Feature

STAR WARS Jedi: Survivor – PC

Storspelet får gjennomgå av spelarane. Det er det god grunn til

Dette spelet burde vore utsett.

Det er blitt ei trend at store PC-lanseringar i 2023 yter elendig.

Dei siste 24 timane har kritikken hagla mot Star Wars Jedi: Survivor. I skrivande stund er over halvparten av brukarmeldingane på Steam negative. Og det handlar sjølvsagt om tekniske problem.

Krasjing, låg biletefrekvens og feil med lyd og filmsekvensar er det som går igjen.

Det er ganske openbert at spelet ikkje burde vore lansert heilt enno. Gamer.no har allereie kritisert spelet for dette i vår melding, og ser i denne artikkelen meir på detaljane rundt dei tekniske sidene av spelet.

Svikt

Det løner seg sjeldan å førehandsbestille spel. Jedi: Survivor er nok eit bevis på at dette stemmer.

Denne gongen ser det ut som problema råkar på både Xbox og PC, men det er PC som har fått mest trøbbel.

Denne beskjeden er noko av det første du får når du opnar spelet. Det gir ein grei peikepinn på at utviklarane neppe prioriterer PC-spelarar veldig høgt. Vis mer

Det finst tusenvis av ulike maskinvarekonfigurasjonar, noko me understrekar kvar gong i denne typen artikkel. Difor er det viktig å ta tida ein treng for å optimalisere godt for så mange som mogleg.

Her har utviklarane svikta. Dei melde i går at dei er kjende med problema og jobbar med ei løysing.

Utviklaren får det glatte lag av mange i kommentarfeltet.

Det er visstnok spesielt dei med entusiastmaskinvare eller visse maskinvarekombinasjonar som opplever problem.

Utviklarane nemner blant anna dei som brukar nye prosessorar på Windows 10, eller dei med kraftige skjermkort kombinert med eldre prosessorar.

Det er nok like greitt å vente med å kjøpe spelet til det kjem eit par oppdateringar til.

Kraftige dropp i FPS

Vanlegvis ville me testa spelet med fleire typar skjermkort, men me ventar til ytinga er meir stabil med å gå meir i djupna på spelet.

For underteikna er det spesielt heilt i starten av spelet at biletefrekvensen kan svinge som ein jojo.

Den første timen er prega av kraftige dropp i flyten. Vår RTX 4090 fell tidvis ned på 20- og 30 bilete i sekundet når Cal Kestis svingar med lyssabelen rundt på Coruscant i 4K.

Spelet er lekkert, men utviklarane burde gitt seg meir tid for den siste finpussen. Vis mer

Under testinga vår ser me at kvar benchmarkrunde kan få svært ulike resultat, som tydar på at utviklaren har ein del optimaliseringsarbeid igjen.

Det er først når Cal kjem fram på planeten Koboh, den andre i rekkja rundt ein time eller to inn i spelet, at biletefrekvensen blir litt meir stabil for oss. I alle fall i ei stund.

Det er òg der me har testa mest, fordi det er større område der som me får nokolunde same resultat kvar gong. Slike testar er meir nyttig for å kunne samanlikne med seinare.

Blir (tidvis) betre

Resultata på éin maskin er ikkje alltid representative for det andre opplever, men dei aller verste problema ser ut til å forsvinne etter Coruscant.

Det er ein times tid på den andre planeten, Koboh, der biletefrekvensen held det nivået me forventar å få. Men biletefrekvensen fell kraftig når ein kjem til det første byområdet.

Ved den første byen på Koboh søkk snittet ned igjen mot både 40 og 50. Sannsynlegvis får spelet meir å laste inn her, som gir større dropp fordi «shader»-innlastinga som skjer kvar gong du startar spelet, tilsynelatande har liten effekt.

Me har sett spelet dra opptil 21 GB med videominne, som er ganske ekstremt, sjølv i 4K.

Minnebruken stig gradvis etter kvart som eg speler, så det kan sjå ut som det er ein slags minnelekkasje her. Men det kan òg vere at spelet berre reserverer meir minne enn det treng.

Mange av dei mest kraftige droppa i biletefrekvensen kjem når spelet lastar inn nye område. Det var òg eit stort problem for The Last of Us Part I tidlegare i år. Utviklaren har garantert vore kjend med lasteproblema før lansering, men har altså ikkje gjort noko med det.

