Studentidrettslaget i Stavanger opnar eiga e‑sportgruppe

Samlingar kvar veke der studentar kan spele med kvarandre og fylgje turneringer på storskjerm.

Fra venstre: Ivan-Louis Husebø, Ahmed Abdi, Andreas Kvist og Terje Stavnheim på møte hos UiSI E-Sport.
Osman Chaudry

STAVANGER (Gamer.no): To studentar ved Universitetet i Stavanger har tatt initiativ til å starte ei e-sportgruppe i studentidrettslaget. UiSI E-Sport har samlingar kvar veke der studentar kan kome for å spele med kvarandre, samt fylgje arrangement på storskjerm.

– Me vil etablere ein sosial plattform for studentar, der spel blir vår måte å gjere studentlivet enda trivelegare. Ideen om å etablere gruppa kom me opp med i haust, seier gruppeleiar Ahmed Abdi til Gamer.no.

Sosial plattform for studentar

Den andre initiativtakaren, Osman Chaudry, har planar om å etablere eit eige lag som kan konkurrere profesjonelt i e-sport.

– Me blei begge einige om at gruppa skal vere open for studentar på alle ferdigheitsnivå. Det einaste me krev frå medlemmane våre er ei god haldning, seier Abdi.

Nybyrjarar kan kome til gruppa for å bli betre, med hjelp av dei meir erfarne spelarane. På møtet var det League of Legends som blei spelt, og fleire av dei som var der hadde ikkje spelt spelet før. Det gjekk likevel heilt fint, for dei nye fekk hjelp med grunnmekanikkane av dei med kjennskap til spelet.

UiSI E-Sport har fått tildelt eit stort klasserom frå universitetet, som er til disposisjon kvar dag. Universitetet stiller med trådløst nett til spelarane, men ein må ha med PC sjølv.

Gruppeleiaren har planlagt å arrangere treningar for enkeltspel på forskjellege dagar.

– Fyrst av alt kjem me til å dele opp treningsdagane etter sjanger og spel. Her blir det for eksempel League of Legends på tysdag frå 17:00 til 20:00, og Counter-Strike: Global Offensive på torsdag. Me vil vektleggje desse to spela i fyrste omgang, då dei er mest relevante for planen vår om å få studentar inn i Telenorligaen neste sesong. Diverre er ikkje gruppa vår etablert godt nok ved UiS til å ha ein studentliga enno, seier Abdi.

Gruppa vil ha avstemming om kva andre spel dei skal satse på.

Entusiasme i styret til studentidrettslaget

Når ideen fyrst blei lagt fram til studentidrettslaget var tilbakemeldingane særs gode.

– Til no har me bare fått positive tilbakemeldingar, spesielt frå idrettslaget. Dei har vore til stor hjelp med etableringa av gruppa. Eg har knapt ord for kor bra alt har gått takket vere styret i idrettslaget, seier Abdi.

Gruppeleiar Abdi fortel til Gamer.no at fleire styremedlem i studentidrettslaget hadde lest seg opp på e-sport i forkant av styremøtet, og var særs spente på korleis den nye gruppa ville bli.

Les også
Årets påske-LAN flyttes på nett – her er alle du kan delta på

Hovudfokuset til UiSI E-Sport vil i fyrste omgang vere å rekruttere nye medlemmer, for å kunne etablere faste lag som etter kvart kan delta i turneringar og ligaer innan e-sport. Det var treningsstart for Counter-Strike: Global Offensive og League of Legends i slutten av januar.

Siste fra forsiden