Informasjon som dukka opp på Microsoft sine E3-sider informerte besøkande om ein potensielle allianse mellom Microsoft og Square Enix. Denne blei seinare raskt fjerna. Artikkelen omhandla Peter Moore, og det han har fått til for Microsoft og deira Xbox 360. Dette vil i så fall være eit stort steg for Microsoft. Sjølvsagt kan heile greia vere tull, men om det er sant, kan det få mykje å sei for Xbox 360 sin sukses i Japan. Eit av problema til Xbox, var at maskina aldri fekk fotfeste i Japan, og mangelen på japanske rollespel er nok ein viktig grunn for dette.
Teksten som var å finne på Microsoft sine sider kunne fortelje følgande: "Moore er ansvarleg for å ha oppretta imponerande alliansar med branjsegigant Square Enix og den legendariske utviklaren Hironobu Sakaguchi (Mistwalker), Yoshiko Okamato (Game Republic), og Tetsuya Mizuguchi (Q Entertainment), og for å bringe krafthuset Electronic Arts Inc. til Xbox Live, den verdsdekkane online-tenesta for videospell."
Square Enix og Microsoft har begge nekta å gi nokon kommentar på dette, noko ein kan tolke i alle retaningar om ein vil. Om dette viser seg å vere sant, har Microsoft ein svært stor fordel når kampen mellom neste generasjon-konsollane set i gong for alvor. Som sitatet ovanfor viser, har Microsoft allereie sikra seg lukrative avtaler med viktige aktørar i bransjen. Det endelege svaret på dette får du under E3, og vi vil så godt vi kan halde deg løpande oppdatert.