Mykje rart

Det er altså ikkje berre biletefrekvensen folk slit med. Mange melder at dei krasjar ved oppstart, og ein gjengangar er at lyden blir forseinka i filmsekvensar.

Utviklaren har altså ein del å henge fingrane i. For tida verkar det mest som ein speler ein slags betatest, for dette er ikkje klart for butikkhyllene.

Menysystemet har utviklarane heller ikkje klart å få til. Det er kjekt med ei innstilling for å stille på synsvinkelen, men elles er det forholdsvis lite du kan gjere i menyen.

Spelet forklarar heller ikkje kva dei ulike innstillingane faktisk er for noko. Det er til dømes ingen indikator for kva type kantutjamning ein brukar.

I områda med verst yting er det ikkje alltid at det hjelper å skru ned innstillingane, heller. Eg har fleire gongar måtte restarte spelet for å sjå effekt av dette. Det er håplaust.

Vakkert

Samstundes er vanskeleg å ikkje gi Respawn og gjengen skryt. Det renn over av attraksjonar for grafikknerdar som meg, og eg må stadig stoppe opp for å nyte utsikta.

Utviklarane har òg klart å implementere strålesporing utan å fullstendig radbrekke skjermkortet. Den visuelle forskjellen kan vere ganske stor på visse stadar, spesielt der det er kontrast mellom lys og mørke.

Refleksjonane gjer ikkje veldig mykje ut av seg, men eg har ikkje noko problem med å slå det på når ein ikkje mistar meir enn 10–15 prosent av biletefrekvensen.

Dessverre har nok dette ein del med at spelet elles er dårleg optimalisert.

Strålesporing på til venstre, av til høgre. Ytinga er ikkje spesielt påverka av teknologien, men det gir langt meir realistisk lyssetting enn utan. Vis mer

Konklusjon

Det er ingen stor overrasking at me anbefaler å vente med å kjøpe Jedi: Survivor på PC. Førehandsbestilling er veldig ofte ein dårleg idé.

Dessverre høyrer det til unntaka at konsollspel overført til PC køyrer godt ved lansering. Jedi: Survivor er eit rot. Utviklaren har mykje arbeid å gjere før spelet lev opp til prislappen det krev på Steam.

Så veit me at problema ikkje råkar alle. Det kjem heilt an på kva kombinasjon av komponentar ein har i maskinen, og det finn ein ikkje ut av før ein har prøvd.

Me rår alltid til å følge med på speletida i slike tilfelle, så ein kan få tilbake pengane frå Steam om opplevinga ikkje er god nok. Det er det nok mange som kjem til å vurdere denne veka.

Lanseringar som dette her gjer svart skade på omdømet til utviklarane. Det er synd at bransjen aldri kan lære.

Kommentarer (13)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Sjørøver
2 år siden

Blir nok å kjøpe det når alt av DLC er ute. Også veldig skuffende at de ikke lager kontroller som fungerer med tastatur. 

vampyrica
2 år siden

Gledet meg masse til spillet men blir nok å spille ferdig i løpet av uken, men her er det masse å klage på, men tror de kommer med en patch som fikser det meste om ikke for lenge dog utrolig trist å se hvordan et så stort og etterlengtet spill blir sluppet ut i tilstanden det er i. 
 

Er nok greit å vente på en ordentlig fiks for de som ikke har kjøpt, ellers ser det ut som et topp spill så langt hvis en lider seg litt gjennom bugs, tearing, fps drop, ordentlig hdr uten elendig «fixes» en må bruke for nå og crash og lists er bare lang. 
 

Legger meg sikkert på 6/7 eller noe, men med en god patch ser jeg for meg et sterk 9 spill.

Ping7
2 år siden

Har gledet meg stort til dette spillet. Men jeg venter til de har patchet det, og det forhåpentligvis har kommet på salg.

Fleskelars
2 år siden
ALDRI kjøp et spill før det har havnet på tilbud - da har det modnet lenge nok til at fleste bugs er fjernet og spillet er så optimalisert som det kan bli . Det har blitt den nye tommelfingerregel etter at utviklere ikke lenger gidder kvalitetsikre sine produkter og heller bruker kundene til dette . At det er millioner av maskinvare-kombinasjoner holder ikke som grunn lenger . Det er par store gpu og cpu produsenter .
fnwilborn
2 år siden
Xbox-versjonen kjører veldig bra, skjønner PC-versjonen er dårlig for mange, men Xbox funker fjell.

Siste fra forsiden