Anmeldelse

Visions of Mana

Spelet vi har venta på

Visions of Mana er ikkje berre eit knakandes godt spel, det er det beste Square Enix-spelet på mange år.

Nokre av mine kjæraste barndomsminne er frå det klassiske spelet Secret of Mana på Super Nintendo. Det er eit spel som har betydd meir for meg og den kurs mine interesser har tatt enn eg trur det er mogleg å setje ord på. Det var dette spelet, saman med The Legend of Zelda: A Link to the Past som i stor grad opna mine auge for dei japanske eventyrspela fulle av fantasi, magiske verder og fargerike karakterar.

Oppfølgjaren Trials of Mana kom ikkje offisielt ut på engelsk før i 2019, og året etter i ein ny versjon bygd opp frå grunnen av. Det er mange spel i serien, men få av dei har vore like gode som desse to. Det har vore mange forsøk, få suksessar, men no er Square Enix tilbake med eit spel som har fått nøyaktig den mengda kjærleik serien fortener.

Ung og dum, klar for eventyr.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit offer til Manatreet

I Visions of Mana møter vi ei verd der alt ikkje er heilt som det burde vere. For å unngå katastrofe og undergang må kvar landsby kvart fjerde år sende ein såkalla Alm som skal ofre sjela si til Manatreet. Det er ei stor ære, og folk ser ut til å fryde seg over å bli valde, men alle er ikkje like nøgde med ståa, og det er dette som skapar fundamentet heile spelet er bygd på. Kva skjer om nokon nektar å ofre seg?

Historiene har strengt tatt aldri vore Mana-seriens sterkaste side, men i Visions of Mana får vi ei tidvis svært god historie. Som mange andre japanske spel blir det nokre klisjear og stereotypar her og der, og det blir av og til litt mykje tyting, optimisime og naivitet, men om ein ser forbi dette vil ein finne ei historie som strengt tatt er bekmørk og byr på nokre uventa vendingar. Det er mange triste historier her, og eg tok meg sjølv i å stille spørsmål ved kva som skjedde, kva motivasjonane til folk var, og det er ikkje noko som skjer ofte.

Historia går ikkje beine vegen rett fram, men snur og vender på seg nok til at ein blir kjend og omsider glad i heile rollegalleriet, sjølv om eg i starten var noko skeptisk til enkelte delar av skodespelet, karakterdesignet og persontypar.

Ein draum for retrofans

Visions of Mana er eit leikent og lystig spel som først og fremst er laga for å vere moro å spele. Det er mange system, men ingen så komplekse at det vil krevje mykje av spelaren å setje seg inn i dei. Progresjonen er stødig og brysk og du kjem stadig til nye område der det ventar nye utfordringar og nye glimt av historia.

Blå ikon på minikartet viser at du er nær ein skatt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg har ikkje spelt eit spel med ei så kraftig 90-talskjensle sidan 90-talet. Dette spelet er laga av folk som forstår kvifor dei spela fungerte, og forstår kvifor mange ikkje likar den vegen spelutvikling går. Eg snakkar om spel som berre blir større og større utan å by på meiningsfullt innhald. Enorme område det tek år og dag å kome seg gjennom er her erstatta med dei mest blendande vakre område eg nokon gong har sett. Om noko tek tid her er det fordi du vil stoppe opp og sjå deg rundt, heile tida, for spelet er bygd opp for å få deg kjapt frå A til Å.

Ikkje berre går du fort, men du spring fort, og du kan hoppe ikkje berre ein eller to gongar, men tre om ein inkluderer at du kan bykse framover òg. Du hoppar og sprett gjennom landskapet, plukkar opp små skattar og sjekkar kartet etter blå ikon som viser at her er noko du kan plukke opp. Ein genistrek i seg sjølv. Du treng ikkje kaste bort tid på å leite etter skattekister eller ting å aktivere i Visions of Mana, kartet viser kvar alt du akkurat no er kapabel til å plukke opp er, og nye symbol låser seg opp etter kvart som du får nye triks i ermet.

Går alt dette likevel for sakte kan du hente fram nokre massive hundebeist som suser gjennom områda på rekordtid, eller du kan teleportere momentant så og seie dit du vil.

Spelet klarar å skape område som er store og fulle av ting å gjere utan å gjere det langdrygt. Det er levande og vakkert, fullt av ting å utforske, fiendar å knerte, og det heile minnar meg frykteleg sterkt om korleis spel var før i tida. Den gong då, då nokre timar i eit spel var nok til å få kjensla av at du hadde sett og gjort mykje.

Spelet byr på alt frå djupe skogar til opne sletter.
Øystein Furevik/Gamer.no

Hinsides vakkert

Visions of Mana er kanskje det aller penaste spelet eg nokon gong har sett. Nei, kvart enklet element er ikkje eit kunstsykke om ein inspiserer det på nært hald, men når ein ser heilskapen, vandrar rundt i landskapet og berre tar inn den enorme fantasien og kreativiteten til utviklarane, er det lett å bli mållaus. Eg har aldri knipsa så mange skjermbilete av eit spel, og det er litt synd at ingen heilt klarar å gjengi det eg ser på skjermen.

Dette eit spel som representerer stilen Mana-serien har køyrt heilt sidan starten på ein framifrå måte. Persongalleriet, trass eit og anna overdesigna kostyme glir lett inn side om side med gamle heltar.

Eg kan nesten ikkje førestille meg korleis det heile skulle kunne vere annleis. Frå korleis ein rabbite gapar når han angrip til korleis dei ulike fargane på lauvverk minnar om skogane i Secret of Mana er det utruleg mykje av det gamle som er gjenskapt her, i moderne form og på eksemplarisk vis. Alt du kjenner er her, alle dei gamle fiendane, alle dei gamle elementskapningane, og sjølvsagt dansande butikkeigarar.

