For sju år sidan radbrekte eg Kingdom Come: Deliverance i meldinga mi, og då stort sett på grunn av at meldarutgåva av spelet var plaga av konstant krasjing og enorme mengder småfeil.
Oppfølgaren er heldigvis ikkje slik. Faktisk er dette ein av dei meir velpolerte PC-spela eg har vore borti i det siste, og Warhorse Studios har verkeleg lært av feila sine.
Dette er eit imponerande stykke arbeid.
Me har brukt rundt 15 timar på PC-versjonen så langt, og har prøvd å leite fram nye småfeil – utan det heilt store hellet.
Kingdom Come: Deliverance 2 er eit av få PC-spel me lett kan anbefale å kjøpe ved lansering.
Stemningsfylt blikkfang
Unreal Engine har tatt eit stålgrep om marknaden av storspel, men Warhorse Studios held seg framleis til CryEngine.
Kingdom Come: Deliverance 2 er eit døme på at det kan vere ein svært god ide. CryEngine har ein ganske annleis utsjånad enn det Unreal Engine har, og er for meg eit friskt pust inn i AAA-marknaden.
For den tekniske framstillinga av 1400-talets Bõhmen kan ta pusten frå deg.
Det er noko heilt spesielt med stemninga i dette spelet. Når du er ute i dei djupe skogane, på dei opne slettene og oppe på fjella, skapar kombinasjonen av musikken, dei kvitrande fuglane og landskapet ei følelse av autentisitet.

Det verkar ekte.
Du føler nesten som du er med Henry på hesteryggen, og er klar for eventyret rundt neste sving. Den tilnærma fotorealismen på tre, plantar, lauvverk og buskar er viktig bidrag til den stemningsfylte verda.

Det du treng
Innstillingsmenyen har dei viktigaste ingrediensane, slik at du kan låse opp bildefrekvens, stille på synsvinkel og leike med ein del av dei obligatoriske grafikkinnstillingane.
Spelet støttar oppskaleringsteknikkar som DLSS og FSR, og eg har brukt DLSS Quality gjennom mesteparten av spelinga mi.
Teksturar, spesielt lauvverk, har ein tendens til å flimre i distansen med DLSS. Eg legg også merke til at DLSS ikkje heilt klarar å gjengi vatn viss ein ser det gjennom buskar og tre, men det er så små feil at dei er lette å ignorere.

Eg syns likevel det kunne vore litt meir å velje mellom i menyane. Warhorse har ikkje implementert støtte for «tradisjonell» strålesporing, men bruker heller ein teknikk for global lyssetting som heiter «voxel cone tracing». Det har ikkje heilt den same visuelle punchen. Samtidig er det mindre krevjande å køyre.
Warhorse seier lyssettinga på konsollversjonane tilsvarar «high» på PC. Me kan jo krysse fingrane for at dei legg til path tracing ein gong i framtida, men lyssettinga er allereie smellvakker utan.

Så… Krasjar det?
Det kan gå lang tid mellom kvart lagringspunkt i Kingdom Come: Deliverance 2. Forgjengaren krasja ofte ved lansering, og eg hugsar eg var på nippet til å sende knyttneven i skjermen då eg krasja og mista ein time med speling.
Det nye spelet er ikkje slik. Etter femten timar har eg berre opplevd at spelet fraus til éin gong, og sjølv då henta det seg inn utan å krasje.
Eg er framleis tidleg i historia, så kva som kjem veit eg ikkje, men spelet er overraskande stabilt og feilfritt. Det har likevel ikkje mista den litt klossete sjarmen frå forgjengaren.
Den største innvendinga mi, reint teknisk, er nok kampsystemet. Det er ikkje alltid spelet heilt forstår kva eg vil ha Henry til å gjere, men det fungerer stort sett greitt.

Andre figurar er ikkje like idiot som i det førre spelet heller, sjølv om den kunstige intelligensen ikkje alltid gjer som den burde.

