Teknologigigant i trøbbel – seier opp 15 000

Intel gjer det største kuttet i selskapets historie.

Intels Core-i9-13900K er ein av prosessorane som kan vere utsett for ustabilitet.
Mikkjell Lønning / arkiv
Vis mer

Torsdag varsla Intel-toppsjef Pat Gelsinger at selskapet vil seie opp 15 000 tilsette som del av ein strategi for å kutte kostnadar.

Intel planlegg å kutte ti milliardar dollar i 2025. Brorparten av kutta kjem allereie i år.

– Dette er ein utruleg vanskeleg dag for Intel, for me gjer nokre av dei største endringane i vår historie, skreiv Gelsinger i eit brev til dei tilsette.

Intel forventa langt større inntektsvekst enn dei har sett i det siste. Gelsinger skriv om låge marginar og for høge kostnadar.

Han omtalar kutta «som det vanskelegaste han har gjort i sin karriere».

Aksjeprisen til Intel gjekk i kjellaren etter nyheita. Frå 31. juli til 2. august blei prisen redusert med nærmare 30 prosent.

Intel har om lag 130 000 tilsette verda rundt. Dei er eit av verdas største teknologiselskap, og har vore ein leiande produsent av mikroprosessorar sidan dei blei stifta i 1968.

Den siste tida har dei også møtt krass kritikk for dei to siste generasjonane av prosessorar.

Brukarar har meld om ustabilitet med 13. og 14. generasjon prosessorar (Raptor Lake) i lang tid, og i slutten av juli stadfesta Intel ein del av problema.

Fredag annonserte Intel at dei vil utvide garantien for utvalde Raptor Lake-prosessorar med to år.

Intel har så langt ikkje gått ut med serienummer på produkta ramma av feil. Det er mykje spekulasjon rundt saka på sosiale medium.

Ledige stillinger
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Henter kommentarer ...

Siste fra forsiden