Musikken er enda eit kunststykke, og den kjem blant anna frå originalkomponist Hiroki Kikuta. Spelet byr på ei nydeleg blanding mellom leikne, melodiøse og nynnbare melodiar som både no og då hentar inn harmoniar og kjende lydar frå gamle spel, men i ny drakt. Musikk av denne typen blir sjeldnare og sjeldnare. Det er absolutt mykje bra spelmusikk no om dagen, men fokuset på melodi og tema er ikkje like stort. Det handlar meir om atmosfære eller bombastisk symfoni.

Mange gamle kjenningar dukkar opp.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit spel på gamlemåten

Strukturen i spelet byr ikkje på store overraskingar. Du reiser mellom tettstadar der du får prate med folk, handla litt, og får neste bit av historia. Deretter reiser du på tokt gjennom neste område som tek deg til neste tettstad. Nivådesignet her er heilt suverent. Det er som om nokon har lurt på kva som skjer om vi tek alle dei beste elementa frå ei opa verd, komprimerer det ned til ein brøkdel av storleiken, slenger inn nokre plattformelement og kallar det ein dag.

Spelet byr på alt frå store område der du kan springe over sletter, bruer og mellom berg og knausar, til tronge grotter og gamle katakomber. Variasjonen er stor, men det er alltid fokus på at du skal ha noko å gjere. Enten møter du fiendar, eller så ser du eit lys i det fjerne som indikerer at her er noko du kan plukke opp. Eg blir kleptoman av dette spelet, og ta med meg alt. Løna er ikkje alltid så stor, men jakta i seg sjølv er verdt det.

Kampsystemet er ganske tradisjonelt, og vil ikkje by på dei aller største utfordringane, men det er heller ikkje meininga. Det slektar på gamle Mana-spel og styrer heldigvis milevis unna alt som minnar om Souls.

I spelet får vi møte ei rekke ulike personar, der fem av dei er spelbare. Av desse kan tre vere aktivt med i kampar, og du styrer ein medan dei andre styrer seg sjølv. Du kan når som helst bla mellom kven av dei som skal vere aktiv. Det som skil Visions of Mana litt frå andre spel er korleis våpen og karakterklassar fungerer. Kvar person har tre ulike våpentypar dei kan bruke, og dette betyr tre heilt ulike måtar å kjempe på. Hovudpersonen Val kan til dømes velje mellom å kjempe med eit einhandssverd, eit digert tohandssverd, eller skjold og lanse. Kva du vel kan få mykje å seie for kampopplevinga.

Viktig er òg kva element du vel å knyte deg til. Desse vil låse opp angrep, eigenskapar og passive bonusar. Du får etter kvart mykje å velje i, mange måtar å skru saman karakterar på, og eit mylder av måtar å passe på at du er klar for alt spelet byr på.

Kvart område er eit kunstverk.
Øystein Furevik/Gamer.no

Litt småpirk

Der spelet kjem til kort er ironisk nok på det visuelle. Sjølv om dette spelet er heilt nydeleg frå start til slutt er det ein vesentleg del som ikkje har fått den kjærleiken den fortener; animasjonen, og då meir spesifikt ansikta til folk. Dei framstår mest som porselensdokker, det er lite til ingen mimikk, og nokre gongar er det så ille at munnane er lukka medan dei ropar i ein dramatisk sekvens. Eg veit ikkje om budsjettet tok slutt eller kva som skjedde, men det er litt synd i eit spel der historia er ganske viktig.

Eit anna område som kunne vore litt meir gjennomtenkt er sideoppdraga. Det er uhorveleg mange av dei, men dei er ikkje veldig spanande. Du skal gå dit, drepe nokre monster her, eller finne ein gjenstand der. Det er fort gjort, og moro ei stund berre fordi verda i seg sjølv er moro å leike i, men kvar gong du går tilbake til ein stad får du ein ny handfull med oppdrag, og det er lett å bli litt metta.

Heldigvis er dei berre valfrie sideoppdrag, mange utfører seg sjølv medan du utforskar område, og det går heilt fint å ignorere dei om ein ikkje vil bruke tid på dei.

Konklusjon

Mana-serien har stått høgt i kurs hos meg heilt sidan eg spelte Secret of Mana ein gong tidleg på 90-talet. Diverre har serien vore det vi nesten kan kalle den stygge andungen til Square Enix. Dei har prøvd og prøvd, men aldri heilt klart å gjenskape magien frå 90-talet, før no.

Alle dei kjende fiendane er tilbake.
Øystein Furevik/Gamer.no

Visions of Mana er eit spel som får meg til å hugse kvifor eg elskar å spele spel. Det byr på ei underhaldande historie, men viktigast av alt ei heilt fantastisk verd eg elskar å springe rundt i. Dette spelet er uhyre engasjerande, og byr på ei verd og ei reise som er akkurat passe stor, utan å bli verken for mykje eller for lite.

Visions of Mana er nøyaktig det spelet eg håpa det skulle vere. Det er spelet eg har venta på i alt for mange år no. Eit spel som berre ynskjer å gi deg ei hyggeleg stund, ei minnerik oppleving, ei god pause frå kvardagen, og kanskje nokre smil om munnen.

Visions of Mana er ikkje berre ei flott oppleving og eit nydeleg spel, det er godt mogleg det beste spelet i Mana-serien.

Visions of Mana er ute på PlayStation 4, PlayStation 5, Windows og Xbox Series X/S.

9
/10
Visions of Mana
Kanskje det beste spelet i serien.

Siste fra forsiden