Solid yting
Ytinga er det heller ikkje noko å seie på. Eg har spelt på ein maskin med eit RTX 4090 og ein i9-13900k-prosessor, og har knapt via bildeflyten ein tanke.
Dette er sjølvsagt ein kraftig maskin, men eg har gjort jamlege målingar utan å merke noko teikn til hakking.
Sjølv om bildefrekvensen kan variere litt etter område og scenario, er bildeflyten generelt stabil. Regnvêr i tett skog har vore det mest krevjande så langt, og då går bildefrekvensen fort ned 20 prosent ekstra, men det skjer sjeldan.
Det er forholdsvis få meldingar om tekniske problem i Steam-tilbakemeldingane. Men det er også trådar med folk som opplever massiv hakking på reddit, og fleire rapporterer om ein mogleg minnelekkasje.
Den aller første krasjen min kom då eg sat inn RTX 3070 Ti for å teste ytinga på tvers av ulike skjermkort. Men det blei med den eine gongen.
Her er resultata med ultra-innstillingar, fordelt på snitt i bildefrekvens og snitt av 1%-minste-FPS.
Skjermkort | 1080p | 1440p | 4K |
RTX 4090 | 161 / 136 | 129 / 110 | 73 / 63 |
RTX 3070 Ti | 75 / 62 | 55 / 47 | 30 / 26 |
RTX 4060 | 55 / 54 | 38 / 31 | 20 / 17 |
Bildefrekvensen klatrar langt oppover etter kvart som ein senkar innstillingsnivået.
Her er målingar fordelt på dei ulike innstillingane:
Innstillingsnivå (4K, RTX 4090) | Snitt FPS | 1% minste-snitt |
Experimental | 60 | 53 |
Experimental, DLSS Quality | 81 | 70 |
Ultra | 73 | 64 |
Ultra, DLSS Quality | 104 | 90 |
High | 95 | 83 |
Medium | 113 | 98 |
Low | 134 | 115 |
Nestegenerasjon
Slår du på «experimental», får du ei åtvaring om at dette nivået er reservert for framtidig maskinvare.
RTX 4090 taklar det likevel heilt fint. Ikkje at det er vits i å spele med dette, for «high» er omtrent identisk med langt høgare bildefrekvens, men det er alltid kjekt når utviklarane gir PC-entusiastane moglegheit til å verkeleg utnytte maskinvara.
«Experimental» aukar teiknedistansen eit hakk ekstra, og det merkast i dei opne områda av spelet. Det er nok ikkje verd nedgangen i FPS, men med DLSS på eit RTX 5090-kort ville eg kanskje spelt med det heile tida.
Du kan få same effekten med å skru opp skuggar og vegetasjonsdetaljar til «experimental», og ha resten på «ultra» eller «high».
På stadar der du ikkje ser like langt, vil du slite med å merke særleg forskjell på «high», «ultra» og «experimental», i alle fall i høgare oppløysingar.
Som her:
Det er kjekt at Warhorse klarar å levere høg bildekvalitet på lågare innstillingsnivå, for då får fleire kose seg med spelet med brukande bildefrekvens.
«Low»-innstillinga nærmar seg komplett potetnivå, men «medium» er framleis lekkert.
Vegetasjon, global lyssetting og skuggar er dei mest krevjande innstillingane, og kan vere greitt å eksperimentere litt med.
Konklusjon
Warhorse Studios har gjort ein knakande god jobb med PC-utgåva av Kingdom Come: Deliverance 2.
Testrigg
- Prosessor: Intel Core i9-13900k
- Kjølar: Asus Rog Strix LC II 360mm
- Hovudkort: Asus Rog Maximus Z790 Hero
- Lagring: Kioxia Exceria Pro 2 TB / W_D Black SN850X 2 TB / Kingston Fury Renegade 2 TB
- RAM: G.Skill Trident Z5 RGB | 32 GB 6800 MHz CL34
- Straumforsyning: Asus Rog Thor 1200W Platinum II
- Kabinett: NZXT H7 Elite
- Operativsystem: Windows 11 Pro
Eg tar atterhald om at eg endå er tidleg i spelet, men så langt har eg knapt vore borti feil i det heile. Låg yting og krasjing kan sjølvsagt oppstå likevel, så det gjeld å hugse returretten på Steam om du får trøbbel.
Ytinga er høg samanlikna med den visuelle kvaliteten, og sjølv mellomklasse-skjermkort kan køyre spelet i 4K med innstillingane skrudd ned nokre hakk.
Dette er ein heftig kontrast til dei andre PC-spela me har skrive om i 2025.
Men PC-spel modnast som fin vin, og blir betre med tid. Nye oppdateringar vil berre gjere det betre.
Likevel tør eg anbefale kjøp i første veke. Det har blitt sjeldan kost for AAA-spel.