kunne skje med dei.

Han hadde sett så fram til å møte faren igjen.

Kai saknar kor godhjarta faren var mot han og søstera, og kor roleg han var.
Mikkjell Lønning

Sjølv om Kai og faren ikkje hadde noko særleg til felles, snakka dei saman kvar veke.

– Han skjønte ikkje bæret av kva eg dreiv med, men han spurde alltid om korleis det gjekk med meg og studiane. Han brydde seg verkeleg om meg. Det at han blei rive vekk frå oss, var hjarteskjerande, seier Kai.

SORGA TRYKTE Kai ned i ein depresjon.

Søstera og mora hadde flytta vekk frå Oslo, og Noreg stengde ned på grunn av pandemien kort tid etter dødsfallet.

Han følte seg totalt aleine.

Arbeidet på praksisplassen måtte han gjere heimanfrå, og han kjende at Xboxen under TV-en lokka han stadig oftare.

Han oppdaga The Witcher 3: Wild Hunt etter ei anbefaling frå ein kompis, og fordjupa seg ned i det store rollespelet.

Det å miste faren har gjort Kai meir opptatt av å ta vare på forholda i livet sitt.
Mikkjell Lønning

– Spelinga fekk dagane til å gå, og det blei ein måte å handtere einsemda på. Eg skal ikkje seie at alle bør gjere som meg, for det er individuelt kva som passar for kvar enkelt, men det var hjelp i ei tid der eg hadde det veldig tungt, seier Kai.

Eventyra med Geralt av Rivia og venene blei som å tre inn i ei anna verd. Det var godt å kjenne korleis han kunne fortape seg i spelet.

Animal Crossing på Nintendo Switch blei også ei viktig støtte.

– The Witcher og Animal Crossing er totalt ulike spel, men dei gav meg begge moglegheita til å rømme vekk.

SOMMAREN KOM, og Kai kjøpte seg ein PlayStation for å spele titlar som God of War, The Last of Us, Bloodborne og Uncharted.

Tapet av faren har gjort han meir følsam. Spesielt tematikken om forholdet mellom far og son i God of War, gjer at han held spelet tett til hjartet.

– Det er noko eg alltid anbefaler til andre. Opplevinga mi har nok gjort at eg reflekterer meir over slike relasjonar i historieforteljing, men det gjeld ikkje berre spel.

– Dei sårbare augeblikka i spel som God of War gir meg ein klump i halsen. Det hadde det kanskje ikkje gjort før eg mista pappa, seier han.
Mikkjell Lønning

Kai brukte også mykje tid på å lese fantasy i den tyngste perioden. Han pløgde gjennom alle The Witcher-bøkene, og fann ein ny måte å rømme til ei anna verkelegheit.

– Spel og bøker er som ei boble. Når ein ser seriar, blir det fort at eg kikkar på telefonen og lar meg distrahere, men spel og bøker krev eit anna fokus. Eg er limt til sida og skjermen.

Han trur også spel kan ha motsett effekt. At ein kan miste seg sjølv.

– Det å ha eit sunt forhold til spel, er relativt. Alt kjem an på kven du er og kva livssituasjon du står i. Eg hadde aldri spelt så mykje som eg gjorde då, no, men under nedstenginga blei spelinga ei redning for meg.

KAI KARA til seg ein A på mastergraden sin, men sleit lenge med å finne jobb.

Han gjekk inn i ein rytme der han spelte, trente, skreiv søknadar og las bøker.

– Eg nådde eit slags bristepunkt. Det var rundt halvanna år etter at far min døydde, og eg framleis sat utan jobb og kjende meg einsam.

Kai forstod at han ikkje berre kunne gjere det same om og om igjen og forvente eit anna utfall. Han gjekk til psykolog.

Der fekk han spørsmål om kva målet hans eigentleg var.

Hausten 2024 køyrde Kai til Alta for å møte familien sin. Han hadde aldri hatt verken bil eller leilegheit om ikkje det var for faren, seier han.
Mikkjell Lønning
Alta-besøket blei første gongen han fekk sjå grava til far sin. Det var både fint og rart. – Å endeleg få introdusert kjærasten til familien og kjenne aksept frå min andre onkel, var godt. Eg kjende også kor mykje far min betydde for dei, og at dei no føler eit ansvar for å ta vare på meg og søstera mi.
Mikkjell Lønning

Kai la ein plan. Det var på tide å legge sjela i å finne ein jobb og skaffe nokre nye vener.

– Alt det løyste seg i løpet av ein månad. Eg veit ikkje korleis det hadde gått, om det ikkje gjorde det, seier han.

Kai skildrar far sin som roleg og snill. Han var ein som ikkje gjorde så veldig mykje ut av seg, men hadde ein lidenskap for slektsforsking. Han var ei familiesjel, seier Kai.
Mikkjell Lønning

ETTER EI stund som vikarlærar på ein ungdomsskule, landa Kai fast jobb hos Patentstyret i midten av 2021.

Han har seinare kjøpt seg leilegheit, fått katt og sambuar.

Leilegheita er rett nok så lita at senga står på kjøkkenet. Når han sit i stova, kan han nesten rekke bakover til kjøleskapsdøra.

Då seier det seg sjølv, at det ikkje er like mykje rom for speling lenger.

Men av og til står han opp nokre timar før sambuaren, snik seg bort i sofaen, tar på headsettet og opnar portalen til dei mange speluniversa sine.

Då er han verkeleg heime.

Denne artikkelen er laga med støtte frå Fritt Ord, og er del av ein artikkelserie som ser på bruk av spel som støtte i vanskelege periodar.

Les også artiklane våre om Rune som lever med kroniske smerter, Michelle og Espen som mista barnet sitt,Kamilla som hugsar far gjennom videoane sine og Mia som kjempa seg ut av rusavhengigheit.

Siste fra forsiden