Det finnest mange slåssespel, og utvalet til Xbox 360 og Playstation 3 er allerede temmeleg godt. Dead or Alive-serien fekk tidleg ein ny versjon til Xbox 360, og i fjor kom Virtua Fighter 5 til både Playstation 3 og Xbox 360. Det nyaste spelet frå det som nok kan kallast eliteligaen av slåssespelseriar, er Soulcalibur IV. Soulcalibur-serien har alltid skilt seg litt frå konkurrentane sidan alle krigarane brukar våpen. I staden for knyttnevar og spark i eit skyhøgt tempo, går det i sverd, spyd og liknande.
Trailer fra Soulcalibur IV
Vis størreTrailer: Soulcalibur IV #3
- spill
- xbox 360
- playstation 3
- slåssing
- soul calibur
- soulcalibur
Dette får sjølvsagt sine konsekvensar. Ein av dei er at tempoet er hakket lågare enn til dømes i Virtua Fighter-serien, og saman med den fantasy-inspirerte settinga, er kanskje Soulcalibur IV litt meir tilgjengeleg for folk som til vanleg ikkje spelar slike spel.
Det betyr på ingen måte at spelet er lettare. Det gjer det berre lettare å få taket på, og meistring kjem raskare. Forskjellege angrep er generelt sett lette å hugse, men utfordringa ligg i å hugse alle desse, og samtidig reagere på situasjonar som oppstår. Brukar du dei rette angrepa til rett tid, kan du lett snu kampen i din favør. Eit lite feiltrinn og det heile er snudd på hovudet igjen.
Angrep og forsvar
Angrep er kanskje det beste forsvar, men om du trur konstante angrep vil snu kampen, vil du ikkje nå langt. Forsvar er like viktig som angrep i Soulcalibur IV, og det er fleire ting som demonstrerer dette. Først og fremst har vi «Impact». Dette er ikkje stor kunst, men blokkering på riktig tidspunkt vil sende motstandaren i bakken. Du kan praktisk talt kalle det å spenne fot på motstandaren. Får du til dette, har du ein gyllen sjansen til å fullstendig høvle over fienden din, men det gjeld å vere kjapp.
Å berre halde inne forsvarsknappen held sjølvsagt ikkje. Du må forsvare i riktig retning. Høge eller låge angrep er to veldig forskjellege ting, og følgjeleg må du forsvare etter korleis du blir angripen. Dette er ein av dei delane der konstant trening med forskjellege karakterar vil gi deg ein fordel. Kjenner du alle karakterane godt, vil du sjå om eit angrep er høgt eller lågt før det landar, og du kan blokkere riktig. Sit du ikkje inne med slik kunnskap kan du raskt bli lurt trill rundt. Spesielt er den lettare motbydelege akrobaten Voldo eit eksempel på dette, der han med ryggen mot deg hoppar opp i lufta og slår deg ved å sende klørne mellom sine eigne bein.
Ein konsekvens av for mykje blokkering er «Critical Finish». Om du blokkerer for mange gangar, vil motstandaren din kunne utføre eit avslutningsangrep som endar kampen umiddelbart. Dette angrepet er vanskeleg å utføre, og skal timast perfekt, så sjansen for at dette skjer er minimal. Andre teikn på at du ikkje har fått inn mange slag gjennom ein kamp, er at kleda dine sakte men sikkert blir øydelagt, heilt til du står igjen i trusa.
Mykje å velge i
Soulcalibur IV inneheld fleire gode modusar. Sjølv om utvalet ikkje er ekstremt, er det godt og polert slik at du får akkurat det du vil ha. Du kan spele gjennom historia til kvar karakter, om desse korte «eventyra» kan kallast det. Du kan kjempe for poeng i «Arcade», eller du kan klatre opp eller ned i Tower of Lost Souls. Sistnemnde er eit tårn med enormt mange etasjar der du gradvis møter kraftigare fiendar etter kvart som du går opp eller ned.
Det einaste eg eigentleg saknar frå einspelar-modusane, er ein skikkeleg treningsmodus. Du kan trene med kvar krigar, men dette sender deg berre til ein kamp der du sjølv stiller inn kva motstandaren skal gjere, om han skal gjere noko. Her kan du hente fram ei liste over alle angrep for å øve dei inn. Denne lista er tilgjengeleg elles i spelet òg, men du får ikkje så mykje tid til å øve då.
Nyleg viste Dragon Ball Z: Burst Limit at det faktisk går å inkludere ein lettfatteleg treningsmodus i eit slåssespel. Om utviklarane av store spel som Soulcalibur IV hadde tenkt over å gjere noko liknande, ville nok det ha opna portane for alle dei spelarane der ute som berre ikkje forstår denne sjangeren.
Kampen som aldri sluttar
Alt handlar om å vere forberedt når du møter ein motstandar. Og er det ein ting som går igjen når ein endeleg skal ta steget ut av isolasjonen, og invitere folk på besøk, er det at nokon alltid vil slå deg. Det er alltid nokon som kan angrepa betre, eller så er det snudd på hovudet og ingen vil spele mot deg fordi dei ikkje kan noko. Soulcalibur IV er definitivt på sitt beste når du spelar mot nokon som er på ditt nivå. Er du klart dårlegare blir du fort lei, er du den definitivt beste, blir alle raskt lei, og slik blir det raskt ein litt negativ spiral.
For å løyse dette kan du alltids logge deg på nett for å spele mot andre. Dette er ein god tanke, og det fungerer når du endeleg kjem deg inn i ein kamp, men akkurat dette er ikkje så lett. Først skal du kome deg inn i ein kamp, og her søker spelet opp ledige spelarar, og koplar seg til berre for å sekundar seinare fortelje deg at spelet er fullt. Det slår ikkje feil, og ditt beste alternativ er å setje opp ein kamp sjølv for å vente på at nokon finn deg.
Spelet inneheld i tillegg eit rangeringssystem der Soulcalibur gjer sitt beste for å setje deg saman med spelarar på ditt nivå. Dette fungerer ganske greitt, men er litt frustrerande i byrjinga, sidan du er garantert å møte ein person som spelar med Kilik i kvar bidige kamp. Kilik brukar spyd, har svært god rekkevidde, og er populær blant dei som ikkje gidd setje seg inn i korleis spelet eigentleg fungerer. Det kan vere lurt å lære seg å verkeleg forstå korleis blokkering fungerer i spelet før du går på nett. Då vil Kilik-brukarane få seg eit lite sjokk, og du får nok nokre frustrerte skjellsord sendt din veg.