Spel Diablo III gratis

Blizzard byr på omfattande prøveversjon av storspelet.

Ved midnatt brakar det laus. Etter å ha vore under utvikling i nesten fire år er det omsider klart for å reise tilbake til den koselege byen Tristram, og møte gamle kjente. Under jordskorpa ventar derimot helvete sjølv.

Sjølv om det er mange som har venta i skjærselden i mange år på å få sleppe inn i helvete, finnes det unntak. For kvar rabiate fan finnest det ein som ikkje skjøner kva greia er. Dette er Blizzard naturlegvis fullt klare over, og gjev difor dei som skulle vere usikre på om demonslakt er noko for dei eit venleg dytt inn døra.

For med alle bokskopiar av spelet kjem det ein gjestekode som kan brukast til å låse opp Diablo III Starter Edition. Denne versjonen av spelet let deg spele gjennom Akt I fram til du møter skjelettkongen, og du kan klatre deg opp til erfaringsnivå 13. Samtidig får Starter Edition-spelarar berre lov til å spele med kvarandre. Auksjonshusa som let deg bruke ekte pengar blir heller ikkje tilgjengelege. Skal du verkeleg vere med på festen må du altså punge ut.

For å få tilgang på Starter Edition vil eit gjestepass vere påkrevd i 30 dagar etter lansering. Etter den tid vil alle som vil kunne laste ned spelet frå Battle.net, og låse opp den fulle versjonen om dei skulle sjå seg nøgde med kva Blizzard har skrudd saman.

Vi har sett nærare på spelet fleire gongar i løpet av dei siste åra. Sist ut var Marius Jentoftsen som gler seg stort til å få danse med demonar:

– Nok ein gong får vi berre rekne med at den kompetente gjengen i Blizzard veit kva dei driv med. Betaversjonen er morosam å spele, og det er mange år sidan eg såg spel i denne sjangeren som gir meg like mykje glede av å spele som dei uferdige versjonane av Diablo III. No får vi berre håpe at den sabla kometen treff kjerka til Deckard Cain snart, slik at eventyret kan byrje – eg byrjar å bli rastlaus.

Diablo III blir tilgjengeleg for PC og Mac frå og med midnatt 15. mai.

Les også: Tilbakeblikk: Diablo III Les også: Diablo III føles best med håndkontrollere

Ledige stillinger

Kommentarer (35)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Sirslask
13 år siden

Nå har vel dette vært standar hos Blizzard siden WoW kom ut

johanf
13 år siden

Inneholdet for prøveversjonen er det samme som i betaen.

Slaps
13 år siden

Inneholdet for prøveversjonen er det samme som i betaen.

 

Stemmer, rart nivået er helt til 13? Jeg mener jeg drepte han i lvl 8

Grøgger
13 år siden

En dag til. Tisser litt på meg nå jeg.

Reacto
13 år siden
Inneholdet for prøveversjonen er det samme som i betaen.
Stemmer, rart nivået er helt til 13? Jeg mener jeg drepte han i lvl 8

 

Du kan fortsatt spille etter du har drept han (town portal ut), men du kan ikke levle forbi lvl 13.

Siste fra forsiden